Tidender.
Kristiania,
den 4de April.
Riksretten hev gjort fraa
seg no. Dei vart ferduge um Tysdagen. Dei slapp lett ifraa det dei
tri siste, Johansen og Schweigaard og Hertzberg, med di at det var
berre dei tvo siste Sakerne (um Folkevæpningsamlagi og
Jarnvegsstyret) dei hadde havt Aaføre til aa vera med paa.
Dei vart dømde til aa
böta aat Rikskassa 8000 Kr. Kvar. Det sannast som det sagde eit
engelsk Blad, at det er milde Tider me liver i no.
200,000Kr.
umlag kjem Riksretten til aa kosta Rikskassa. Fyrst skal Landet lida
Skade av dese Riksraadarne i mange Aar, og so skal ein attpaa betala
store Pengar for aa bli kvitt dei. Kunde inkje dei lettvinnt hava
spara oss for
desse
Utgifterne daa iminsto. Hadde dei berre teket Avskil ifjor dei, so
hadde dei daa sluppet, at dette skulde leggjast dei til Last ogso.
Var det noko To i Høgreflokken og fannst det national Æra i dei, so
sanka dei inn desse Pengarne og, for det er meir aa tykkja Synd i
Rikskassa enn i desse 11. Husmenn og Fiskarar og Arbeidsfolk, dei er
det væl som kjem til aa svida for det hardast. Det er inkje anna enn
rimelegt at den som hev lagt Skatten paa, ogso lyt betala honom, og
det er sanneleg Høgreflokken og dei 11 sjølve, det er dei som hev
nøydd Folk til aa taka denne Utvegen.
Men meiner me inkje, at
Høgrebladi er so ubljuge, at dei vil velta Andsvar inn paa
Stortinget i dette her ogso daa!
Um me viste, at det
inkje var forseint, vilde me raada Høgre til aa ganga i Skule hjaa
Vinstre allvist daa hjaa Bønderne, dei hadde godt av aa læra av
desse ein Ting, som Bønderne hev havt meir av enn dei sjølve treng
til alle Tider og hev det endaa:
Bljugskapen.
Det er forunderleg med
Høgre, endaa dei hev vist um dette lenge, so hev dei aldri kunna
lært av oss, men dei hev nytta Bljugskapen vaar til Bate for seg
sjølve paa ein stygg Maate. So den Bljugskapen hev nokk voret ei
kostesam Dygd for oss den. Hadde me haldet oss byrge fraa det fyrste
me, so hadde alt voret greidt for lenge sidan.
Jamvæl Vetomenn
gjeng ifraa Høgre no. Tilslutt vert det berre Revolutionsflokken
att.
Ein av sjølve
Fakultetskarom som var med og laga Betænkningen og finna ut
det absolutte Veto, Professor
Fr.
Brandt
. Han held paa Vetoet endaa, men
likevæl hev han sagt seg ut ifraa Høgre. Statsraadarne hev vist
slikt Uforstand og Stivsind likevæl meiner han, at dei
fullvæl fortener Domen sin. Endaa han i store Stykkje inkje kann
vera einig med Riksrettsdomen, segjer han, so kann han inkje anna enn
mislika de aabenbare revolutionære Opfordringer, som
Høgrepressa jamvel hev gjevet Kongen og dei skamlause etter Krll.
9
_26
beintfram straff berre Svivyrdingar mot Riksretten. Slike Usømur er
det inkje nokk med aa tegja ihel, ein bør møta med kraftigt
Motlegg, daa det hellest kunde føra Folk paa Villa og døyva
Vyrdnaden for Lovens Maal.
Chr. Bruun,
som no mange reiknar for Høgremann og som daa vist er fælt godlynd
mot Høgre og som reint mislika at det skulde bli Riksrett paa den
Maaten, endaa han held seg til 9de Juni
_
han ogso held det for, at det hadde inkje voret rettferdigt, um dei
inkje hadde dømt slike uverduge til aa sitja i Raadet aat Kongen.
Den høgste Straff, som dei kann dømast til for Vant paa sunn Sans i
Riks-Styringi, segjer han, den hev dei gjort seg fortent til fullt
ut, ja meire enn fullt ut.
Vil ein leita etter
sanne
Høgremenn no, so fær ein inkje ganga aat dei som kallar seg slik;
ein maa leita millom Vinstre, der finn ein mange.
