Fraa ei Landsbygd.

(Del 3 av 5. Fyrste delen.)
V.
Det hev voret harde Dagar fyr det selmerske Styre no ei Stund. Aa verta dømd fraa Embette fyr aa hava tilraada Hs. Majestæt landsskadelege Raad, det er ei aalvaarleg Sak. Det er eit Ord som segjer, at den som kliv for høgt, han dett for tungt, og det tykkjer eg passar paa eit slikt Kungsraad. Dei hev trassa forlengje imot, sett hardt mot hardt og lite paa, at Folk skulde tegja og samtykkja til alt, men rett som det var, brast Fotefeste, og dei laut gaa av. Dei kunde gjerna gjort det godviljugt. For det hev no alltid voret og er det den Dag idag aalmennelg Skjikk i dei konstitusjonelt styrde Land, at eit Kungsraad, som hev onnor politisk Tru enn dei folkevalde Menn, dei maaganga av, naar dei ser, dei inkje kann einast med Stortingsfleirtalet. Det kunde ogso gjerna vaar kgl. norske Regjering gjort fyr lengje sidan, so hadde dei no sloppe vorte avsette. _ So lerde Menn som dei, maatte hava leset og tenkt seg til, at den javne og sunne Framgong fører i vaart Land paa eit Haar til det same som i dei andre Land, der Folkestyre er heilt og fullt gjenomført, t. D. England, Frankrike, Sveits, Holland, o.s.b. Men no kann dei inkje ha leset so mykje som ei Sigw. Petersens Verdenssoga, for sjølvt i den vilde dei hava funne, at detta er sannt _ elder kanskje dei hev gløymt det igjen? Isofall fær dei no paa sine gamle Dagar god Tid til aa lesa uppigjen si Verdenssoga. _ Her umkring var det stor Spenning dei Dagarne, daa me venta Domen i Selmers Sak. Me tykkte, det maatte vera mest umogelegt, at han kunde verta frikjend, men det er no likevel ottasamt, naar det lid innpaa Avgjeringi i so stor ei Sak, ein er inkje sikker, fyrr ein høyrer Utfallet. Me var her mest allesaman einige med Aktor i hans Paastand, men like- væl høyrde eg inkje ein som knydde, daa Domen kom. Det var lika stort Gledebodskap, naar det kom, alle var velnøgde med Domen, for me viste, at det var Riksrettsmennernes heilagste, innerste Rettferds-Kjensla, som hadde sett Domen slik paa Papiret. Og daa skal det lite hjelpa, alt det Høgre skumlar. Dei Menn, som er sende fraa oss Landsfolkje, vil me heidra og fagna som gjeve Karar, naar dei kjem heimatter, og det tykkjer me Høgre, Kristiania-Inteligensen med ”Morgenbladet” i Fyreenden, ogso gjerna kunde gjera med sine Menn istadenfyr aa skjella dei ut som ”bert Menn av Ord”. _ Ja eg kann no helder inkje skjyna, korleids Høgre fær Lov til utan Hinder aa skjenna ut Storting og Riksrett slik, som dei gjerer. I ”Mgbl.”, ”Budst.”, ”Fædrl.” o.s.b. er det no mest ingen Ende paa hatefulle Utfall. Gong paa Gong talar dei um ”inhabile Dommere”, ”uretferdig Dom”, ”Haan mod al Retspleie” o.s.v. og det etter, at Dom er fallen. Og Defensor Bergh tok Avskjil fraa dei ”høisterverdige Herrer” med det usømelege Uttal, at det var inkje Gagn i aa føra Sak fyr ein slik Rett! Tenk um det hadde voret Vinstre, som hadde brukt uvyrden Munn! Ja no ser me, korleids det gjeng daa, kom berre i Hug Jon Hol, Graneggen og dei andre Konstablar paa Horten. Men det er no ogso Forskjel paa Kong Salomon og Jørund Hattemakar!
