Meir Maalstrid.


Det stod i siste Nr. av Fedraheimen eit Stykkje av O. Aa. Han likte inkje den Maalformi, som no er vedteki av mest alle dei beste Maalmennerne vaare. Eg veit inkje, um det var Meiningi hans aa skjipa ei heil ny Form elder kvat han vilde _ men det, me hev, likar han inkje.

Som me veit, var det Aasen, som fyrst sette upp denne Formi. Aasen er den største Vitenskapsmannen me hev, og ein lyt væl tru, at han veit, kvat han gjorde og sette upp nokot som heilt upp var norskt. Han visste, hokken Ugreida det er inkje aa hava ei fast Maalform i Landet. Dette hev au dei flest- alle Maalmennerne gjenget med paa; dei hev brukat Aasens Form, um dei enn laut gjeva upp nokot av det, dei sjølv vilde hava. Men det synte seg strakst, at Formi hans I. Aasen var nokot væl stiv, og difor vart Maalet smaatt um Senn meir og meir moderne. Slik gjeng det, veit me, med alle livande Maal. Alt gjeng fram, inkje stend still. Skulde me no kasta burt det, me hev vunnet i 30 Aar, so vilde me staa att i berre Vonløysa.

Det vilde vera det same som aa segja til Aasen, Vinje, Janson, Garborg, Krohn, Fedraheimen o.s.fr: Det Maal, som me hev havt no i 30 Aar, er inkje nokot tess; me lyt gjera heile Greida uppatt.

Men det segjer inkje den, som elskar desse Diktararne vaare og det Maalet, som dei skriv. Kvat skal det vera godt for aa faa nokot nytt no. Dei, som vil hava nokot for seg sjølve, lyt ofra litevette, og er det ikkje større Skilnaden hell aa skriva Kui, Elvi, Bergji o.s.fr. for Kua, Elva, Bergja, so kann dei vel gjera so mykjet.

Det er inkje berre her i Norig, at Skrivemaalet inkje er likt med Talemaalet. Det same finnst i alle andre Land paa Lag _ dessutan vilde det vera umogelegt aa faa ein Stavemaate, som plent høver til Talen. Meiningi er naturlegvis, at kvar skal uttala den Formi, som er uppsett; Skrivemaalet soleids, som ein pla van aa tala.

Nei lat oss halda ved den Formi, som me hev fengjet, og som alle Diktararne vaare hev brukat. Me hev sett, kvat ho duger til og betre vert det væl med Tidi, men det er inkje godt aa vita, korleids den Formi vert, som bryggjast ihop av baade Per og Paal.


Jonas N.