Tidender.

 
Kristiania, den 12te Januar.
Riksretten tok til att den 10de Januar etter Fritidi, som dei hadde teket seg i Joli, Havig var Præsident, men Lange er ogso no i so god Betring, at det er Von han snart kann taka i att. Bergh gjorde fraa seg fyre Jol med Forsvaret av Statsraadsaki, so er det tvo andre Karar, som no skal taka kvar si Sak, Heffermehl Folkevæpningsaki og Heyerdal Sunddelingi av Stortingsavgjerdi um Jarnvegsstyringi. Den fyrste av dei er det meint skal inkje halda paa meir enn snaudt tri Møte, so at den andre kann taka til utpaa Laurdagen nokot og verta ferdug Maandagen. Um so er, kann Aktoratet byrja Svaret sitt Tysdagen og verta ferdug(paa 10 Møte) Fredagen den 25de, og Defensorarne taka til med Svaret sitt alt den 26de. Dei vil hasta, ser det ut til, kvat no Grunnen til det kann vera.

Heffermehl var daa den som tok i um Torsdagen med Folkevæpningsaki, og der kom han med mange undarlege Ting. I 1879, sagde han, kom det upp Strid i Centralforeiningi, som til daa hadde haldet seg reint utanfor Politikken. Or denne Striden rann Folkevæpningsamlagi upp. Den politiske Tanken med desse kom væl fram alt daa, men stillt og løynt, men sidan vart det meir og meir openberleg sagt, so det no er audkjennt; det kom ogso tydeleg nokk fram i Ordskiftet paa Stortinget i 1882, men av dei 70, som røystad for dei, var det vistnok ein stor Del, som inkje skynad, kvat dei gjorde. _ Det maatte vera klaart for alle, at det høvde inkje med god Skikk aa lata politiske Parti dana væpna Korps for aa halda uppe sine Meiningar. Naar Vinstre gjorde slikt, maatte ogso Høgre hava Løyve til det. Men det kunde inkje tillatast nokon einskild Borgar aa setja seg upp mot Raadsmagti, fordi han fann, at ho handlad illa, slikt var nokot, som gjekk inn under Kriminalloven. Det var heilt igjenom ein revolutionær Tanke. Dette fylgde beintfram av Grunnlovens § 25, som viste at det jamvæl var ei Plikt for Staten aa avvæpna slike Flokkar. _ I andre Land, soleids i England, kunde det væl tillatast slike friviljuge Samlag, som kunde nyttast i Tilfelde av Krig og væl aa merka motUpprørarar men inkje med dei soleids som Folkevæpningsamlagi her. _ Hellest var det ogso altfor flust etter vaare Høve aa lata til Pengar for aa gjeva private Folk Riflur, fyrr sjølve Heren hadde fenget Nøgdi. _ Regjeringi hadde soleids fullgod Rett til aa negta for Skuld sjølve Saki, og inkje minder Rett hadde ho til det etter Lovarne. For naar Stortinget gjev Pengar, so er det berre som ei Tillating til Regjeringi, um ho sjølv vil, for det var greidt, at det var ho, som hadde aa avgjera, um ei slik Pengegjeving utan Faare kunde brukast i militære Fyremaal. Kor som var, kunde daa ingen lasta Regjeringi, for den Meiningi ho hadde havt um denne Saki.
 

Bondestudentarne vert no utskjellt verre enn Hundar. Like sidan Garborg gav ut Boki si um dei, heve det i Fedrah. voret det eine Stykkje fælare enn det andre; men daa eg no i det siste Nummer las Ein Snartur i Telemorki, daa kom eg so livande ihug Æsops Fabel um den gamle Løva, som gamal og sjuk laag og vilde døy, og daa dei andre Dyri saag det, gjekk dei stad og sparka til henne, fyrst eit Vildsvin, so ein Ukse og sistpaa eit Æsel; men daa Æselet kom, sagde den døyande Løva: At eg maa tola deg, du Naturens Skjemsel, gjerer meg so vondt, som umeg døyr tvo Gonger. Det er mykje Likleike. Fyrst var Garborg den modige, som gav dei det fyrste Sparket; men det var no for ein stor Deil fortent, so kom dei andre Rovediltarar med Uheil Daning og kva det heitte no altsaman. Det berre murrad me til; men naar det so kjem ein og samanliknar oss med Hundar, daa er det so fælt freistande for oss aa samanlikna honom med eit Æsel. Og til deg gode Fedrah. vil eg segja, at tillet du lenge, at eit slikt Dyr sparkar og beljar i Kjellaren din, so kann me snart skræmast or Hust. Det Barn, som altid vert skjellt paa, veit du, vert utskjemt.

Fleire Ord vil eg ikkje ofra paa denne Saki, for eg tenkjer du sjølv skjynar, kor litet Æselspark gagnar.


Ein Bondestudent.


Um Pening-Tilstandet vaart i 1883.


Av Trelast vart det ført ut or Landet 917,552 Reg. Tons i 1883 dei fyrste 11Maanar(I 1882 var det 896,238 R. T. og i 1881 828,797 R. T.). Inkjefullt Halvdelen av dette var skoret hell hyvlat. Pitprops var det 137,086 R. T. av. Yver Halvdelen av all Trelasten hev gjenget til Bretland, dinæst kjem Frankrike, Holland, Tyskland, Belgien, Danmark, Australia. _ Fraa Fredriksstad er det ført ut mest (154,495 R. T.), deretter kjem Drammen, Kristiania, Fredrikshald, Porsgrund, Larvik, Arendal, Kristiansand, Skien, Risøyr, Trondheim, Moss, Sarpsborg. _ Dei hev tekjet til mykje meir aa skipa ut hyvlat Last no paa dei siste Aar, det gjeng det dubbelte av denne mot i 1875. Utføringi av Pitprops hev ogso aukat mykjet. _Det vart utført meir ifjor enn Fyrre-Aaret, men Prisarne var mindre ifjor, so det snaut vart nokon Meirmun i Innkomur. Det er inkje mange Forretningsgreiner, der Prisarne hev gjenget so mykjet ned sidan 1873/74 som dei hev gjort for Trelasten, dei fær inkje stort meir enn det halve no mot daa; og det ser inkje fælt ljost ut for dette Aaret, som kjem hell.

Med Tremjølet (Træmasse) hev det gjenget fort fram, det er inkje mange Aar, sidan dei byrjad med dette, i 1875 vart det skipat ut for Kr. 683,000 og i 1881 var det aukat til Kr. 4,280,000. Men det hev væl gjenget væl fort fram ogso der, so at alt i 1882 tok Prisarne til aa minka ned til 3 Femtedelar av det som var Aaret fyrr.

Lofotfiskjet var kleint ifjor, det hev inkjevoret so kleint paa 19 Aar. Det var litet av Fisken, og mager var den, som var. 23 _28 Mill. plagar det vanlege Talet paa Skreid aa vera der, ifjor var det berre 16 Mill.

Vaarsildfiskjet ved Hordaland og Rogaland, som var so gildt ei Tid, tek til aa koma seg so smaatt igjen, men det var snaudt verdt meir enn ein ½ Mill. Kr.

Feitskildfiskjet i Nordland og Trums gjekk fint, dei tok upp umlag 1/ 3 Mill. Tunnur.

Bergverksdrifti hev gjenget umlag som fyrr. Paa Bømmeløyi hev dei funnet Gull. Skjerpesjuken hellest hev inkje gjevet nokot større av seg enndaa.

Sylvgruva paa Kongsberg hev gjevet nokot meir av seg ifjor enn i 1882.

Koparverk hev voret i Gang paa Røyros, Vigsnes og Aamdal (Telemork).Det er ført ut 3,619,230 Kilogram Koparmalm, det hev minkat jamt me den Utførsla sidan 1880, daa det vart ført ut væl 5 Mill. Kilogr.

Nikkelverk hev voret drevne i Evje, Bamble og Vesteraalen, men Utførsla som gjekk upp til Aar 1882, (1,643,202 Kilogr.) sokk ned att til 800,713 ifjor, og Prisarne vert berre laage.

Apatitgruva i Bamble, som fyrre Aaret hadde 900 Mann, hadde ifjor berre 100 umlag.

Jarnvegjen millom Vors og Bergen vart ferdug ifjor. I alt er det ferdugt 1660 Kilom. Jarnveg. No held dei paa med aa byggja Bane millom Ofoten og Luleå. _ Innkomurne hev stiget jamt. _ Kr. 3,304,000 i 1879 _80 og det siste Driftaaret var det Kr. 6,692,900. Utgifterne hev stiget fraa Kr. 3,510,000 til Kr. 4,739,800 i dei 3 siste Aar. Kapitalen, som er nedlagt i Jarnvegsbyggjing er Kr. 113,900,000, som Yverskotet ved Drifti gjev Rentur av til inkje fulle 2 for 100.

