Undrer mig paa, hvad jeg faar at se over de høie Fjelde.

 
(Av n.)
 
 
Det er fælt so mykje Undring og Stunding og Lengting paakomet Ungdomen i dei seinare Tider.

Det er nok so, at Hugen hev det slik vanleg i Ungdomstidi, men denne Visa hans Bjørnson er det mykje, som hev ført det fram i Tankarne paa Folk.

Det er mange, som inkje gjer stort anna i Ungdomstidi si enn liva og næra denne Undring og Lengsla. Ho er heiltupp Innhaldet i Livet deires.

Det er andre Flokkar no i denne Tidi, som fær Ungdoms Uroi paa ein annan Maate: dei fær det med Tvilingpaa all Ting.

Daa er det betre aa hava det med Lengting, eg trur det kjem meir ut av det, og det vert fastare bygd, enn det som Tvilen føder.

Men det er inkje alltid det kjem det utav Lengsla hell, som ho tykkjest gjeva Von um. Ho vert for mange ein speleg Leik, som endar med det, at Hugen vert ihopsnørd; dei kjem inkje ut or henne. Den same Vinden, som hev ført dei til Veers, kastar dei aat Marki att, og dei ligg der som ei sprokki Blaase. Men mange kann koma seg igjen og verta duglege, strævsame, gilde Folk, dette hev voret som eit Ras yver dei, som hev gjort godt.

Verre er det med dei, som det vert til ein Sjukdom hjaa og slær seg i Verk. Hugen sprengjest, dei døyr lite um Senn. Hu det er mange slike her, og det tidt av dei evnelegaste og dei beste.

Men naar det likevæl syner seg so litet og ropar ut sin Vaande, no kjem det noko av det, at Ægteskapet gøymer so mangt med si vide Kaape, og den løynde Suti er kjær for Folk, det er likeso mange burtgjevne i den som i Brennvinet. Det er lika stor Folkeskade i dei baade tvo.


Kvifor lengtar du?
Spør Fuglen, kvi han syng!
Fuglen syng helst, naar han sviv i Elskhugstankar og leitar etter Make.

Det er mange, som segjer, at det same Hugdraget er det og, som fær Ungdomen til aa syngja, til aa sverma, til aa lengjast.
Eg trur inkje det er det berre.
Aa lengjast er etter Ordtydingi det same som aa verta lang, lenger enn ein er, hell aa freista paa det, tenja seg, retta og strekkja seg imot noko.
Kvifor gjer ein det?
Fordi ein hev meir Kraft i seg, enn som det vert Bruk for i det Livet, som han liver i.
Den Krafti trengjer seg fram og vil verta øvd.

Det er som med Kroppen; er det Lemer ein inkje brukar, so vert Kroppen ufrisk.Soleids ogso med den Aandskraft, som ein inkje slepp til aa nytta _ det slær seg inn, ein vert uheil og sjuk.
Det fyrste ein krev er berre aa faa bruka si Kraft, det kvitter eit kvat det er; fyrst naar han hev røynt, korleids ho er og tamt ho nokot, spør han etter Emne aa bruka ho paa.
Det er noko framifraa fagert og friskt ved kvar ung Gut og Gjente, naar dei vaknar i dette. Det er Poesi i det, det er som Draumen tidleg i Otta, med Soli renn og Fuglarne kvitrar utanfor Glaset.Ein kjenner Dagen kjem og gled seg i honom.
Og daa skal du risa upp, og taka til aa arbeida. For aa liggja og drøyma halvvaken, kvat Mon er det i slikt! Liggja seg lat og leid!


Soli skin yver Nipa nord
og ned yver grøne Engir,
Statt upp, statt upp unge Gut
av dinom varme Sengi.

Soli skine nord og ned
og heilt nedpaa Fjos. _
Statt upp, statt upp Mari,
no er Dagen ljos.

Statt upp, statt upp Mari
mjølk di Ku,
Soli skin i Budøri,
og enno drøymer du.

Det er berre naar ein legg seg frami Arbeidet med Aalvor og er trugen i det simplaste og minste, at ein kann naa fram til det høgste,at ein kann naa det fagre Draumelandet sitt.

Kvardagsgagnet og Ordi snilde
dei vert so lenge gjetet.


Ud vil jeg, ud! Aa, saa langt, langt, langt,
over de høie Fjelde.

Kvifor vil ein ut? Er det daa for aa faa sjaa Liv og Stelling andre Stader og dermed rika seg upp med Kunnskapar og øva upp sine Evne?

