Om Stykkje hans Berner


og anna.

Eg ser, at de no tek aat aa livne opp lite Grand me Maalstrævarom att. Dette er eit gledelegt Tiarteikn. For er ein inkje gla i sovorne Ting, som Morsmaale og Folkesang og Soga, so er de lite Liv i ein, kormykje ein so skjenner paa Høgre. De er lite Liv og lite Varme lel. Eg har lese Stykkje hans Berner. Eg lika bra sumt av de, men eg veit inkjeretteleg, om eg like alt. Eg er sams me honom i di, at de meste av de, som er skrive paa Landsmaal, har inkje vore so lite ulikt Talemaale aat dei flestalle. Men de har inkje vore so godt aa vore Maalmann for honom, som inkje i de meste har vilja bruke Maalforma aat Aasen. Eg hugsa soleids, at de var ein i Fedraheimen ein Gong (eg trur, at han var ifraa Vestlande) som kom so kaut og spurde O. J. Høyem, kva Rett han hadde til aa segje, at Bøkerne hans (Høyem) var skrive paa Landsmaale. De var vel fordi, at han inkje retteleg vilde gaa i Fotefarom aat Aasen. Slikt lover inkje noko godt. De, som eg trur, de mest gjeld om, er aa faa ei Maalform, som er so norsk som mogleg og so lik Talen aat dei flestalle som mogleg. Eg trur Aasen har set paa de første, men lite paa de siste. Eg har inkje fare so mykje i Lande, at eg veit de av eigje Røynsel, men ettesom eg har høyrt, skal de vera so, og at de er so, er de vel vandt aa negte for au. De er vel inkje greitt aa raake paa de rette helder, og de nytte vel lite og aa segje, at so og so skal Landsmaale skrivas eller vera. Maale bli vel som de fleste skriv de. Kjem me Tia og dei fleistalle Maalmenn til aa skrive Landsmaale, som de no er, so blir de vel so, naar de skal føres som aalment Bokmaal ogso. Men de er ein annan Ting, om de inkje gagna Maalsakja meire, vist Maalmennerne tok aat aa skrive ei Maalform, som var meire lik Talemaale aat Landsfolkje, enn som no er. De er so undarlegt me Maale, Folkje og Maale er eit. Om ein gjorde, som eg har peikt paa her, so kunde ein vel enno faa ei Maalform, som var bra norsk. Den Mannen, som har raakt best her, trur eg er Ivar Høyem. Om han har raakt so godt, som de læt seg gjera, er vandt. Men eg trur, som sagt, at han har raakt best. Eg har inkje høyrt nokon har sagt, at hans Maalform er inkje norsk. De maa vel vera norsk aa segje: Kua og Elva og Bergja og Stolane og skrive o.s.b. o.s.b. Elder kanskje Kui og Elvi og Bergji og Stolarne og skriva er norsk. Er de so, so har ein enno mindre Rett til aa setja opp Aasen si Maalform som Mønsterform, for eg held meg til di, at ein skal skape Skoen ette Foten og inkje Foten ette Skoen. Me maa hugse paa, at de er de Maale, som ein tale, som me rette er Maale, de livande Maale. Tala dei fleiste Nordmenn dansk, so hjelpte de lite, om ein skreiv norsk. De vart underlegt, ein fekk de inkje til helder. Men sovidt, som Berner vil gaa, veit eg inkje, om eg kann. Skulde dei, som snakka Bymaale, faa so mykje av Maale sitt i Maalforma, at dei kunde finne seg heime der, so trur eg daa, at Maalforma vart forlite norsk. Eg trur at Byfolkje og dei, som har dei allra laakaste Bygdemaala, maa gaa den Vegen, som Bjørnson slær paa, og Knudsen sin Veg tess de at Talemaale deira blir so norsk, og de blir naturlegare for dei aa skrive norsk-norsk elder norsk-dansk. For dei, som tale de norske Maale, er unaturlegt aa gaa den Vegen. Dei er inkje trengde til de helder. Eg trur, at den maa have eit svert laakt Bygdamaal, som inkje er helder betre tente me aa skrive de Landsmaale, som no brukes enn Knudsens Form, dess helder kunde vi faa ei Landsmaalsform, som laag endaa nærmare aat Talemaale aat Landsfolkje. Eg har langt ifraa inkje de beste Bygdamaal, men likevel var de mykje naturlegare for meg aa skrive de stivaste Aasens Maal enn aa gaa den Vegen, som Knudsen har staka upp. Dess meire Liv de daa var i dei, som de var naturlegaste for aa samle seg om den norske Maalforma, og dess meire dei skriv henne og dess meire dei tok til aa reinske sitt Bygdemaal for dei framande Ora, so Talemaale vart meire norsk, dess før vann Byfolke og dei andre som gjekk Vegen aat Knudsen fram. Eg tok til med di, at eg syntes, at de hadde kome meire Liv i Maalmennerne no; men eg synes, at de er endaa mykje, som feile paa. Eg veit au mange, som segje, at dei er glae i Maalsakjen, men dei gjer inkje noko for henne, korkje øve seg i aa skrive elder legg seg etter aa kunne tale Bygdemaale sitt reinare, elder held Maalbla elder kjøpe Maalbøker. Eg vone, at dei fleste, som les Fedraheimen, er retteleg Maalmenn. Be difor daa dei, som segjer, at dei er Maalstrævarar, men gjer inkje noko for Sakjen, at dei tek aat aa arbeide paa aa kunne tala de norske Maale reinare og bruke de like heilhuga, same kven dei tale ve, ja om de er so me sjølve han Prestfar, og at dei øve seg til aa skrive Landsmaale, men er dei inkje soleis, at dei kann lære de elder har inkje Ti til de, so be dei skriv Bokmaale norskare, og so at dei ettesom dei har Emne til de, hjelpe Sakja ve aa kjøpe Maalbøker o.s.b. Gjer dei de, skal vi nokkvinna fram lite Grand um Senn. Eg trur, at den Tia vil koma att, at baade Lands- og Byfolkje kjem til aa kunna kjenne seg meire heime ve aa bruke ei retteleg norsk Maalform enn ei framande.

Og lengje maa de inkje bli, før Landsmaale maa bli brukt i Skulen. Borna paa Lande maa faa øve seg til aa lesa Morsmaale sitt. Eg synes, at Skulestyre i kvar Bygd skulde anten kjøpe nokre av Lesebokjen hans Hegstad elder so nokre av ei anna Bok, som var lugum til Lesebok i Skulen t. D. Skottesoga hans A. Austlid, og dela ut paa dei ymse Skular. So skulde Folk kjøpe ABC hans A. Austlid og bruke heime aat Smaabornom. Fyrst læra norsk, so dansk. Vilde Foreldra de for Aalvor, hjelpte de korkje kva Prest elder dei andre høge Herra sagde.


Sparbu.

O. Aa.