Meire Kvendeverk.
Naar eg heldt fram i
Stykkje mitt kvat eg meinte var Kvendekrav aa Kvendeverk, aa eg
snakkad um Uppdragargjerningi som det særlege Kvinna haddeaa stella
um, so viste eg au, at Mannen hadde sin Del i det Yrkje .Men eg trur
likavæl at største aa det værste Arbeidet her, fell paa Kvinna.
Mori kann best leida Barnesjæli paa rett Veg, ho nedlegg i
Barnetanken dei fyrste Grunnpælar som i Framtiden ska veksa ut. Men
derfor er helder ikkje Mannen fri, det hev eg alder tenkt. Av
Stykkjet fraa ei Gud-brandsdalsgjenta vil ein so lett koma paa dei
Tankar, at det var mi Meining.
Um Kvinna som Statsmann
(elder rettareStatskvinde) vil eg no ikkje segja stort. Ei
Gudbrandsdalsgjenta trur ikkje at Kvinna vilde verta ulagleg um
ho blei brukt i offentlegt Stell. Aa nei, ho vilde nokk verta
likaeins aa sjaa paa baade naar ho gjekk aa kjørde ikkje for
annat. I førre Stykkje mit nemnde eg litet um kvat eg trudde Kvinna
vilde tapa ved det, aa so kann det staa.
Ei
Gudbrandsdalsgjenta kjenner Smaken av den gamle Tru, at Kvinna
er te berre for Mannens Skuld. Ja korvidt Kvinna er te for Mannens
Skuld, vil vist koma an paa henne, og det kann ikkje eg klara; men at
ho er skapt for Mannen
_
jau det hev me svartpaa kvitt for, fyrst i Bibeln,
_
gamalt som Arvesyndi
_
so alle veit det. Vil Kvinna daaliva for Mannen, so hev ho sin fri
Vilje. Det kjem no fælande litet ut av ein Avisstrid um det Emne.
Daa eg sa, at eg
gjenne saag, at alle Vegjer te Utvikling blei opnad for Kvinna, so ho
fekk Kunnskap jamgod Mannens, for sit aandelege aa daglege Yrkje, so
sa eg slett ikkje med di, at Vegen inn i Thinget aa Formannskape
skull gjerast farbar for henne. Det er ikkje berre der, at Vegen te
Utvikling ligg. Eg hadde slett ikkje ei Statsmannslæra for Augom som
det største Kvinna kann naa, daa eg skreiv Stykkje mitt, aa seint
fær eg det au. Eg trur at Kvinna heve mange
_
ja fælande mange andre Utviklingsvegjer aa gaa. Aa um Kvinna ikkje
kjem te at koma inn i Thinget, so er ho ikkje med di sett i svært
stor Freisting. Eg vil no tvila paa, at Kvinna heve si sterkaste Sida
her. So fær det med desse vera slutt, aa eg aktar for etterkomande
Tider ikkje aa skriva meire i desse Saker. Ei Gudbrandsdalsgjenta vil
vel hava sine Meiningar, aa eg vil plent behalda mine.
Liv væl,
Fedraheim!
P. J. K.
Publisert