Mliss.

(Av Bret-Harte.)
 
(Del 1 av 9.) 

I.


Like ved der Sierra Nevada¹) tek til aa leggja seg i finare Bylgjor, og Elvarne vert mindre rivande og gule, i Lidi under eit stort raudt Fjell, ligg Smiths Lumma. Naar ein ser det fraa den raude Vegen ved Solarglad, i det raude Ljoset og den raude Dumba, tek dei kvite Husi seg ut som Kvithamrar upp etter Lidi. Den raude Vogni med Ferdamenn i raude Skjurtur kverv burt fyr Augo ei halv tjug Gonger paa den krokutte Nedvegen, kjem so stikkande framatt der ein minnst skulde venta det, til ho reint kjem vekk ei hundrad Alner fraa Byen. Det kjem seg vel av denne Tversvingen paa Vegen, at det vanleg er med ei sers Kjensla ein framande vert ventat i Smiths Lumma. Naar han stig utor Vogni attved Posthuset, kann den altfor godtrugne Langferding raaka til aa gaa beint utanum Byen, under den Fyresvivnad at han ligg paa ei reint onnor Leid. Det vert fyrtalt at ein Bergmann, ein Fjordung fraa Byen, møtte ein av desse sjølvise Ferdamenn med ei Reiseveska, Regnhatt, Harperr Magasin, og andre Vitnemaal um Kultur og Finskap, som kom staukande same Vegen tilbake som han hadde kjøyrt, faafengt freistande aa finna Nybygdi Smiths Lumma.


Men ein gløgg Ferdamann kunne daa finna Vederlag fyr si Møda med aa skoda den ville Grendi: Dei djupe Gjelgarne etter Liderne, med Umskumplingar av den raude Fjellgrunnen, slik som det hadde skotet upp av det Røre som var fyrr Menneskja kom til, medan halv-vegs nede ei lang Vassrenna med sin tunne Kropp og ulenkelege Bein skrevar tvertyver Dalen, som eit ettergløymt, uhorvelegt, steingjenget Forndyr. Fyr kvert Steg gjeng det Veitor under Vegen, gjøymande i sit myrke Djup ufyslege Straumar, som smøygja seg av til eit løynlegt Samlag med den store gule Elvi lenger nede; og so stykkje-millom Tufterne etter ei Hytta, der berre Skorsteinen stend att urøyrd, og Gruva opi fyr Vind og Veir.

Nybygdi Smiths Lumma hadde sit Uphav fraa ei Lumma, som vart funni der det no ligg, av ein verkeleg Smith. Fem tusund Daler vart teket utor henne paa ein halv Time av denne Smith. Tri tusund vart upbrukt av Smith og andre til aa reisa ei Vassrenna og mina i Fjellet. Og daa viste det seg, at Smiths Lumma var berre ei Lumma, og stod Faare fyr aa verta tom som andre Lummur. Endaa Smith borad inn i Innvolen av det store raude Fjellet, var desse fem tusund Daler baade fyrste og siste Løni fyr hass Stræv, og Vassrenna fløymde trutt og stendigt med seg Resten av Smiths Rikdom. So slo han seg paa Steinskjoting, so paa Steinmæling, so paa Grøftegraving, og derifraa var Steget lett gjort til Brennevinshandel. Snart vart det kviskrat, at Smith drakk, ikkje so litet; so vart det aalkjennt, at Smith var ein stendig Drikkar, og so tok Folk til aa tenkja, som det er deira Vis, at han aldri hadde voret annarleids. Men Smiths Lumma, som flestalle Landfinningar, var til all Lukka ikkje bundet til Fyregangsmannens Skjepna, og andre Sellskap lagde Minur og fann Lummur. So vart Smiths Lumma ei Nybygd med sine tvau Modemagasin, tvau Hotell, og sine tvo fine Familjer. Ender og daa vart den lange vidsveimde Gata sett i Age av ein ny Mode fraa San Francisko, innførd med Fljugarposten, einaste fyr dei finaste Husi, men berre med den Fylgd, at Naturi her paa den lurvutte Kanten av si skrukkutte Utsida kom til aa sjaa endaa meir ulikleg ut, og at det vart til Skamauke aat Stordeildi av Folket, som um Sundagen ikkje saag seg Raad til gildare Pynt hell ei rein Skjorta. So fekk Byen si Methodistkyrkja, og beint attmed den eit Juglehus, og uppi Lidi burtanfyre ein Kyrkjegard; og so eit litet Skulehus.

