Skularne fyre Bønder.


(Av ein Bonde.)


I. Aalmugeskulen.


Det fyrste Barnet skal taka til med, naar det kjem aat Skulen er aa læra lesa, um det inkje kann det fyrr. Det skal læra sitt Modersmaal, som det heiter. Kor det er no elder inkje med detta Modersmaalet, so er det no eit fyre Barnet framandt Maal, som Barnet skynar litet elder inkje av. Einkvar veit det tek Tid aa læra eit framandt Maal. Det kann ein sjaa, det gjerer for Barnet med. Det gjeng strævsamt aa læra stava og lesa, men tyngst er det no likavel for Barnet aa skyna det stavade og læste.

Eit naudturvelegt Krav syner seg her, Kravet paa gode og høvelege Skulebøker paa Norsk. Men alt skal vera paa Dansk. Me er sindige Nordmenn. Ein skal inkje taka det for braatt. Kvifyre kunde daa inkje Thingmennerne under siste Dryvtingi av Skulelogi taka Steget heilt ut og paabodet, at Undervisningen skalførast paa Landsmaal elder Barnets Maalføre, istadenfyre detta saavidt muligt, som leter seg tøygja til alle Sidur? Dei ottast det var fortidlegt. Her var inkje Bøker til detta Bruket paa Landsmaalet. Det hadde det nokk vortet, naar Kravi paa deim var komne. Her var daa inkje slik Brest paa dugande Menner til det Yrket, at dei turvte tvila paa det. Lenge nokk hev me no plagat oss med den Gjengangar fraa Dansketidi i autoriserade Skulebøker paa Dansk for den norsktalande norske Bondeungdom. Dei norske Skuleborn skal endaa no syvti Aar etter Frigjeringi fraa Danmark vera nøydde til aa tenkja og skriva paa Dansk, fyrr dei hev nokon Greida paa sit eiget Maal! Hadde no det voret, at Dansk er eit slikt utifraa Maal, som me inkje skadeslaust kann undvera, og vaart eiget Maal slikt eit laakt eit, som me inkje kunde hjelpa oss med paa nokon skapleg Maate, ja daa kunde det no endaa voret. Men no veit me, at Norsk er eit Maal, som me kann hava Æra av og slet inkje tarv skjemmast av, korkje i Skule elder Kyrkja, korkje i Helg elder Vyrkja. _ No tek vaksne Landsfolket til aa venjast av med den Uvane aa apa etter Byfolket og Embetsmenner med Fjusking av Dansk. Kvifyre daa inkje gjera aalvorlege Tiltak, lata det verta ei Merkjesak, so Borni vaare kunde daa verta fri den Plaga med. Det er ingi Æra for oss, at me finner oss i det slik. Inkje berre det, men det hefter Barnet burt heile Skuletidi utetter. Det er daa greit, at Barnet vilde skyna einkvar Ting myket fortare og myket klaarare, naar det vart lagt høvelegt for det i dets eiget Maal. Eg heve t.d. set Austlids ABC vortet brukad til aa læra Born lesa i. Skelegt tyktes eg daa sjaa, det gjekk myket fljotare enn vanlegt. Borni tykte det var rart aa sjaa detta i Bøker, soleids som dei sjølve hadde set og høyrt det. Morosamt var det, for dei skynad mest kvart Ordet. Dei stavad og strævad for aa faa sjaa meir av sama Slaget. Men det var um Skulen eg var tenkt skriva.

Er no Barnet komet solangt, at det kann lesa greidlegt, skal det til aa pugga sin Kristendom inn i sit vesle Hovud.

Katekisma skal no verta fyrst lært. Det er ei god liti Bok, naar Borni tek til aa skyna nokot meir. Ellest trur eg, at Lekselæringi burde latast vera her med dei fyrste Aari. Detta Samandraget av Trui hadde vistnokk Smaaborni i dei fyrste Skuleaari myket betre av aa høyra fortalt i høvelege Ordalag. Men sannt aa segja, tykkjer eg, det er bakvendt aa setja Samandraget fyrst. Nei høvelegare maatte det vera, at Læraren fyrst fortalde Borni Bibelsoga og so kanskje let deim læra Katekisma. Daa kunde dei og skyna den.

So kjem Bibelhistorien. Kvat meinar dykk, skulde det inkje vera baate myket lettare og meir frugtbringande fyre Borni, um Læraren fortalde Bibelsoga paa Barnets Maal, enn som det no er, Læraren let Barnet læra aa ramsa upp lange Stykkje paa Dansk og kanskje skjenner so smaatt, um det inkje vert rett leset? Ein kunde no vera freista tru, det skulde vera det. Var det ein truande Lærar og ein, som var høveleg til det Yrket, skulde du sjaa, Barnet hadde Hugnad av Bibelsoga. Naar det paa ein kjærleg Maate vart synt all den Kjærleike, som syner seg fram heila Bibelsoga utetter, so skulde du berre sjaa, kor glade Borni vilde vera ved aa faa lyda paa, og kor forhippade dei skulde verta etter aa faa høyra meir. Borni er so hjarteleg glade, naar ein forteller godt gode Eventyr, men myket gladare maatte dei verta, naar dei fekk høyra Bibelsoga godt fortald.