Fædrelandet
er rette Guten det. Det meiner at i Røgudi, so er det inkje desse 11
Menn og deires System, som Riksretten hev dømt. Det er det gamle
Moralsystem, det er den gamle Gud, som er dømd. Det er den
Læra, som er godkjend at du skal frygte Mennesker mere end Gud.
Veit Bladet kvat det segjer, veit det, at det segjer slike Ord um
dei, som hev gjort Eiden sin paa aa fara etter Gud og Samvitet og
inkje gjera av Otte for Menneskje? Bladet hev daa trykte upp den
Eiden so ofte, at dei burde kjenna han. Blygjest dei daa inkje for aa
gjera Landsens beste Menn til meinsvorne kanskje?
Ærer alle, elsker
Broderskabet, frygter Gud, ærer Kongen.
Ja slik var Hærem,
som grundlagde Fædrelandet; han var slik han kunde fylla dei
Ordi han og liva etter dei.
_
Men Hærems Minne det heidrast berre ved Gjerning av same Slaget som
han gjorde. Men take De burt det Bibelspraaket, det høver inkje paa
Dykkar Tunga. De skal inkje vanhelga Hærems Minne. Det er kjært for
mange. Take De burt det Bibelspraaket, paa det at det inkje skal døma
Dykk.
Tenkje etter det De
segjer, at Gud lader sig ikke spotte.
Stygge Ord
flaug her um at dei skulde hava sennt ut Spurnad til andre
Regjeringar med Bøn um Hjelp aat Vetopolitikken. England og Rusland
og Danmark skulde inkje hava vyrdt det det Slag. Men Keisar Wilhelm
skulde hava sagt, at galt det so um det, kunde han lata til dei
Kronurne, som Kronprinsen skulde hava. Ja han kunde likeso godt senda
noko Tusind Hermenn ogso.
Kvi skunda dei seg inkje
med aa avsanna slikt?
Det nye
Statsraadet
.
Endeleg hev det vortet
utnemnt.
Statsraad
Schweigaard
Statsministar.
Løytnant
Carl
Løvenskjold
Statsministar i Stockholm.
Amtmann
Bang.
Felttymeistar
Dahll.
Professor
Aubert.
Professor
Ebbe Hertzberg.
Ekspeditionssekretær
Reimers.
Statsraad
Johansen
og Statsraad
Niels Hertzberg
skal standa til so lenge.
Ein Statsraadspost er
inkje sett endaa. Og ein er inndregjen etter som det hev vortet
vedtekjet av Stortinget før. So det berre er 10 Postar no ialt.
Det er kjende Karar
alle saman (paa Dahll og Reimers nær, som me inkje hev vist var til
før no):
Løvenskjold
kann me soleids minnast me hev set Namnet til paa Folkemøte saman
med A. B. C. Rustad.
Bang
er kjend som Framsyning av Aanden i Drammen og som Tolkar av
Einvaldstanken, i Stortinget.
Aubert
er ein av Fakultetskarom, Fædrelands
_
ven og illsviden Høgretalar.
Ebbe Hertzberg
er væl best kjend for Folk som Vetodiktar i Morgenbladet.
No skal væl her verta
Leik, men at den Leiken kann standast noko lang Tid, det trur inkje
me. Det kann koma væl med, at dei er rike sume av dei, i Tilfelle
det skulde koma til aa ganga likaeins med desse som dei gamle.
Leiken hev alt
byrjat
. Det skal leggjast Sak mot 4
Blad for Høgbrot: Dagbladet, Verdens Gang, Dagsposten, Indtrønderen;
dei hev voret for høgmælte um Kongen.
Sume Folk tykkjer
gildt i ein Orden, andre held det for jamnhøg Æra aa faa ei
Utnemning paa denne her Maaten. Det er sume som inkje held ein for
fullvaksen Kar, naar han hev alt ufreista paa den Vegen. Me skal
vaaga, at Bjørnson likar seg no
_
det var han, som hadde skrevet Stykkjet i Verdens Gang. Med det same
han fekk høyra det skulde bli Sak, tok han Hyven fraa Paris det
fortaste han vann, og no kjem han ruggande Stigom storom. Han
unner inkje Thommesen aa sitja i Holet i Staden sin, han vil nok
freista den Moroi sjølv.
Aarsmøtet
aat det norske Samlaget. Me skal leggja lite meir attaat Meldingi i
fyrre Numret.
Det var tilstades millom
30 og 40 Karar og Kvende. Det vart talat innpaa, at Samlaget burde
sjaa til aa faa gjort Vinjes Skrifter billegare, til Dømes um det
kunde laga seg so, at den som melde seg inn i Samlaget no for 1884 og
desutan betalte 5 Kr. liksom for 1883, han skulde faa alt som var
komet av denne Vinjes Boki.
