[Tidender] Ord fraa Kongen.

 
Her um Dagen, daa nokre svenske Riksdagsmenn som vanleg var uppe paa Slottet for aa helsa paa Kongen (det var hellest ingen med av Landmanna-Partiet), slepte Kongen seg ogso inn paa den norske Politikken med Ord, som det tydeleg var Meiningi med, at dei skulde koma ut. Det norske Spursmaalet gav honom mykjet Sut, sagde han. Det var umogelegt for honom aa gjeva etter for Kravi aat Stortinget , naar dei sigtad paa aa motstrida Vetoretten. I det heile var Ordi hans um denne Saki fælt likt dei Tankarne, som fyrr er framsette med Merkjet _ d _ i Nya dagligt Allehanda, segjer Stockholms-Bladet Dagens Nyheter.

Aftonbladet fortel dette soleids, at han fyrst hadde talat um svenske Ting, der gjekk daa all Ting i Ro. Men annarleids var det i Norge. Riksretten no klagad han seg for, so mykjet meir som Statsraadarne var ufortente til den Aatfaringi, dei hadde fenget. Ingen kunde vita det betre enn han, kor trugjet dei altid hadde strævat for Baten til Fedralandet sitt. Korleids han so kom til aa fara aat, sagde han, so vilde han altid hava det fyri Augo, at han fyrst og fremst var Unionskonge.

Det var mange, som undrad seg paa, um Kongen vilde segja nokot um den norske Politikken i Trontalen sin aat den svenske Riksdagen; han gjorde inkje det. Men so hev det komet straks etterpaa. Tankarne um Vetoet ser me er dei same, som daa han heldt den namngjetne Talen aat Stortinget. Men det er meir ogso her. Han segjer, at han i Sakerne vaare fyrst og fremst vil vera Unionskonge. Det hev vakt Undring i Sverik, og inkje mindre vert det her. Det er liti Von um at det kann verta mange norske Menn med paa det, at han skal vera Unionskonge i Ting, som berre kjem oss Nordmenn ved. Hadde det voret Ting, som vedkom Utlandet hell Samstellingi med Sverik, so veit du ingen hadde tykt det var underlegt. Men som det no er, dette Stellet med Vetoet og Regjeringi og Statsraadsaki, det tykkjer me kann greidast lel og med vaar norske Konge, utan at det trengst gjerast vandare med aa taka Umsyn til Sverike ogso.

Korleids han so kom til aa fara aat, segjer han. Han hev tenkt seg fleire Maatar aa fara aat paa daa, kann ein skyna.

Hellest var det væl mestfor sin eigen Del, reint personlegt, han talad her. _ Det var paa ein annan Maate han talad aat Stortinget; daa var det som Konge, som Embættsmann, paa Statsraadet sine Vegner. Det var væl mykjet personlegt i den Talen og, som det var reint galet vart med paa den Staden, men det var Regjeringi sitt Lyte det. Det var so galet, at ho vist kunde hava vortet dømd av Riksretten for det berre. For det var aa sleppa det personlege inn i Former, som nettupp skulde vera det motsette.

Inkje so aa forstanda, som um Kongen inkje skulde kunna hava Meiningar for sin eigen Del; det er berre det, som det gjeldst um at det inkje vert blandat inn i Embættingi. Det er liksom med ein annan Embættsmann, ein Skrivar, hell ein Prest til Dømes, han kann ogso hava politiske Meiningar for sin eigen Del, berre han inkje blandar det inn i Preikurne sine. Men den Skilnaden er det, at ein Prest, som blandar Politikk inn i Embættingi si, lyt bera Andsvaret sjølv, men um ein Konge kunde tenkjast aa gjera det same, so er han sjølv heilag og utan alt Andsvar, det er Statsraadet, som lyt bera det.

Naar han gjer nokot for sin eigen Del, kjem det ingen ved utom det private; men naar han gjer nokot som Konge, daa er det Statsraadet, som i Grunnen gjer det gjenom honom.

Skal daa desse Ordi aat Kongen no takast berre som hans eigi Meining, so ligg det ingi politisk Vegt paa dei , inkje meir enn um kven det so var hadde sagt det.

Men det grensar nær imot det, som vedkjem sjølve Embættet, Kongestellingi, allvist det um Unionskonge, og daa er det einast Statsraadarne, som kann svara for det. Lat oss daa sjaa, um det verkeleg vil standa ved det, um det inkje finnst nokot av det me kallar norsk Æresans i dei, hell um dei ogso vil leggja dette attaat alt det andre.

Kvat Meining Kongen personleg hev um Politikken er soleids nokot, som i Grunnen kjem Saki litet ved. Det var væl so, at me helst kunde ynskja, han var so heimleg her, at han var so mykjet inne i det norske Folks Liv og Meiningar, at han hadde same Syni som me. Men naar me no ser, at han hev eit annleids Syn paa Politikken, so hev me ingen Grunn til aa lasta hell klaga likevæl. For kvat personlege Meiningar ein kann koma til, det kann ein ofta inkje sjølv raada for, men ein maa hava dei som ein hev fenget dei.

Kor mykjet me no kunde ynskja, at Kongen var meir etter det norske Folket, so skal me hugsa paa, korleids det er lagad.

Slik Ætt som han er av, slik Uppaling, som han hev fenget, det Stormanns-Liv, som han hev maatt føra, slike Umgjevingar, som han hev havt, slike Folk han hev havt til aa raadføra seg med, og so det aa liva i eit annat land Stordelen av si Tid _ daa tykkjest det vera mest som eitumogelegt Krav aa venta, at han skulde vera nokot annat, enn det me ser han er.

Som sagt, Kongens eigi personlege Meining kjem, etter Statsskikken vaar, Politikken litet ved; men likevæl trur me det i alle Fall hadde voret klokare, um Statsraadet hadde passat paa, at slike Ord inkje hadde vortet sagde. For hjaa Vinstre kunde det verka til, at Tilliten til Kongen, og dermed til Kongemagti ogso, vart ruggat Vonom meir. Og hjaa Høgre kunde det berre tena til aa eggja upp, og i det heile gjera Uroi og Mistanken større enn han er; han er sanneleg stor nok før. For det er det leide, at mange Folk baate av Vinstre og Høgre, er inkje lenger komne, enn at dei trur, at det inkje er mogelegt for ein Mann aa skilja millom sine personlege Meiningar og Ynskje og sine Embættspligter, som er ei grov Fornærming aa segjaum ein, ja Høgbrot, naar det gjeld Kongen.

Me veit væl at Kongen ogso er eit Menneskje, og at det nok kann vera dei, som vil setja honom upp og leggja ymse Freistingar fyri honom, og dei kunde kanskje tru seg til meir no, sidan dei veit at Raadet er so litet trugjet til aa passa paa. Men me liter paa Gud, og ynskjer som det vart sagt so mange Stader no den 21de, at han maa bevare Kongen. Og me legg i med dei Ordi, som Kongen sjølv sende til Kristiania, Ynskjet um at Gud ligesom hidindtil maa holde sin Haand over Norge og afvende alle Ulykker.