[Tidender.] Fraa Riksretten.


Kristiania, den 15de Februar.


Fraa Riksretten. Def.Bergh hev haldet paa no med siste Svaret sitt. _ Han meinte at Aktor no laut hava gjenget fraa den Meiningi, at Riksretten skulde kunna løysa Grunnlovs-Spursmaal. Og det vart inkje Meining meir i det, at Riksreten skulde døma politisk motsett juridisk. Han skulde inkje vera nokot Magtmiddel, den Læra laut Retten sjølv visa burt. Ein Dom fraa Riksretten var inkje meir gjeldande for Lovtolking i Framtidi enn ein Dom fraa Høgsterett i ei Sak t.d. um Trykkje-Fridomen var bindande i dei aalmene Lovarne. _ Fyrst hadde Akt. sagt, at det inkje hadde gjenget an aa hava Høgremenn i Riksretten fordi dei var umoralske, sidan sagde han, at det var fordi dei var partiske berre, men var dei upartiske dei hine kanskje? Og det var daa betre at ein som hadde Skuld gjekk fri enn at ein skuldlaus vart dømd. Og det gjekk aldri an aa døma Systemet hell Rekkjur av Gjerningar som Systemet skulde openbara seg i. Hellest vart Saki grenselaus vid og stor, ein laut hava granska heile det offentlege Livet aat Kararne. Um ein og kunde finna, at Regjeringi hadde gjort galet i sume Ting, so kunde ein inkje døma Systemet for det. Hellest hadde Regjeringi voret so mild og møtt Stortinget so mykje ho kunde. Men Akt. vilde at berre Stortinget skulde hava Rett i alle Ting, det skulde vera det same som sjølve Forfatningi. Grunnloven hadde inkje det Slag um Parlamentarisme og likevæl kravde Akt. at det skulde vera Rett etter den aa krevja jamvæl justitiel Parlamentarisme _ i Striden millom Riksmagterne kunde han daa aldri brukast. _ Naar Akt. kom inn paa Folkesuveræniteten, kunde han gjera Folk reint fortulla. Den Læra var revolutionær, for ho sette Folkesuv. yver Riksmagterne. Han meinte at her no skulde ein berre spyrja um Rett, inkje um Magt. Men det var faarlegt aa setja dei som til ei Tid trefte til aa vera i Fleirtal, som Herrar yver Grunnloven. Paa den Maaten kunde snart Folkhopen koma og slaa seg vyrdlaus og brjotaupp heile Samfundet. I 1814 vart det inkje gjort nokon Revolution, meinte han, det fanst inkje Skyldskap millom Grunnloven vaar og den franske i 1791. Han meinte, at det inkje var nokor Nylære han for med, naar han sagde, at Kongen hadde ein aalmenn Sanktionsrett i Lovsaker ogso, og at det var berre eit Undatak, naar han inkje galdt tredje Gongen. Akt. hadde endeleg vilja havt ein turr Regel i Grunnloven um Vetoet, skulde det finnast der, men det trengdest inkje; Sanningi vart inkje duld, um ho kom fram gjenom fleire Former i §§ 79 _82. Skikken var slik paa dei Tider, daa Grunnloven vart gjort, at dei sagdedet var Nationalforsamlingi, som hadde Lovgjevingsmagti, sjølv um Kongen hadde eit absolutVeto. Og no heldt dei lærde det for det, at Vetobruken var den rette Lovgjevingsmagti, og det andre berre Fyrebuingar.

Han gjekk igjenom §§ 80 og 82 att og §112 som han heldt paa at den maatte tydast i Samanheng med § 94, 107 og 109. Han negtad ogso at Tankarne i den franske og spanske Grunnlov kunde vera komne inn i vaar. At Vetoet vart stroket i Treschows Framlegg, meinte han heller inkje viste, at Eidsvollskararne mislikad Vetoet, for det var inkje sikkert anten at Komiteen bygde paa dette Framlegget hell at det beint fram talad um at eit Veto var trengjande. Akt. hadde gjevet Grunnlovskararne ein Tenkjemaate, som høyrde til ei seinare Tid. Det var vitlaust, naar Akt. hadde sagt, at Stortinget sjølv fritt kunde velja millom aa hava Grunnlovsakerne fyre seg i heilt Storting hell i delvis; naar Tinget var bundet i so Maate ved andre Lovar, so maatte det ogso vera det i Grunnlovsaker. Det var som ei Paaboding fraa fyrst av, at dei skulde avgjerast av heilt Storting. Hendingarne i 1814, som Akt. reint hadde misfaret med, maatte greidt visa, at Grunnloven inkje laag i Haandi paa den eine Riksmagti. Umframs-Tinget i 1814 laut han hevda som heiltupp eit nytt konstituerande eit, det hadde aa gjeva Landet ein ny konstitutionel Kodex.

Akt. hadde tala um den konstitutionelle Praksis og hadde sagt, at Vetoet var inkje bruka før i 1880. Men naar ein skulde taka Vetoet paa Aktors Maate, so var det inkje bruka i 1880 hell. Men tek ein det rett, so var det bruka 9 Gong sidan 1818 og Stortinget hadde aldri gjort Motlegg mot det før enn i 1878. Naar det var visst, at jamvæl Folk idette Odelstinget som hadde gjort Klaga no, hadde slike Meiningar som at Kongen hadde absolut Veto, so kunde det daa inkje verta straffskuldugt for Statsraadarne. Akt. hadde lagt fram Ord fraa Statsraad Vogt, som skulde ganga ut paa at Vetoet var utsetjande her, men det var Misforstanding av Ordi.