Ja Graneggen og dei 66 paa Horten, dei fekk daa ordentleg Juling lell. Maa inkje no den ”militæreAand”, ”Disiplinen”, ”Lydigheden” og altsaman det, som ein kjenner so vel att fraa Eksisplassen, snart verta fullkomlegt, so veit inkje eg. For det gjev Respekt det: fraa 20 til 70 Dagar einsamt Fengsel (det siste er vel paalag det same som Livsstraf) fyr aa hava sagt noko, som vistnok i Hovudpunktarne er sannt, men som ein etter Reglarne likevel inkje hev Lov til aa segja. _ Det er noko mange Aar no, sidan eg var med i det militære Stell, men eg kann so godt hugsa, korleids det var. Og eg forstaar, etter det som no hende paa Horten, at det er i den same Stil enno. Men eg tenkjer, at ogso detta er godt fyr noko: di verre dei gjerer det, di fyrr er me kvitt det heile. Det hev aldri gjenge ann paa unaturleg Maate aa demma og stengja fyr det, som vil og maa fram. Set Reglar og Paragrafar upp mot Tale- og Trusfridom, elder steng den offentlege Kritik ute ved Fengsel og Pinebenk, so skal me sjaa, at det gjeng, som naar du demmer upp ei Elv: ei Stund kann ho haldast ute, men paa Slutten bryt ho seg laus, og daa gjeng ho inkje Brudemarsjen med Silkesko paa. Verdenssoga veit sume Ting aa fortelja ogso um den Ting. _ I kvart Fall er alle Frisinna, som eg hev snakka med, einige i, at slikt Stell som detta fraa Horten er aldeles umogelegt i Lengdi.
Eg hev nettupp i desse Dagar lese Boki hans A. M. St. Arctander um ”Folkefrihed og Høikirkelighed”. Eg vil fyr det fyrste segja Arctander Takk fyr, at han so djervt og klaart og greidt hev skrive um den Saki og fyr det andre beda alle, som vil hava Klaarskap yver den Ting, at dei kauper Boki. Der er noko meir av Klaarskap og Mengd av Tankar enn i alt det Kjevl, som ein i Høgreaviser og Uppropsskrifter Dag um annan fær til Livs, som fyr det fyrste er so rasande og hatefullt mot Enkeltmenn, at det reint fløymer yver, og fyr det andre so tunnt av Tankar og so fullt av nakne usamanhengjande Paastandar, at det er verre enn eit tunnt Saald. _ Det er med detta, som eg sa aavanfyr: hadde dei Godtfolk Upproparar lese noko meir Soga og havt Vilje til aa sjaa Utviklingen og Samanhengen i Menneskjelive, vilde dei paa mest kvart Blad i Sogaen set, at det er inkje noko Splinternytt som Verdi aldri hev set Makjen til, detta som me no stend mitt uppi. Det er mangein god Dag sidan dei t.d. i England hev gjort fraa seg Striden um det absolute Veto. I kyrkjeleg Fridom er dei ogso komne eit Stig og tvo forbi oss. Soga vilde um det fortelja, at den same Luterske Reformasjon som i det 16de og 17de Aarh. sette England og mest heile Europa i Eld fyr aa tilkjempa seg borgarleg og kyrkjeleg Fridom og Menneskjerett, den same Reformasjon er det, som fyrst i detta Aarhundrad fyr Aalvor hev sett oss Nordmenn i Fart fyr Fridoms- og Framgongsarbeidet. Dengong var me inkje komne lenger, enn at Arbeidet fyr det meste gjekk ut paa aa slaa Prestar og Futar ihel. Men hev det kome noko seinare til oss, so kanskje det til Gjengjeld hev utvikla seg noko klaarare og reinare _ i kvartfall det politiske _ med mindre Vald og Drap og Revolusjon enn i dei fleste andre Land, og det er ogso ein god Ting. At Prestar og Teologar og andre lerde Menn fortigjer alt detta _ ja eg segjer: fortigjer, for dei maa daa so sanneleg vita det _ det er eit Døme paa korleids dei kann stikka Sannheiti under Stolen, naar dei inkje likar den. Men det hjelp no inkje, det skal fram, Folketalarar maa bera det fram, og Arctander hev i si Bok boret det fram so djervt og greidskoret, so det er hugnadsamt aa lesa det. Difyr segjer eg uppatter, at alle som vil hava meir Greida paa desse Ting, maa kaupa Boki hans. Ho kostar Kr. 1.20.
Fyrst i April 84.
R.  
 
( Meir.