Ølbryggjingi hev voret paa Lag som fyrr. Brennvinsbrenningi hev aukat, so det no vert ført ut av Landet ein god Del meir Brennvin og Spiritus, enn det vert ført inn. _ Drykkjen hev minkat i Landet, for 6 Aar sidan vart det drukketupp 22 Liter Øl for Mann og ifjor berre 16 L. For 7 _8 Aar sidan vart det dukket upp 6 ½ Liter Brennvin for Mann og ifjor berre 3,9 L.

Statstelegraffen hev inkje gjenget fullt so godt som ifjor.

Tollinnkomurnehev stiget jamt, i 1879 var det Kr. 14,956,000, og ifjor Kr. 18,235,000.

I det heile ser det ut som, at Peningstellet vaart hev betrat seg nokot i det siste Aaret, enndaa det hev høvt ille til paa ymse Leider. Det maa daa helst koma av, at Folk hev lært aa spara nokot betre, og at det hev vortet meir Tiltak paa heimlegt Arbeid, som ogso Industri- og Kunstutstellingi i Sumar vitnad um.

(Etter Dagbladet).


Teikn imot Teikn.

Alt vert granskat no, som hender paa Himel og Jord og uttydt som Teikn um Politikken. Soleids hev det i lange Tider voret jamleg Kveldsraude, som Vitenskapsmenn trur kjem seg av fine Isnaaler i Lufti, men som Høgreprestar hev tydt som Himlens Trugslur mot Vinstre. Og tyder dei Himelen, so maa daa me faa tyda Jordi i det mindste. For med Riksretten held paa og Anarkiet raser, plukkar dei friske Blomar her og der paa Midvinters Tid. Hell kanskje dei trur, at det er under Statskupsmennernes heite Raadleggingar, at Jordi skyt Blomar. Aa nei under Statskupmanns Fot gror nokk ingen Blom, men der som Rettferds Aande blæs. Naar alt skal tydast, so maa me tyda det som Fyrebod um Sol og Sumar etter Riksrettens reinskande Aprilveer.

n.


Romsdals Amts Vinstreforeining lagad seg den 4de Januar. 71 Sendemenn møtte fram. Til Styre vart valt: Christophersen (Fyrimann), Baartvedt (Næstfyrimann), Erling Moen, Brodtkorb, Bjørset, Baade, Liabø, Schneider, Johnsen.


Biskop Darre, som døyde for 10 Aar sidan i Spania, er no fyrst vorten gravlagd, i Trondheim.


Kongen skal nokk koma til Kristiania for aa opna Stortinget sjølv, segjest det no att.


Kvat vil Kongen gjera? spør Høgrebladi. Naar tru skal desse Bladi læra Folkeskikk? Dei som sjølv rosar seg for aa vera Maalsmenn for Daning og Intelligens i Landet, dei kann aldri lata vera aa fornærme Kongen. Dei som kallar det Majestætsbrot, um eit Vinstrebald fortel ei Sanning, dei slengjer sjølve ut dei hardaste og styggaste Skuldingar imot Kongen og gjeng fri. _ Kvat Kongen vil gjera etter Riksrettsdomen? Skulde daa nokot skikkelegt Menneskje tenkja, at han vilde gjera nokot annat enn si Pligt. For kvat hev væl ein god konstitutionel Konge annat aa gjera? For det han gjer utanum si Pligt, det gjer han inkje som Konge som Embættsmann, men paa same Maate og under same Vilkor som eit annat Menneskje. Naar ein altso segjer, at Kongen kann koma til aa hava ein Vilje, som han kan freista aa gjenomføra, utanum, jamnsides det som er gjeldande etter Landsens Skikk, etter Lov og Dom, so set dei honom plent i Breidd med kvar ein annan Borgar, som vil setja seg og sitt eiget fram, og trassa all Rett, og ein slik ein kallar me ein Brotsmann og ein Upprørar. Og her skulde Kongen tenkjast aa setja fram ein Vilje einskild. Sanneleg inkje nokon Vinstremann kunde segja slikt. Og det er inkje Fornærming mot Kongen personleg berre, men ogso mot Regjeringi, dei som er dei einaste, som kann bera Andsvaret for det som vert gjort gjenom Kongen. Hev dei so daarleg Tru um Regjeringi, trur dei, at dei skal vera slike Dottar, som inkje visste meir um sine Pligter og sin eigen Vyrdnad, enn at dei skulde sleppa ein einstaka Mann, um han og var Konge, til aa gjera noko serskilt, paa eiget Andsvar. Sanneleg er slikt verre Klagemaal mot ei Regjering, dette som Høgre segjer med sine ville Ord, enn det, som Odelstinget hev klagat dei for. Daa maa ein segja, at dei er lite saara paa Æra og Vyrdnaden sin, dersom dei læt slike Ord gaa usnikka. Hadde her voret ei kraftig og ærekjær Regjering, so skulde aldri nokon vaaga seg fram med slikt.

Men fyrst og fremst er slike Ord Fornærming mot sjølve vaar Forfatning. Dette er reint som paa Spe, naar slike kallar seg Konstitutionens, Grunnlovens Vern.


Fraa Nordre Østerdalen. Me veit alle, at Høgre jamt skryter av det at det hev med seg alt det som kann kallast Daning (Intelligens) og Pengemagt. So er det iallfall ikkje i Østerdalen. For den som ikkje vilde tru det fyrr, maatte det verta klaart no etter det politiske Møte, som var i Reindalen fyrre Fredag og Laurdag.

Det var baate Høgre og Vinstre som hadde voret med og bedet til Møtes, so ein maa tru, at alt som Høgre eig og som ikkje er berre Stemmefæ maatte møta fram. Lel vart det ikkje meir enn 30 Høgre mot 370 Vinstre hell so. Og Ordskiftet gjekk slik, at eg ikkje trur Høgre oftare vil freiste aa vinne Sigerskransar ved open Forhandling i Reindalen.

Fraa Høgres Side var det Seminarielærar Saxe, Brendevinsbrennar Sælie forhenværende Bonde Tolleiv Bjøntegaard og Lensmann Enevoldsen som skulde vise oss, kor gjildt det er dette absolutte Veto, og korleides Høgre kann faa til det, at det staar i Grunnloven; ja det siste var daa No. 2 (jeg holder paa det absolutte Veto, fordi jeg tror, at det er til Landets Bedste, sa Sæhlie).Men so var det og Karar paa den andre Sida som letvinnt kunde leggja fram Stakkarsdomen i Høgres Tenkjemaata. Der var av Tingmennom vaare Jakobsen, Hektoen og Mortensen, og Talaranne Erik Vullum og Jakob Sverdrup.

Høgre var matt. Det var greit aa skyna, at det var smaae Voner dei hadde, daa dei kom, og endaa mindre, daa dei reiste. Dei torde ikkje eingong truga med Statskupet, Krig med Sverige, Barkbraudet og meire slikt, som netop er det dei same Kararne hev største Styrkjen sin i, naar dei raakar Folk, som dei trur seg til.

Me Østerdøler let oss ikkje skræma. Her har me baate Dugleiken og Pengemagta paa vaar Side. Lat so nokre stakkars Embættesmenn og deira Rovediltarar skrike og truge. Her er me samstelte:

Spyrst det so ymse au
Det har inga Nau
Me skal nok faa Folk
Te halda Fre

o.s.v.

P. M.


Sylvbrudlaup.Bonde Erik Monsen Haug i Odalen og Kona hans heldt Sylvbrudlaup no den 6te Januar. Eirik Monsen er ein av dei megtugaste og mest dugande Menn i Bygdi, og Bygdi hev og vist aa nytta honom. Han hev i lang Tid voret Valmann, og som sodan hev han havt myket aa segja. I 25 Aar hev han voret Kommunemann og Ordførar; andre Tillitspostar hev han og havt.

Han er frilynd, og um me inkje minnest feil, so var han med i Toget til Sverdrup og ved Wergelandsstytta.

Paa Heidersdagen var han gjestat av mange baade Bønder, Husmenn og Embætsmenn, i det heile 120.

Brudlaupsgaava vart inkje gløymd. Folk hadde skote saman ikring 500 Krunor og for dei kaupt eit fagert Stovemøblement, som dei gav Brudefolket.

Ut yver Kvelden vart det haldet Talar og sunget, og Ungdomen fekk seg ein Svingum. Mange Stader i Bygdi var Flaging.



Spilmannen Halvard Lie fraa Telemork reiste til Amerika, no um Dagen. Han vil spila der. Me spaar han vert væl fagnad.


