Tal Norsk.


(Av Elias Melvær)


Som De veit, skreiv Bj. Bjørnson fyre ei Tid sidan til dei dansknorske Maalmenner, at dei burde arbeida paa aa reinska Talen sinn, og so skriva som dei talar. Det trudde han var Vegen fram til eit norsk Maal med Tidi. Fyre deim, som kjenner Dansk-norsken som Morsmaalet sitt og likavel ynskjer, at Noreg maa faa eit norsk Maal igjen og som med Bjørnson trur, at me kann leggja vaart noverande (danske) Bokmaal til Grunn, og ut fraa det arbeida oss upp eit norsk Maal, er det vist rett aa gjera som Bjørnson segjer.

Det er berre ille, at so faae av deim gjerer som Bjørnson og Knutson i dette Stykkjet: liver etter det, dei lærer.

Til dei norske Maalmenner var det eg vilde segja: Lat oss taka til med fyre Aalvora aa reinska Maalet vaart! Legg me vel Merkje til, korleids me snakkar, vil me visst finna myket aa reinska. Naar me daa merkjer, at me brukar danske, svenske elder langframande Ord, som me utan Skade kann byta med norske, so lat oss ogso byta deim! Og dei, som me inkje kann skilja oss med, skal tru me inkje kann orka aa gjeva deimein norsk Ham, bøygja deim paa norsk?

Eg kjenner deim, som heve teket det paa denne Maaten i den seinare Tid med aa reinska Maalet sitt.

Og lat oss so baade i Skrift og Tale stødt og stendigt bruka norsk, naar me inkje er nøydde til aa danska, og det vil inkje so ofta henda no.

Paa denne Maaten vil me orka aa halda Maalet vaart so reint som mogeleg. At det no gjeng an fyre alle, som bur paa Landet aa tala norsk stødt og stendigt, det veit eg.

Men skulde det inkje ogso ganga an fyre deim, som bur i Byom? Kunde inkje dei ogso taka til aa tala norsk rettno? Og dei, som skriver norsk so meistarleg godt, kvifyre skal Motstandararne hava det aa kasta dykk i Nosi, at de inkje ogso talar det? At de inkje er rædde fyre eit Galilæarmerkje, det heve de synt fyr. Men kvifyre talar de det daa inkje?

Dersom me alle, som elskar det norske maal, ogso tok til aa bruka det stendigt baade i Skrift og Tale, so trur eg, det vilde gjeva Maalsaki ein slik Framstøyt, at det rett snart vart slutt med slike Tilrop, som det, hin Provsten sende Oddm. Vik: Tal dog et Sprog, som vi alle kann forstaa!

Dei, som no klagar fyre, at dei inkje kann skyna Norsken, kom visst utruleg snart til aa læra.

Naar endaa Danskarne fortel, at Garborgs Bondestudentar er lett aa forstaa fyre deim, so maatte det no vel alltid vera Raad til aa faa Nordmennerne til aa læra.

Ja, kva segjer de til dette, gode Maalmenner? Skal me inkje rettno alle sjaa til aa gjera Aalvora av det aa bruka Maalet vaart jamt og samt baade i Skrift og Tale?


Gloppa 22/ 2 1884.

Elias Melvær.

Verdens Gang gjere so vel aa taka upp dette.