Den 127de Salma.


(Ei gamal Salma umvølt.)


Utan Gud held vaart Hus og Gard i Lag
og giv oss kvat der er inna,
og sender oss sin Vælsigning kvar Dag,
at me maa all Tid finna
hans Guddoms rike Gaavur og Laan,
som han giv oss med sin milde Hond,
elders er vaart Arbeid til inkje.

Utan Gud sjølv for Staden stend paa Vakt
og Land og Rikje forsvarar
og verjar um deim med Guddoms Magt
og mot alt vondt deim varar;
utan Herren sjølv giv Naade og Fred,
daa faafengt vaka di Vaktarar ved;
all Kunst og Raad mune falla.

Sjaa væl etter de, som aarle uppstaar
og sitja um Kvelden med Kvida,
med Sut, Arbeide og Sorg de gaar,
vil Rikdom sanka so vida;
de et dykkar Braud med Sutring og Naud;
men Gud giv sin Ven baade Kleder og Braud,
naar han mune søteleg sova.

Sjaa dykkar Frukt og Born saa kjær!
av Herren dei fingo Livet;
og etter hans evige Raad det er
han dykk deim heve givet;
han vil deim rikelegt giva Braud;
for Føda dei aldri skal lida Naud,
det skulo de faa aa finna.

Likesom dei mange Piler og Skot
ein Stridsmann heve i Hender
og etter sin Vilje med Magt og Mot
han ut deim skyter og sender,
so gjer og Gud med Kvinna og Mann:
or ymise Stader og framande Land
kjem han deim underleg saman.

Sæl er den Mann, som Herren gav
slika unga Plantor og manga;
med deim han stender stød i Kav
og kann mot Uvinerne ganga.
Naar han talar med deim i Taarn og Port,
so fær han daa Bugt med deim rett fort;
han skal ikkje verta til Skamme.

Gud Fader og Son og Helig-Aand
honom bør oss alle aa prisa,
for han oss varar vaart Hus og Lond
og oss Velsigning vil visa!
Han styrkje vaar Tru og gjev oss Forstand,
at me tilsaman Kvinna og Mann
hans Ord og Log maatte lyda!