Samlingstanken i Maalsaken.


(Brevsending fraa Vestlandet.)


Det er gledelegt at Maalvenerne inkje sit yrkjelause, men at dei talar og skriver og tenkjer fyre Saki i ei Tid som denne, daa den politiske Ugreida mest tek upp alle Tankar og riv alle Mann med seg utyver Landet. Dette giv meg god Von um, at Maalstrævet, naar hi Ugreida vert greidd vil taka munarlege Framstig, og denne Von gav meg Hug til aa skriva nokre Rader til Dykk, gode Fedraheim. Som De ser er det no berre Smaatteri, eg heve aa fara med; men eg sjølv vert glad og fegen naar eg fær Brev fraa Maalmenner elder kann faa lesa slike Brev og sjaa at dei kvar paa si Tuva tenkjer paa det store Maal, me arbeida fyre. At dette egso er Tilfellet med andre veit eg, og difyre trur eg at endaa eit vesalt Brev fraa vaare Bygder vil verta vel motteket. Fyre meg er det ogso eit oversleg godt Teikn at Folk taka til med aa skriva Brev paa Landsmaal baade i Bladi og til kvarandre innbyrdes, og til det vilde eg so gjerne uppmoda kvar Mann og Kvende. Og her i Fedraheimen skulde me møtast tidare og leggja vaare Tankar fram; eit slikt Maalblad skulde vera liksom ein Møtestad fyre Maalvenerne fraa alle Kantar av Landet. Eg kann helder inkje tvila um, at den ærade Redaktion gjerne vilde det, og med Glede taka inn Brevet baade fraa Aust og Vest, Nord og Sud.

Men serleg ein Ting ligg meg paa Hjarta, og det er Ynskjet um, at Maalmennerne no vilde samla seg um Hovudtanken i Maalvegen, og mine Tankar um dette vilde eg so gjerne faa fram, inkje avdi det er nokot nytt; nei eg veit at mange tenkjer netupp det same, og heve tenkt paa det lengje, men avdi eg trur det vilde vera godt um me no tok til aa samtala nokot meir um dette Emnet enn me hava gjort tidlegare. Kvat me vil, er, at Landsmaalet maa koma i Bruk baade i Tale og Skrift, baade i Kyrkja og Skulen, og um dette maa me no samne oss med all Kraft. No maa det lyda som eit Herrop med dette fyre Auga: Upp Frendar i fredlege Kappstig.

At det kunde gaa fort med dette, vilde vera bra, men endaa bettre, tykkjer eg det vilde vera, at det gjeng fram rolegt og sikkert. Difyre trur eg me mindre skal sjaa paa vaare Sermeiningar um korleides kvart Ord skal skrivast. Det kann vel vera so, at Østerdølen, Jaderbuen, Trønderne, Nordlendingen, Sundmøren og Telebonden, Valdrisen og Hardingen, kvar fyri seg helst vilde finna baade Ord og Ordalag skrivne so som dei pla uttala det; men eit Skrivespraak, som i alt liknar kvar Dialekt elder Bygdemaal finnst det ingen Stad. Vil me hava Landsmaalet nyttad i Skrift, lyt me tilsist semjast um ei Normalform fyre heile landet. Og ho maa koma fram; um Formi skal vera so som I. Aasen skriver, elder i mange Ting meir likt Dansk elder likt Svensk, likjast meir paa Telemarksmaalet elder paa Trønderne sit Maal, det er av mindre Vigt fyre meg, og vil det venteleg laga seg av seg sjølv.

Eg er ogso paa mitt Vis ein av dei Maalmakarar, som vilde so gjerne freista med aa laga ei Maalform elder Mynsterform; eg kunde lika best aa skriva Fugl med o, Penge med æ, enn, fell, renn, gnell med æ, Ord, Bord, Gjord og fleire utan d elder med ð som Teikn fyre stumt d, o.s.b., men dette er inkje av den Vigt at det skulde vera verdt aa skilja lag fyre slikt. Anten me kjem til aa skriva Menner elder Mænner, Greiner, Greinor elder Greinar, Bord, Borde elder Border, Stoler, Stola elder Stolar, Vegjer, Vegar elder Veger o.s.fr. er ikkje Hovudsak; det er mindre væsentlege Ting, som vil greide seg likso av seg sjølv med Tidi, avdi Folkets Maalsans ettehand leiter seg fram til det som rimelegst og rettast er. Lat oss no gode Teler og Trønder semja oss um det, som vigtugare er, um Hovudsaki: aa faa Landsmaalet inn i Kyrkja og Skulen og i Bruk som Skrivespraak.

Hr. Høyem legger stor Vigt paa aa prenta alt med latinske Teikn (Typer) og at skriva alle Ord, so nær som Eigenamni, med smaa Fyrebokstavar. Dette kann eg og lika bra, men eg finner det er rettast aa bruka det so som Folk lika det best og er mest vande med; nokor stor Sak trur eg inkje Høyem finner dette aa vera. Kvifyre skulde me prenta med latinske Typer, naar Folk rundt ikring paa Bygdom er so litet vande med aa lesa det, at dei kannhenda helder legger Fedraheimen burt ulesen? Det er best aa halda paa den Maaten, som kann mana Folk flest til aa lesa det. Likeins med Bokstavarne; eg kunde hava Hug til aa skriva alle Pronominer med store Bokstavar, men eg bryr meg inkje um aa gjera det fyrr Flestalle brukar det; daa er det tidsnokk. Naar no sume med Berner meiner, at det er best til aa gjeva Maalsaki Framgong aa slutta oss til Knudsens Meining i Maalstrævet, so kann eg inkje finna kvat det vil gagna Saki. Knudsens Samrøringsmaal kann vel inkje hava stor Von um Framgong, likesolitet i vaart Land som i Danmark og Sverige. Det er vist helder so, at vaart Folk, naar det kjem so langt, at det kann leggja det danske Maal burt, helder vil hava sin eigjen heimevorne Klædebunad fullferdug; det kann vist inkje vera stor Von um at Knudsens Maalføre vil vinna fram; me er altfor norske til det. Eg trur difyr inkje det er verdt aa hefta Tidi burt med eit sovoret Arbeid, det vil helder vera til Skade fyre vaart Maalmannsyrkje. Eg lyt segja det, at eg i dette Stykkjet er fullt ut av same Meining som R. i sit Stykkje Fraa ei Landsbygd.

Med dette lyt eg enda Brevet mitt denne Gongen. Skulde Tid og Tilføre gjevast, vil eg paa Fyrehand bidja um Løyve til seinare aa koma atter. Eg kunde soleids, soframt ingen annan gjerer det, hava Hug til aa segja eit og annat um dei Tiltak, som er framme elder som snart burde koma fram til aa fremja Maalsaki. Mi varmaste Helsing til alle Maalvener.


O. p. L