Skulemeistaren, som var det Namnet han var kjend ved av sin vesle Flokk, sat ein Kveld aaleine i Skulehuset med nokre opne Skrivebøker fyre seg paa Bordet, medan han vyrdnadsfullt teiknad upp desse djerve og hollige Bokstavarne som skall semja i seg det høgste baade av Skrivekunst og Dygd, og var komen so langt som til: Rikdom er vaalynd, og sat og krotad ut fyrste Ordet med nokre falske Krullar, som høvde so vel til Teksti, daa han høyrde ei sagte Kakking paa Dyrri. Trespettorne hadde voret onnuge kringum Taket um Dagen, so han let seg ikkje forstøra i sit Arbeid av Ljodet. Men daa Dyrri vart opnat, og Kakkingi heldt ved innanfraa, laut han sjaa upp. Det var kje fritt han kvapp, daa han saag fyre seg ei ung Gjenta, svart og lurvutt klædd. Endaa hennar store svarte Augo, hennar grove, ukjembde, glanslause Haar, som hekk nedyver det solbrende Andlitet, hennar raude Armar, og Føter raudstrimutt av Aur, _ allt var honom velkjennt. Det var Melissa Smith, _ Smiths moderlause Barn.

Kvat tru ho vill her? tenkte Skulemeistaren. Alle kjende Mliss, som ho var kallad, etter heile Lengdi og Høgdi av Red Mountain¹). Alle kjende henne som ei Gjenta det ingjor Raad var med. Hennar ville ustyrlege Natur, hennar galne Paafund og agelause Huglynde var paa sin Vis likeso vedstevlege som Soga um hennar Faers Veilor, og vart av Byfolket teket med same Ro. Ho kjeklad og slost med Skulegutarne med kvassare Spitord og fullt so sterk Arm. Ho vakkte Ferdi so gløggt som nokon Veidemann, og Skulemeistaren hadde møtt henne fyrr, mange Mil derifraa, berrføtt og berrhovdad paa Fjellvegen. Bergmannslægrerne burtetter Elvi heldt henne Levemaaten paa desse Utferder med godviljuge Olmosor. Ikkje fyr det ein rikare Naade hadde timast henne Mliss og ein Gong fyrr. Den verdige Josva MeSnagley, utnemnd Prest, hadde fenget henne Tenesta paa Hotellet, til aa læra Daning var Meiningi, og hadde teket henne med paa sin Sundagsskule. Men ho hivde stundom Talikerne etter Værten, og svarde Gjesterne snarpt paa deira billege Skjemtord; og i Sundagsskulen vekte ho eit Uppstyr so uhøvlegt med den rett-truande Logn som raadde der, at den verdige Mannen, med sømeleg Vyrdnad fyr dei tvau bleikleitte Borni av dei finaste Husi med dei finstrokne Kjolarne og dei flekklause Sederne, til Skjemsla og Vanæra laut støyta henne ut. Slik var Fortidi, og slik var Huglyndet hennar Mliss, der ho stod framfyrr Skulemeistaren. Det synte seg i hennar fillutte Klædnad, det ukjembde Haar, og hennar blodsprengde Føter, og kravde hans Medynk. Det gneistad fram or hennar svarte frygtlause Augo, og kravde hans Vyrdnad.
 
( Meir.)
 
¹) Fjell i Kalifornia.