Tidender. [Domen.]
Kristiania,
den 29de Februar.
Domener
fallen yver Statsministar Selmer.
Med det kann ein væl
segja at han alt er avgjort for dei andre ogso.
Domen vart gjort med
Grunn i Lovordi um naar Stortingets Beslutninger
ikke
tillægges
den dem ved Grundloven
hjemlede Gyldighed og naar nokon Statsraad
efterladereller
handler
imod
nogen ved Grundloven efter
Rigsakten foreskreven Embedspligt.
Det er tri einskilde
Gjerningar, som her hev vortet dømde. Og det var Ting, som det galdt
mykjet um for heile Rikslivet vaart, um gjort skulde standast hell
inkje. Det var Stagging hell Vokster, det var um den friske Bløming
for det norske Folket, hell um det skulde torna som eit karta Tre.
Men det var inkje
berre desse tri Tilfelli. Alt det som er av same Slaghet hev her
vortet dømt rotlaust i den norske Loven.
_
Mein spirarne er avhogne.
Stubbarne stend væl att,
og Ugrødet finnst i Jordi endaa, men Loven stend der med Ljaaen i si
faste Haand, med Rædsla for alle motstridne.
Nebb og Klør er
hakka av
_
Systemeter
vengjeskotet, det kann flaksa millom Buskom, men inkje fljuga meir.
Han er vengjeskoten denne
Ufredsfuglen, som hev svivet yver oss i lange Tider med Skrik og
Illelæte.
Me er eit Folk, som hev
aatt Fridom lengje.
Me fekk han mest
uviteleg, me fekk han som ei Gaave.
Men det var inkje
oss laga aa eiga den som Gaave. Me laut sjølve
vinna
Erveluten vaar, skulde me eiga han til Fullnads.
Væl var
det!
Det er anna Slag enn Gaavur, det som ein hev fenget ved Strævet sitt
eiget; det er kjært; daa kann ein bruka det.
Me hev strævat lenge,
seinste hev me vunnet.
Me var nøgde med litet,
dei hine fekk oss til aa sansa.
Det kom fjukande nokre
svarte Fuglar alt i 1821.
Det var dei 10
Grunnlovs-framleggi hans Karl Johan.
Og dei hev bygt seg Reid
her:
Unionsframlegget!
Og so det absolutte
Vetoet! Det var Hane, som gol det.
_
Han gol so Folk vaknad. Dei tok til aa gnu seg i Augo. Er me inkje
Husbønder sjølve daa?
_
Jaumen er me so!
Det var sume som
reiste seg imot oss; og me var gode i oss.
Me viste, at alt var
vaart; men me sagde, lat
Loven
døma, me skal finna oss i det.
Loven
hevdømt, han hev godkjent dei Meiningarne
og det Strævet, som Folket hev havt.
Mange hev voret
rædde og tenkt, at det gjekk for fort med oss, me gjekk framum
Lovarne, me hadde sprengt oss ut or dei gamle Formerne, som inkje
kunde fylgja med dette Livet vaart lenger, dei laut anten brigdast
hell bresta.
Me skal inkje
ottast
lenger.
Lovarne er granska so væl
som det kunde gjerast. Og Utslaget hev vortet til det, at Domstolen
hev inkje kunna finna, at Utviklingi vaar hev brotet nokre Brikar.
Tvertimot. Saki er den, at no fyrst hev me komet so langt, at me kann
fylla Lovens Former. No fyrst hev det Folket vokset seg fram, som
17de Mai-Grunnloven er gjort aat.
Me treng inkje blygjast
lenger for oss sjølve, for Husbondsretten, for Grunnloven vaar.
Me pussar av han alt
Rust og alt det Rim, som Novemberskapen hev lagt yver han.
Me hev vortet
mynduge, Riksretten hev gjevet oss tingleset Brev paa
Fridomen
vaar.
Han skal blenkja som
Ervesylv i Ætti.
Me skal inkje
ottast.
Høgste Domstolen i Landet
hev tilkjent oss Retten vaar.
Alle maa bøygja seg for
den.
Der sit Landsens beste og
visaste Menn; baade kongevalde og folkevalde.
Det fylgjer Lit og stor
Age med desse Menn, graahærde Gubbar mange av dei.
Og so Eiden dei hev
gjort; dei hev lova dyrt aa lyda korkje Trugsle hell Bøn
_
berre Samvit og Lov.
Det er av dei mest
gamalkjære Menn i Landet; det gjev og ei Trygd. Høgsterettsmennerne
for det fyrste. Og so Lagtinget
_
dit plar dei inkje sleppa Ungdomar. Og so hev den forklagde endaa
havt Lov til aa skjota ut mest Halvdelen av dei.
Domen vart mild, mildare
enn Kravet aat Aktor og aat Folk flest, men mild etter Maaten med
slike Domarmenn.
Skulde slike Domsord
inkje vera vyrdande av alle Mann, so finnst det inkje Vyrdnad for Lov
og Rett her i Landet. Det kann ein trygt segja.
Dette
hev vokset seg fram av seg sjølv.
Dette
hev samlat Folkemeiningi um seg, sterkare Tid for Tid.
Dette
hev si faste Stydning i Norges Grunnlov.
Daa er det fast,
som det var i Berget bundet
!
Publisert