Folkehøgskulelærar Jak.
Sverdrup gjorde eit Framlegg, som Samlaget tok ved. Framlegget hans
lydde soleids:
Aarsmødet anmoder
Styret om at udsende et Sirkulære indeholdende Meddelelser og
Oplysninger om Samlaget og dets Virken til alle der kan antages at
nære Interesse for Maal- sagen. Det overlades til Styret at
udarbeide bemeldte Sirkulære paa Grundlag af de i Aarsmødet faldne
Udtalelser.
Dei tok Statsrevisor
Hølaas til Formann (28 var med paa det). Dei tok Kand. H. Halvorsen
og Kand. I. Mortensen til Styresmenn attaat (29). Amanuensis Kand.
Seippel (ved Boksamlingi paa Universitetet) og Universitetsstipendiat
Dr. E. B. Holst vart Varamenn ved Styringi.
Til Domsnemnd vart det
teket Ivar Aasen og Prof. Dr. Blix (35) og Prof. Dr. Unger (34) og
Maalgranskaren Hans Ross (34). Berner fraabad seg.
Til Ettersynsmenn Kand.
Eliassen og Organist Bjærum.
Nyt Tidsskrift.
Andre Heftet 1884 inneheld:
To Digte af Jonas Lie.
_
Indtryk og Erindringer af Marie Colban.
_
Om Kvindesagen af H. E.
Berner.
_
Noter til rationalistiske Forsoningsforslag af E. Jessen.
_
Vælgernes retfærdigste Repræsentation af Fredrik Bajer.
_
Keshub Chunder Sen og Brahma Somaj af Indien af Kristofer Janson.
_
Norske Musikere, anm. af M. S.
_
Udsigt over den norske Kirkes Historie efter Reformationen, anm. af
J. E. Sars.
_
Mindre Anmeldelser.
I 3dje Heftet kjem det
Framhald av Forteljingi hans Bjørnson: Det flager i Byen og paa
Haven.
For frisindet
Christendom
No. 7 inneheld:
Vort maadeholdne
Høire.
_Rigsrettens
Dom.
Amerikareisande
gjeve Agt paa, at dei som reiser
herifraa med
um Boston.
um
Newyork.
den 18de April kann
Pavonia 5000 Tons eller Servia 7500 Tons. Cunard velja
_
2dre Mai - Cephalonia 5000
_
Gallia 5000
_
9de
_
-
_ _ _ - Aurania 7500
_
16de
_
- Catalonia 5000 -
_ _ _
_
23de
_
- Pavonia 5000 - Servia 7500
Servia
er
det største Skipet paa Atlanderhavet, Aurania
godkjent for det
snøggaste. Inkje nokot av desse Skipi er meir
enn 3 Aar. Med
Servia hev Folk gjort Turen fraa New York
til Kristiania paa
11 Dagar. Fragti er nedsett. Fyriaat-betaling,
som sikrar Plads, sender
De til
S. Andr. Watthen,
Trondhjem.
Joach. Engelsen,
Bergen
Sven Haabeth,
Stavanger.
E. F. C. Ullitz,
Kristianssand.
Cunard. Lina.
M. A. Lea,
Jernbanetorget
6,
Kristiania.
Med
Dominion-Liniens
store, nye og
bekvemt indrettede Dampskibe befordres Passagerer til alle Steder i
Amerika
for betydeligt nedsat Pris.
Liniens
nye
Skib
Vancouver, 5,500Tons,
en af de elegantest udstyrede Dampere i Emigrantfarten, vil gjøre
sin første Reise i Begyndelsen af Mai. Mellemdækket, der er
ualmindeligt høit, vil ligesaavel som 1ste og 2den Plads blive
oplyste af elektriskt Lys. Kommandoen paa dette Skib vil blive
overtaget af den for sin
Imødekommenhed
mod Passagererne saameget roste svenske Kaptein Lindahl.
Flere i Amerika
bosiddende Nordmænd reise over med Vancouver paa sin første
Tur, saa der er Anledning til godt Reisefølge.
Kart, Cirkulærer og
Bøger indeholdende Beskrivelser over Manitoba, hvor Indvandrere
erholder
160 Acres Land frit,
faaes gratis ved Henvendelse til
Joh.
Krantz,
Jernbanetorvet No. 11,
Christiania.
Publisert