[Tidender.]


Friele er vist vond paa Kongen no. Han ynskte vist, han kunde faa Tak til aa klaa honom retteleg. For naar han inkje hadde Mot og Manndom til aa gjera Statskup meiner Friele, no det var so væl fyrebutt og alle gode Menn ynskte det, og alle dei beste Krefter stod til Tenest og berre ventad paa Bodordet _ daa er det smaatt Stell, meiner Friele. For naar han hev slept slikt eit Høve ut or Henderne sine, so slepp han aldri til meir. Men Høgsterett er det daa, som kjem til aa faa bera Storskuldi, for at det vart forspillt, dei stakkars gamle Krokarne, som skal altid fara etter denne Pligtkjensla _ slikt gamalt utlivt Skrap, slike Lovtrælar, som inkje kann faa inn i sitt Hovud, at Aand stend yver Bokstav _ dei viste inkje so mykje som aa gjera Streik eingong, dei let seg kanskje jamvæl tyrannisere av desse Lagtingsbønder. Sanneleg Morgenbl. maa arbeida for aa faa yngre og friskare Krefter inn i Høgsterett, slike som Friele kunde bruka. Desse som no er, er utlivde. Daa er dei 31 i Tinget anna Slag til glupe Gutar daa, det er Folk, som Morgenbl. hev Ære av det. Dei er inkje bundne av Lovtrældoms Aand¹) dei, endaa det er Juristar millom dei! Dei hev inkje vortet sitjande fast i gamle Fordomar um Folkeskikk og Pligter og sovore dei, endaa det er Prestar millom dei.

Og so Defensor, Bergh!
Det vert no Grumguten lel det.


Det er Kjerulf-Saki Riksretten hev haldet paa med no. Ein skulde tru at Bergh, som var Verjarne hans og, inkje vilde unna seg Møda og helst spara Staten og Kjerulf for Utgifter i Utrengsmaal, men han hev daa faret og sumla med eitkvartslag lel. Han vilde endeleg hava Tak i Bøkerne aat Vinstreforeiningi, der skulde han finna seg mangt som var leidt for Gildskapen aat sume Domarar, meinte han. Men det vart inkje noko av med det, for det stod ingen Ting i dei Bøkerne eigong, Lagtingsmenerne hadde inkje voret med i det, som vedkom Riksretten.

Daa vart han vond Bergh, naar han inkje fekk det som han vilde, og slengde nokre stygge
Skjemmord lukt i Syni paa sjølve Retten og strauk berre paa Dør med det same, baade han og Kjerulf.

Difor er han Grumguten, skynar De, Bergh, det er Mot slikt tykkjer Folk.
Men fær inkje han ei Bot so han minnest det, skal det vera rart.
Domen sin fær væl Kjerulf no med det aller fyrste.


Dugløysur vert dei no likevæl alle saman, naar Morgenbl. skal tala Hjartemaalet. No dei 31, kvat hev dei gjort? spør Morgenbl. Ingenting. Dei er kun Mænd af Ord! Og Bladet spaar at tungt vil Ansvaret føles af dem Det vil hava Handling Morgenbl. no, det vil hava menn bakum Ordi, det hev brukt Ord so lenge sjølv, at det veit fullvæl, at dei inkje duger .


Det fyrste Kravet til ein Statsraad no um Dagen er etter Morgenbl. Offervillighed. Aa sjaa etter Dugleik og Arbeidslaget er dumt no. Hvem skal tage Byrden spør Bladet. Det veit ingen. Og det er rimelegt, at Morgenbl. inkje kjenner slike Menn, som er huga til aa gjera Offer for Fedralandet, det er væl snaudt dei finnst paa den Kanten der Morgenbl. er kjendt. Det nyttar aldri for det aa leita.

Men me veit ein Mann me, som hev ofra heile sitt Liv og sitt Arbeid for Fedralandet, og og som ingenting sparar, naar det gjeld det!

Gakk dit Morgenbl., der finn du det som du lyser etter, der finn du den som kunde tage Byrden paa seg, og bera den. Der finn du anna enn kun Mænd af Ord!


F raafall fraa Kristendomen er vist no ivente hjaa fleire Høgremenn. Dei hev haldet seg til Vaarherre i den Meining sume av dei, at han skulde hjelpa dei gjenom Riksrettsdomen og alle tronge Portar. Han aaleine kunde hjelpa dei, dei saag seg ingen Utveg med menneskjelege Midlar. No kanskje fær dei helder prøva aa halda seg til den hin Karen eit Tak, for aa sjaa um han kunde vera likare til aa hjelpa. For er det inkje han, som vil stydja under Statskupet, so er det vist ingen. _ Det vert tvo Slag no, sume kjem til aa slaa seg fraa Vaarherre og sume fraa Høgrepolitikken. n.


Svenskeskræma, ho bleiknar av den og no. _ Det kom ein Bonde inn aat ein svensk Bladmann. Han vilde takka honom fordi han hadde skrevet so gildt um den norske Greida.

Kvat vilde no De Bønder gjera um det vart slikt, som det hev gjenget Ord um, at Heren skulde bli sett upp imot Noreg, spurde Bladmannen.

Aa Soldatarne fekk væl ganga, svarad Bonden, men foruta Vaapen, for Vaapni høyrer til Rothaldarom.


I Drangedals Herrads Vinstreforeining heldt dei Møte den 28de Februar. Lovarne vart mest gjorde etter den maksla som Folkehøgskulelærar Jakob Sverdrup hev sett ihop til Lovar for Vinstresamlagi. Der vart halde Val paa ein Formann, Varaformann og tri Medstyrarar. Til Formann vart vald Jon Lauvstad, til Varaformann Lærar Nils Botnen; dei andre Styrarar var K. Jonson Bustrak, Halvor Straume og N. R. Heldal. Kasserar vart Nils Knutson Straume.

3/ 3 84. _ S.


Noko Likehev daa Selmer fenget for Domen: Venskaps Brev fraa Kongen og Utnemning til høgste Serafimerriddar. Han vert blank daa, i Bringa.


Stellet med Ægypten og Sudan var det leidaste aa greida for Regjeringi i Bretland. Det er mange Flokar der. Den Mahdien er inkje tusk han. Det er meint, at det skal vera Tanken hans aa setja mot nedre Ægypten, naar Regntidi kjem, so han kann sleppa tvers igjenom Øydemarki, og kjem det setjande 2 _300,000 Mann, vert det inkje so lett aa stengja Vegen. Han er alt folkjekjær i Kairo. _ Britarne hev no sendt dit meir Folk; det er allvist General Gordon, som dei liter mykje paa, det skal vera Overlag til Kar. Han hev stridt mykje imot Trælehandelen fyrr. Men no vert det spurt, at fyrste Taket hans var aa løysa den att noko. Folk er mistykne yver det, men sume segjer, at det var berre klokt, han laut vera mildvoren i det Stykkjet, skulde han inkje øsa upp Folket og faa alle imot seg. _ General Grahamvann ein Siger her um Dagen, han tok Festningi Tokar, som ligg eit Par Mil ifraa Raudhavet. Han fekk berre 50 Mann drepne og saara, men Fienden miste umlag 1000. Igaar var det meldt at 4000 var drepne, 6000 saara.


Den 24de Februarheldt dei Fester i Frankrike til Minne um at Republikken vart utropa den Dagen i 1848. Det er berre tri Aarstal, som eg kjenner, sagde Felix Pyat, September 1792, det var Fridomen, og Februar 1848, det var Likskapen, og Marts 1871, det var Broderskapen.


¹) Som eit Fyredøme aat oss prisar eit Morgenblads- Kvæde Judas Hammeren som sendt av Guds Naade fordi Ham Lovtrældoms Aand ei bandt til Lovens Sag at forraade.