Forklaringi med sine stiva Dogmer og Former fyre Kristenlivet, trur eg, gjerer meir Skade enn Gagn i Barneskulen. Det stiller seg nokot rart fyre meg til aa tru, at den kristelege Vekking t.d. skal ganga so støtt og fast, som der er umtalat. Eg trur no det, at Kristenlivet kjem paa mangeslags Maatar, utan aa bry seg det minste, um alle desse Prestarnes dogmatiske Gjerde. Dei faste Reglarne og Kjenneteikni kann bringa sterkare og meir klaartenkte Folk enn Borni i Tvil um si Tru og sitt Liv. Eit truande Barn liver sælt i si Tru. Dogmatiken hev det inkje Bruk for andrestedar enn i Skulen, slett inkje, naar det bed til elder tenkjer paa Gud. Pontoppidan eslade Boki si til Rettleiding for Lærararne. Dei fjuskade Boki inn paa Borni. Skal me daa i all Eva tola detta Fjusket? Ein kunde mest tru, Borni lenge nokk til Faanytta hev vortet plaga med denne Boki. Til Faanytta er det aa læra Former og Reglar for eit Liv, ein inkje hev lært aa liva. Det gjerer inkje ei Bok som Forklaringi. Livet maa koma av, at Hjartat er paaverkat av Læren. Fyrst naar Trui hev vortet ei Hjartasak kann der vera Snakk um Liv. Slett inkje kjem det no kristdlegt Liv av, at Lærararne proppar Hovudet paa Skuleborni fult med Spursmaal og Svar av Pontoppidan. Det kunde vel henda, det er bakvendt aa læra Formerne fyrst og so Livet. Nei Livet fyrst, so kjem nokk Formerne som trengst av seg sjølv. Lat inkje Barnet hefta burt Tidi med Dogmatik. Det kann den vaksne gjera, um han vil _ Det maatte no vel vera eit myket hævare Maalbaate med Skule og fyre Lærarar aa faa livande Kristentru inn i Barnahjarta enn berre faa nokon daude Reglar feste i Minnet, som det kann ramsa upp som ei onnor Maskina, naar det vert sett til det.

Ein Ting til kann vera verd aa merkjast, um Skulen kunde takast, som det her i ymse Stykke er innpaatydt. Der maatte verta myke Tid vunni, som kunde brukast til andre Ting utan at Religionen vilde hava nokot tapt, men myket vunnet. Eg tenkjer, at einkvar lyt sanna, at det, som hev vortet ei Hjartasak, som Menneskjet umsluttar med sin Kjærleike, heng myket fastare og heve meir Innverknad paa Livet, enn det, som berre er ei Forstandssak. Ein skynar det, hev Greida paa det, men ingen Kjærleik tilovers for det.

Den Tid, som vart igjen kunde t.d. brukast til aa lata Borni faa veta meir av sine Feders og andre Folks Soga, Landkunna, Natursoga, m.a.m.

Skulen vilde paa denne Maaten verta meir til Gagn fyre det borgarlege Livet paa same Tidi, som han kunde gjera myket til aa faa eit betre og myket hævare Mannaliv i vaart Fedraland. Men her er fyrst ein stor Brest aa raada Bot paa. Lærararne er inkje upplærde, som eg trur dei skulde vera. Faa er det kring Bygdarne, som hev kunna rivet seg lause fraa den Upplæringi, dei hev fenget; men desse er daa mest jamt dugande Menner i sitt Yrkje.

Seminarskulen er ingen Folkeskule, det eg seinare kannhenda, skal prøva syna.

Der er endaa ein Ting til, eg vil nemna, medan eg skriv um Aalmugeskulen. Det er Styringi og Ordningi av Skular. Det er no inkje dei Tider lenger, at nettupp Presten er den dygtigaste Mannen i Bygdi. Difyre skulde inkje han meir held nokon annan vera sjølvskriven som Styrar av Skulekommissjon og Skulestellet ellest i Bygderne kringom. Presten kunde gjerna liksom ein av Lærararne vera sjølvskriven til aa vera med, men Styrar skulde han vera, som Folket hadde mest Tru til her som i andre Greider.

So skulde Formannskapet hava Retten til aa innsetja Lærarar og styra med Skulen ellest. Denne Stiftsdireksjonen, som er so framand for dei ymse Bygdekravi kunde no gjøymast solenge til ein saag, um ein hadde Bruk for den.

Dei ymse Skulesaker maatte no vel kunna ganga Heimevegen til Amtformannskapet med ein Gong og endaa vera lika vel farne, kanskje betre.

Dei tusund, der paa denne Visi kunde sparast, skulde brukast til Forbetring av Aalmugeskulen, som daa skulde heita Folkeskulen.