Hjurdingsullar fraa Eikbygd.

(Ved S.)

 

 

Hjurdingen, stakar, som maa ferdast ute i Regn og Styggevedr, det er ikkje aa bisna paa um han sullar slikt, naar han frys og Klædi er stinne av Væta:

 

Lova lova line

Gjev Soli maatte skine

Yver Top, yver Tre,

Yver Folk, yver Fe,

Yver Jomfru Marias kvite Kne.

Maria sit i Stetta!

Ho bysta og fletta

Og bed til Gud, at Vedret maatte letta!

 

Naar han lengtar til Kvelden, som han no jamnaste gjer, so sullar han:

 

Gjev her var Kvelden

Og godt gjort paa Elden!

Og Dravlen var løypt!

Og Skeidenn’ var kløyvt!

Og der var berre etter ei til meg og ei til deg!

So hadde me Dravlen aaleine.

 

Frå Fedraheimen 26.01.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum