[Tidender.] Forsoningsministerium?
Det var med mykje Stræv
at den nye Regjeringi vart samla. Og endaa er ho inkje heil, endaa er
den tiande Plassen tom. Men ho skulde daa no vera sopas heil, at me
kunde sjaa, at me hadde ei Regjering iallfall. Det hev alt gjenget
mange Vikur.
Kvat hev dei gjort daa?
Hev dei kanskje møtt upp
i Stortinget? Nei.
Hev dei kanskje betala ut
Pengarne aat Folkevæpningsamlagi? Nei.
Hev dei kanskje kalla inn
Hjorth og Lunde i Jarnvegsstyret? Nei.
Det einaste me veit um dei
er at eine Hovdingen deira og tvo til er slike, som Riksretten hev
dømt i største Bot, som kann gjevast¹).
Hellest hev me berre lause Ord fraa Stang i Stortinget um at det skal
vera eit Forsoningsministerium, en helt igjennem
konstitutionel Regjering, der nærer Ønsket om Samarbeide med
Stortinget.
Det var ein god Attest ja.
Aa det er Skamm for ei
ærekjær Regjering aa faa Attestar for den gode Viljen sin, før dei
sjølve hev gjort noko!
For Attest millom Folk
kann dei berre faa paa ein Maate: ved Gjerningarne sine. Lat dei
vinna seg den, soframt dei held han gjæv, soframt dei nærer
Ønsker slike som Stang sagde.
Kvifor drygjer dei so?
Trur dei, at dei skal styrkjast med det? Aa nei, dei veit at dei fraa
fyrste Stund er sedde paa med Mistru. Lat dei so gjera eit Grip og
berga sine Voner og si Æra og fri den Lovnaden, som Stang og slike
hev gjort for dei.
Aa nei, dei gjer nokk
ingen Ting, Likesæla deira hev alt stempla dei og rivet burt alt
Grunnlag for aa tru paa kvart Lovnadsord.
Det skal inkje vera
noko Kamp-ministerium, sagde Morgenbl. Kvat skal det vera Meiningi
daa? Jau dei skal berre driva med
Forsvar.
Kven hev dei daa aa verja
seg imot?
Mot det norske
Folket
.
Kvat er det dei skal
verja?
Skuggar!
Dei skal ganga som nokre
Tullingar og gjæta sine Skuggar, gjæta Skuggar av det verkelege
Livet, dei som Tidekravet teiknar av.
Kvat skal me gjera,
korleids skal Stortinget fara aat? Skal det bida, til slike Folk
handlar? Daa fekk dei vist venta kalleg lengje.
Gjæta dei lyt me, det er
vist. Men det er inkje nokk. Me lyt verja oss me. Me lyt stella oss
slik, at me inkje gjev den anten Pengar hell anna aa stella med, meir
enn det endeleg trengst for at Riksstellet kann haldast ved Lag. Meir
Tillit hev me inkje til dei, før me hev fenget set kvat Slag Karar
det er.
Stortinget hev alt teket
til aa vara seg.
Det hev alt vortet fleire
Smaahoggingar, det er ymse Ting som dei hev komet inn paa det i. I
Lensmannsloven, i Kvendesaki, og no i Stellet med Sjøheren. Nemndi,
som hev med Herstellet, hadde alt minka av 300,000 Kr., men det var
inkje nokk til aa visa Misstilliten mot Regjeringi. Kapt. Krogh sette
hardt paa, at dei skulde gjera mykje meir Avkorting.
Der vart det ei
styggleg kvass Skuring, og dei er inkje ferduge endaa. Rynning (fraa
Drammen)
var so grov, at det var paa Tale aa jaga honom paa Dør.
¹) Jau det er sannt, eit
hev dei gjort, dei hev tilsett, at Bjørnson skal koma ibeit for eit
Stykkje
til, som hev stadet i Verdens Gang.
Publisert