Lengje

 
hev eg venta og ynskt, at Fedraheimen, det ordgjetne gjilde Bladi, kunne koma her til vaart Hus au; men det heve aldri treft seg so fyrr igaar, daa her kom ein Lærar. Han bar paa ein heil Del Blad, deriblandt fleire Fedraheimar.

Daa kann du vel tru, at eg blei heppi tilgangs og sette meg til aa lesa so mykje eg vann:

Eg hev fyrr tenkt, sagt det au, at eg vilde senda etter Fedraheimen, for det er vist verdt aa lesa det Bladi, men so hev dei talt for meg og sagt: Vil du endeleg hava eit blad, so kann du sende etter Duen, Børnevenen hell andre Blad, som kann løne seg betre aa lesa hell denna frie Fedraheimen.

Godt og væl. Eg tenkte, det kunne so vera og gav dei Rett, som dei paa ein Maate au kanskje hadde. For Born er det vist nokso bra aa lesa dei aa likso for vanske au kanskje. Men tenk for mykje betre Inntrykk gjev inkje eit Brev hell eit Blad, som er skrivet paa vaart støe staute Fjellmaal! Det tykkjer daa eg og fleire med vonar eg. Ja gjeve den Tid maatte koma, at alt det, som kom paa Prent i norske Blad og Bøker maatte klinge paa vaart eigjet Morsmaal.

Lat oss daa alle som ei, kjære Kvinnur, hjelpe til det me kann, for aa hevda vaart Fedramaal.

For um me er skapte til Kvinnur, so er me sovæl som Menn skapte til aa verke for det, som me trur kann vera til det gode for vaart Folk.


Ei Meierske.