Nei det er nok inkje difor beintfram:
Her er so knugende tærende trangt , det er denne Kjennsla, som driv.
Kvifor er det daa trongt, der Far og Morer, og der Folk liver nok so væl hellest? Jau Ungdomen er inkje Alderdomen lik. Skulde den unge finna, at alt var fullkomet i den gamle Heimen, og det galdt for honom berre aa koma inn i dei gamle Skikkar og Seder for aa vera fullgild _ daa var det ingi Framdrifti Folk, daa vart det inkje noko Framstig gjort. Og skulde ein finna at dette Livet paa Jordi var so fullkomet, vilde han inkje kjenna Trong til noko evigt.
Og naar so Ungdomen ser mangt, som det skulde vera, og som leikar i hans Hug, men inkje finnst, so sit Baanelaget so mykjet att i honom, at naar han ser dette, tek han mest til Graaten; han tykkjer det er vondt aa tenkja paa og vert tungsint. Han hev fraa Baanetidi lært, at alt er godt og fullkomelegt, som han ser baate heime og kringum seg, og no finn han, at det inkje er so, det er mangt, som vantar.
Daa segjer Bjørnson vidare i Songen sin:

Og mit Mod er so ungt og so rankt .

Ja det trur ein sjølv, men det er inkje so Tilfellet; det er ei stor Misvisning for mange.
For naar ein sjølv kjenner seg sterk, og ser Vesaldomen kringum seg, so er det netupp den verste Motløysa som er, naar han likevæl stundar burt; det vil daa segja, at han hev inkje Mot paa det, men ligg under og vil helst røma burt fraa det heile. (Soleids naar no so mange unge friske Folk reiser til Amerika, det er inkje fordi dei kjenner seg for sterke sjølve, men nettupp fordi dei er for veike, det er Motløysa, eg kallar det for Sjukdom).
Var det Styrke og Mot i Folk daa, so var dei innerleg glade um dei kunde faa vera heime. Her er mykje laakt, vilde dei tenkja, men eg er sterk, og den sterke vinn, eg veit eg vinn Siger yver denne Laakskapen, naar eg berre legg meg frami og arbeider; her skal eg gjera store Ting.Og han vilde halda det for lika ille som ei Landlysing, um nokon kom og baud honom flytja til Amerika.

Det er inkje aa venta, at Ungdomen skal vera for væl tenkt. Men var han det, so vilde han segja. Her er mangt og mykje som inkje er rett i Lag, og her er mangt og mykje, som maa verta betre. Eg vil arbeida for det. Til det treng eg dei og dei Kunnskapar, eg skulde høyrt korleids andre Folk tek det. Og er det nokor Raa for det, so sankar han inn alt, som han kann hava Nytte av, og er det plent inkje Raa for aa læra alt han vilde, hell koma dit han vilde, so vert han inkje sturen og sjuk for det, men han temjer seg upp so godt han kann med dei Midlar som han hev.

Hev hanhell trur han aa hava Evne, som høver seg for dei fremste og høgste Lag i Samfundet, no strævar han aa naa dit fram, men vert det bægje for honom, so orvønest han inkje og tek seg utor altsaman for det, men han tenkjer som so, at naar det er umogelegt for meg aa koma dit eg vilde, so er det fordi at Samfundet inkje hev Bruk for meg der; og daa vil han ogso mykje heller vera der, som Samfundet hev Bruk for honom, daa veit han, at han vert til Nytte, og inkje ein einaste ein er ubrukeleg, naar han berre inkje anten blygjest hell leidest for det, som Samfundshøvi gjer honom mest skikka til. Men eit anna er, at han inkje dermed skal ganga som ein blind Træl etter Folkeskikken og Bygdesyni, men etter sitt eiget Kall, det vil segja: arbeida paa den Maaten og i den Stelling, som han sjølv finn er rettast og tenlegast.

Jamvæl Norigs Land og Samfundshøvi vaare trur eg er slike, at alle Folk kann verta sæle.


Dei talar so mykje no um det ein skuldar seg sjølv og si eigi Utvikling. Dei Hensyn og Pligter, som kann vera i so Maate, dei maa gaa fyrst.(Soleids kjem Elsk og Gifting her og kløyver Mannen og skjemmer honom ut for alt anna).

Eg trur nok, at det er godt aa vita, kvat det er ein skuldar seg sjølv og si Utvikling, men eg trur inkje det er fullvæl aa grunda for mykjet paa det. Aa tena andre det er det fyrste, som ein skulde tenkja paa; og daa no i desse Tider helst paa den Maaten, at ein arbeider for Samfundet og dess Framgang. Naar ein det gjer paa rette Maaten, utviklar ein seg sjølv; naar ein gjer det, vert det ogso rett etter Guds Vilje.


n