Aat Hr. S. Aa.

 

S. Aa. segjer han hev Moro av aa høyra dei ymse Meiningar um Kvendelaget og dei Ting, difyr vil eg svara litet paa det han skriv, soframt Fedraheimen enno vil gjeva meg Rom.

 

Eg er einig med S. Aa. i alt det han segjer um Kvendelaget, det er som talt utor mitt eige Hjarta. Eg er ogso einig med honom i, at dei no vil gjera formyket for Kvendi. Dei skulde endeleg eingong lata henne syrgja fyre seg sjølv, baade fyr Kvendelaget og fyr det andre som treng aa syrgjast fyre. Eg hev inkje sagt at alle Kvendi skulde sitja i Tinget; eg hev sagt: dei som hev Emne og Tilføre til det. Det vilde kanskje inkje verta so mange. Men eg spør: kvifyre skal der stengjast fyre dei faa, som kunde nytta Emne sine paa den Maaten, fyrdi det er mange som inkje kann det? Og skulde berre dei sitja paa Tinget, som utan Skade kunde vera burte fraa Hus og Heim, daa er eg rædd at det berre vart Minoriteten som kom til sitja der.

 

S. Aa. segjer at det gjeld passa Maaten. Men kven skal passa den Maaten? Eg trur, at det lyt kvar einskild Menneskja gjera. Det ser ut som S. Aa. og meiner det, naar han segjer, at det som passar fyr ein passar inkje fyr ein annan. Berre lat det verta fritt, so vil nog den Ting laga seg. Dei Kvendi som inkje sjølv kann avgjera kor titt og kor lengje dei kann vera burte fraa Borni sine, dei trur eg helder inkje hev stort Skjyn paa aa uppdraga Born. Eg fyr min Del tykkjer at S. Aa. gjeng for vidt naar han segjer, at ei Mor inkje utan Skade kann vera burte ein halv Dag. Skulde ho inkje faa koma utor Barnerome somyket som ein halv Dag, so vilde ho snart verta slik, at ho inkje kunde vera nokor rett Mor fyr Borni sine. S. Aa. maa inkje tru at dei sit heime støtt fyrdi um dei inkje sit i Tinget. Aa nei dei finn nog paa eitkvart Ærend so dei fær koma ut, for ut maa dei um dei skal halda seg friske paa Lekem og Sjæl. Det er eit Spursmaal dette, um inkje Kvendi hev faatt formyket paa sin Part av Barne- og Husstellet. Eg trur at Mannen kunde gjera myket meir av det, enn som no er vanlegt, utan aa missa det karslege. Det hev voret eit stort Lyte paa ein Mann aa likna eit Kvende, og det hev nog inkje vore utan Grunn, for naar dei talar um Kvendelag, so tenkjer dei nog nærmast paa nokot veikt, hjelpelaust og usjølvstendigt, nokot som treng ein Formyndar. Kvendi sjølv hev og vorte leid av det Laget no; ho vil helst hava nokot i Retning av Sjølvstøda.

 

S. Aa. segjer, at Naturen hev sett Kvendi til aa føda og ala upp Born og Mannen til aa forsyta baae, kann so vera; men vil dei av den Grunn stengja Kvendi ute fraa det meir offentlege Stelle, so lyt dei gjera Aalvor av aa forsyta henne, for det vert inkje alltid gjort. Der er so mange Kvendi, baade gjifte og ugjifte, som lyt syta fyre seg sjølve; skulde det inkje vera godt um slike kunde faa det betre enn dei no hev det mang ein Gong? Eg skulde inkje hava nokot imot aa halda meg til Naturen, naar eg berre viste kvat som er Natur, men han er i mange Tilfelle so ihopblanda med Vane og Vedtekter, at det inkje er godt aa skilja honom ut. Men, som eg hev sagt, opna berre alle Vegjer fyr Kvendi og ho vil verta det, som Naturen hev laga henne til. Me vil slet inkje vera Karar. Det me vil det er at faa Friheit til aa bruka alle dei Emne og Krafter, som er lagd ned ogso hjaa oss, og daa, trur eg, vil alt Aands- og Samfundsliv faa dubbelt Rot og Studning i ”dei tusind Hjem”.

 

 

Ei Gudbrandsdalsgjente.

 

Frå Fedraheimen 22.03.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum