Fraa Skulesoga.

(Ved Matias Skard.)

(Framhald.)

(Del 2 av 7 1884. Fyrste delen.)


Ut gjenom det 16de og 17de Aarhundradet held dette ved um det enn minkar av, ja enndaa gjenom det 18de Aarhundradet bergar sumt av det Livet og gjeng i Arv til det 19de.

I det heile vilde ein fara storlege vill, um ein trudde, at Skularne ved Yvergonga til vaart Aarhundrad var so gode i Røyndi som i Skulelovom og Reglom. Det er langt ifraa. Me hava set at einskilde Menner som Rokov hadde Kjærleike nog til aa skapa gode Skular. Men heile Mengdi av Skular var skapte og borne utan den Kjærleike, som maa til, naar Skulen i Sanning skal verta god . Difyre klagar ogso Resewitz yver, at der er so faa gode Skular: Der finst berre ein Rokov som med varm og varig Iver heve teket seg av det aa upplysa denne store Deilen av Mannaætti. . . . Er ein Landsskule komen i godt i Lag. . . so er det mest stødt ein hugheil og forstandig Prest elder velsinnad Landherre, som heve gjort det. Folket, baade dei høgare og laagare, hadde ikkje Hjarta fyre Saki enno. Storfolket _ fortel Rokov _ var ikkje visse um, elder leests vera uvisse, um det var gagnlegt at Smaafolk vart upplyste. Dei var rædde fyre, at daa vilde det ganga illa med Autoriteten og Lydnaden. Og Bønderne hadde Mistanke mot dette nye. At Gjenteborni skulde læra aa skriva _ det volde svare Uppstyr i mest alle Bygder: det vilde berre føra til, at dei skreiv Kjærleiksbrev o.s.v. og so vilde dei vel ikkje verta Mannen so undergivne meir. Og so hadde Mistanken ein god Stydnad i det, at dette nye kostade Pengar.

Radt upp i andre Helvti av det fyrre Aarhundradet var der ikkje nokot Tilsyn med, at ein skulde hava gjort seg lagleg til det, fyrr ein vart Skulelærar. Presten kunde vel prøva honom; men naar so Læraremnet under det hadde synt, at han ingenting kunde(og dei djupareliggjande Krav er det ikkje verdt aa nemna), so vart han godkjend, med det han lovade heretter aa leggja seg etter dei naudturvelege Kunskapar. Soleides var det daa vel oftast Handverkarar(Skreddarar, Skomakarar, Vevarar o.s.v.) som vart Lærarar. Og so dreiv dei Skulen som ei Sidegjerning. Det var ikkje vandt aa sjaa Læraren sat med Naali, ved Lesten elder i Vevgreidet og lærde Bornom aa lesa. Naar no Skulestova var eit litet, laagt, trongt Rom, som soleides var Verkstad og tillika kannhenda Bustad baade fyre Folk, Hønor o.s.v. kunde vel Saki paa mange Maatar hava sine Vandar. Eg skal her setja Bilætet av ein Skule fraa Tidi ved 1800 og sender dei Ord fyre at der var tusund By- og Landsskular, som nøgje svara til det.

