Tidender. [Høgre er sprengd.]

 
Kristiania, den 21de Mars.


Høgre er sprengd. Det var Sundagen den 16de Mars 1884, at Friele laut gjeva ifraa seg Tilstaaingi um det, med Sorg og Vemods-Taarer.

Sansen for Lov og Rett var for rein, og Agjen for høgste Domstolen sat for fast i Folk til at Lovbrotsordi skulde kunna gjera meir enn ei Øsing i galne Hovud eit lite Bil. Det hev dregje etter seg, dei hev lote sansa seg.

Det utenkjelege er hendt, Høgrebladet hev lotet meldt Busliten sin; og dei hev inkje Voner meir, dei hev inkje Menn, som er litande.

Det er sanneleg verdt aa høyra sjølve Ordi, som Bladet segjer um dette:

Gleda er stor millom Vinstre no, segjer det, og ho vil voxe i stigende Potens for hver Forbryder, Rigsretten sparker ut af Statsraadet (Bry Dykk inkje um, at Friele er noko raa, for han er slik laga han Stakkar, han kunde snaudt skriva, fekk han inkje vera som han er). Saa er det begyndt og saa vil det fortsætte.

Ja det er en Kjendsgjerning, at den første Rigsretsdom har virket styrkende paa Venstres Aktier. Den har forledet mange til mere bestemt, end hidtil at slutte sig til Venstre. Og dette ikke alene i de mindre oplystes Kreds, men ogsaa i deres, af hvem man skulde vente den større Oplysnings Fruft Historiens Erfaring er ogsaa den, at Seiren har en ganske besynderlig lokkende, dragende Kraft paa Menneskenes Sind.

Han kallar det overmaade besynderligt, at Høire for Alvor kan tro paa nogen Reaktion blandt Venstrefolket. Hvilket sagvinsk Haab! Reaktionen kommer ikke saalænge Venstre er stand til at knytte Seiren til sin Fane! Den kommer ikke, fordi om Høire holder glimrende Foredrag, danner Foreninger, sender ud oplysende Smaaskrifter, udsteder Opraab til det kristeligsindede Lægfolk osv. Det kan alt være saare godt nok, men det er alt ikke nok for at skabe Reaktion. Det er og bliver altsammen Ord _ tomme Ord, som desværresavne fornøden Kraft, naar der ikke staar Handling bagom. Medens Høire taler og deklamerer om Ret og Retfærdighed, medens Høire kun taler _ taler _ taler, saa handler Venstre!

Ja so stend det verkeleg. Høyrer De detta gode Høgremenn utgjenom Landet. Friele segjer, at det nyttar Dykk ingen Ting Strævet daart, det er ingi Von for Høgre aa vinna likevæl, so De kann spara Dykk Bryet. Og De kann lita paa Friele i den Vegen, han plar hava som ei Teft paa det, berre det var mindste Voni han. No kann De likeso godt slutta med det same med alle glimrande Fyredrag, med Foreiningar, med upplysande Smaaskrifter, med Upprop til Kristendomsvenerne, med Budstikkur og Fædreland og Almuevener _ det duger ingen Ting meir, segjer Friele. Det er berre Vinstre, som det er noko Dug i, Høgre berre deklamerer. Nei naar dei inkje var god til aa gjera Statskup, so er heile Høgrepolitikken øydelagt.