I eit Vindaugei Karl Johans Gata er uppstelt ei liti Byste av Chr. Friele. Kunstmannen hev raamat godt.


Norsk Ugeskrift(utgjevet av F. Bætsmann ) No. 2 utkomet. Innehald: Sorenskriver Ludvig Daae: Nogle Ord om Stemmeretssagens nuværende Stilling og Udsigter. _ De Uafhængige. _ Norge i 1883. Juli _December. _ Smaa Bidrag til Norges nyere Historie. _ Udefra. Krigen i Østasien. _ Notiser. Fraa Sorenskriver Sørensen.Den norske Handelsflaade i 1883. Sveriges Udenrigshandel. Jernbanernes Trafik-Indtægter. Sparebankerne.

Kostar 4 Kr. Fjordungaaret. 
 
 
No.1 av Kristelig Tidende for 1884 (Metodistarnes Blad) innehald: De norske metodisters taksigelsesfond. Bogavertissemanger. Nytår(digt). Et godt Nytår. Sangforeningerne. Er ikke bibelen selv sin egen bedste fortolker og forsvarer? Den skandinaviske metodisme. Reformasjonens indførelse i Norge. Digt, Så er det i Amerka. Kristelig Sang. Mistænksomhed. Advarsel for predikanter. Korrespondanser. Nilens historie (føljetong). Kirkeligt fra vore menigheder. Personligt. Dødsfald. Et og andet.

Bladet kjem ut kvar Vika, kostar 1 Kr. Fjordungaaret. Ekspedition Thv. Meyers Gate 56, Kristiania.


Til aa sannprova Bibelen i det historiske og vitenskapelige hev dei lagt Raad paa fleire Møte i London; dei er tenkt paa aa faa i Stand ein ny Mision aa kalla til dette Fyremaalet. Dei vil senda dugelege Menn iveg, som skal halda Fyredragi dei største Byar i England, Skottland og Irland.


Talen av Paven, som han heldt Jolkvelden aat Kardinalarne hadde ingen god Laat. Han klagad seg for det Hatet og den Motviljen, som Kyrkja naut av Fiendarne sine, og serskilt densyrgjelege Stelling, som Pavedømet hadde i Rom. Jamvæl i katholske Land tok dei seg til aa meinka den kyrkjelege Innverknaden paa ymse Ting. Han let ille um Italias daarlege Presse, som paa Lutherdagen hadde heidrat denne Vranglæraren, denne fraafallne Gudløysa. Og Hovudgrunnen til denne Rosen var Uppreisten hans mot den katholske Kyrkja og den forsinnaStriden, som han førde mot Pavedømet.


Parnell og den irske Flokken i Parlamentet hadde eit Møte straks etter Jol og samraadde seg. Dei vart samstelte um, at dei skulde dela seg i fleire Lag. Eit Lag skal verka for aa faa Røysteretten i Bygd- og Landsstell likaeins i Irland som i England. Eit annat Lag skal arbeida paa aa faa Samstelling av dei irske Valringarne. Eit tredje skal syrgja for aa nytta Irlendingar i engelske og skotske Valringar paabeste Maaten. Det fjorde skal faa istand Lov-Framlegg, det femte skal ganga paa Regjeringi og seinka Underhuset med Endringsframlegg og liknande.


Den franske Nationalforsamling vart opna den 8de Januar, Umboti av Forfattningi kjem væl fram no att. Det er tvo Ting, som ho serleg gjeng ut paa. Det eine er, at Senatorar inkje skal veljast paa Livstid, soleids som det no er, og det er det væl Von um aa faa umgjort. Men verre er det med det andre, Listevalet(at større Landsdelar vel tilsaman, medan, som det no er, Smaadelar vel kvar for seg). Det var dette som Gambetta stridde for, men inkje fekk fram, og det er endaa uvisst, korleids det kann gaa. For det er visst, at dersom Listevalet gjeng igjenom, vil mange Tingmenn verta sitjande heime, som no er valde ved Hjelp av Skyldskap og Kjennskap i Heimbygderne, utan at dei kann hava umframs Gaavur hell vera godkjende i vidare Krinsar. Og det skal vera vandt, um dei daa vil skriva under Dauddomen sin sjølve.


Den rysske Czaren er saarad i Armen, sume melder, at han hev støytt seg paa ei Sledeferd, sume segjer, at det er Nihilistarne, som hev teket paa honom.