Læraren hadde voret Skreddar og freistat mangt, men vart so _ Himlen veit korleides det bar til _ Skulelærar fyre Maten Skuld utan aa hava utdanat seg til det. Naar han kom paa Skulen, tok han Hasselkjeppen, knepte Henderne um honom og stelde seg med den som Herskarstav og Huva under Armen, framfyre Bordet sitt. Dette var Teiknet til Morgonbøni, som skulde lyfta Barnesinnet og samla deim i religiøs Stilla. Og kvat var so Morgonbøni? Tie elder tolv Born ramsade, det eineetter det andre, i eit Andedrag og utan all Ettertanke nokre ovgamle Bøneremsor, som dei sjølve, og eg trur Læraren med, ikkje skynade, nokre Bibelord, som ikkje høvde til og endelege alle saman eit Litani. Etterpaa sangrade dei fram eit Par Vers utor ei Salmebok, som var endetil sanselaus til Bruk fyre Born; av det sprang so tillika ein Øyredask fyre eit Par Gutar, som ikkje song hardt og gnellande nog. Med denne Morgonbøn, som daa ikkje aatte ei vitug Meining, gjekk no alt strakst den fyrste halve Timen burt. So byrjade Undervisningi. Fyrst ropade han fram Leseborni, som dei heitte. Den eine etter den andre kleiv yver Bord og Benkjer fram til Skulemeisterbordet _ dei skulde lesa upp som det heitte. Ein etter ein las sitt Lage (leksa), det var den Gongen utur Daniels Bok, den eine survande, den andre hakkande, den tredje reint galet; og naar han var ferdig, kleiv han attende paa Plassen sin, so den andre kunde faa Rom ved Bordet. Dette Arbeide tok umkring ¾ Time, der kom 2 ¼ Minut paa kvart av dei 20 Leseborn. Avden ¾ Time hadde soleides kvart Barn 42 ¾Minut berre til aa l a t a seg. Det er lett aa skyna, at under denne Framsegjingi var det ikkje so reint stillt millom alle desse arbeids- lause Bornom, og at Læraren av og til kravde Ro med eit Slag i Brodet, og stundom foor inn imillom deim med Kjeppen. Daa alle Leseborni var ferdige, vart Stave-Borni ropade fram. Dei hadde daa vel setet med Katekisma i Hand, men utan aa arbeida det minste. Med desse gjekk det no just som med dei fyrre. Den eine etter den andre stavade nokre Rader utor Katekisma (det var just Stykket um Nykel-Embætet). Dette varade ein god halv Time. . . . No kom Radi til Bokstav-Borni, som med sine ynkelege ABC-bøker maatte segja upp ein Gong framlenges og ein Gong baklenges; og det gjekk no ikkje av utan Vondord og Straff helder. Dette og varade ein halv Time paa Lag, og av det kom der umkring 3 Minut paa kvart Barn. Under det gjekk soleides 27 Minut til Spilla. Medan Stave- og Bogstavborni var framme, sat Leseborni ved Skrivebordet yvergivne til seg sjølve. Nokre skreiv dei Rader i Skrivebøkerna, som det var uppskrivet aat, og 5 _6 reknade eit Stykke utor ei gamal skrivi Reknebok aat Læraren, anten dei so hadde løyst Uppgava elder ei. Naar so alle Borni var yverhøyrde ein fyre ein, vart der uppropat til Katekisma; med det skulde Religionsundervisningi byrja. Bokstav- og Staveborni kunde ikkje vera med i det; dei maatte sitja stille og audmjukt halda Bøkerna sine i Hand. Leseborni lagde Pennen burt og steig fram med sine Katekismor. Kvar ein hadde Leksa fyre seg sjølv. Den maatte han daa hava lært utanboks heime; og Læraren hadde ikkje meir med det aa gjera enn aa lata deim segja fram det, dei hadde lært utanaat. Det var heile Religionsundervisningi. Den som ikkje kunde Leksa si, fekk Juling og maatte, naar Skulen sluttade, sitja att og lesa yver. Med denne Katekismeyverhøyringi gjekk der paa nytt mest ein halv Time. I den sidste ¼ Timen kom Skriveborni med Skrivebøkerne sine, og Læraren skreiv so fort som mogelegt ei ny Lina aat kvar til Etterskriving um Ettermiddagen. Med det hadde so Skuleundervisningi voret til Endes, naar ikkje Læraren hadde teket ¼ Time attpaa ventelegvis til Æra fyre framande Gjester. Han syntest vilja gjera sitt Meisterstykke og aa stella upp Borni til Mynstring. Alle Borni maatte reisa seg, kneppa Henderna og slaa Augo ned. Sjølv knepte han Henderna ogso og spurde Borni ut i den høgare Kunskap. Kor mange Gudar er det? Kor mange Personar i Guddomen? Kven heve skapt oss? Kven heve utløyst oss? Kven heve helgat oss? Kvat sjaa me paa Himmelen? Kvat sjaa me paa Jordi? Kvat heita dei tri Natur-Rike? Skulo me vera trottige til aa beda? Korleides lyd Herrens Bøn? Kor mange Sakramente er der? Det var dei Hovudspursmaal, han gav. Som med ein Munn ramsade alle Borni upp i ein Gong dei Svar, som var puggade inn i deim. Og so var Avslutningi det aa lesa upp Ein Gong Ein o.s.v.

Lenger var me i det store ikkje komne med Folkeskulen enndaa.
 
(Meir.)