Tidender. [Det losnar no noko.]

 
Kristiania, den 14de Mars.


Det losnar no noko. _ Det sat, som det var plugga fast. Og dei tok paa med aa verta so grove, at det var reint paa Laget. Ingen kunde vita kvat som var i Gjerdom.

Daa totte han det var paa Tid aa segja eit Ord Kristianiabuen ogso; for det er daa Folk her og, som mislikar Raaskap og som vil hevda Rett og Rettferd, og som fer med Greidleik; dei skjemdest yver det, at Byen skulde hava Ordet paa seg for aa vera reint ei Røvarhole. 62 av dei likaste Karom tok i Vegen fyrre Laurdagskvelden og forpligtad seg paa det, at dei vilde inkje tola Vyrdløysurne lenger og Lovbrotet og alt Snakket dei for med etter Riksrettsdomen. _ Det var 12 Professorar med, og Folk av alle Slag. Jamvæl ein av dei Juridiske-Fakultets-Karom, Prof. Fr. Brandt var med. Det var mykje av dei, som aldri hev teket seg frami Politikken fyrr, og som Folk helst hev trutt det um, at dei heldt seg med Høgre.

Dei baud Kristians-folket til aa vera med i eit frilynt Samlag:

Paa Grundlag af Forfatningen og Foreningen med Sverige at virke for et konstitutionelt Samarbeid mellem Storthing og Regjering og en derpaa bygget politisk Udvikling i Overensstemmelse med Tidens Krav.

Det er paa hundravis med dei, som skriv seg inn.


Det tok til aa verta reint uhuglegt dette. Det drygde so lenge med denne Behandlingi av Justitsdepartementet, hell kvat det no var, at det var spøkje Ting.

Hev du høyrt gjetet nokot du, hev du høyrt nokot du? Nei. _ Slikt var Spurlaget all Vegen. Det flaug Lausord um at Selmer berre var sitjande endaa og letst som aldri var. For endaa han var dømd den 27de Febr. skulde han hava sett namnet sitt under Papirom den 28de, var det sagt. Og visst var det no, at Sendemennerne fraa Riksretten, som var paa Slottet den 1ste Marts hadde set, at han sat like blank, var det sjaa-andes til, han millom dei hine. Det lagde seg reint ein Otte paa Folk. Skulde det vera mogelegt det daa, at me hadde dømde og avsette Karar i Regjeringi, saa var det inkje lovleg Regjering lenger! Dei vilde no helst ingen Lit slaa til det.

Men det var alt 14 Dagar, sidan den eine Ministaren var dømd, det var att berre ein, og i Grunnlovens § 12 stod det, at det skulde vera tvo. Var det fullt lovlegt slikt Tilstand daa? _ For me vil gjerne hava ei Regjering me og, Vinstre hell er plent anarkiske endaa.


Odelsthinget vilde hava ei Greide paa dette, dei sette eit Møte for seg sjølv, med stengde Dører, til um Tysdagen, det var Meiningi dei vilde faa i Bøkerne til Regjeringi so dei fekk sjaa, kvat det var for noko ho for og sullad med.

Men daa var Morgenbladet svindt paa det, det tok te fæla. Dei slepte ut eit Gjetord, um at Selmer skulde hava slutta den 1ste Mars, og det hadde nok voret Statsraad, der Justitsdepartementet hadde lagt fram Innstellingi si um Saki, og det hadde vortet avgjort at Selmer skulde treda ut. _ Dagen etter vart det sanna.