[Tidender.]
Konowhev
gjort Framlegg um, at Odelstinget skal bruka Grunnlovens § 75, h og
kalla inn for seg Styraren i Armedepartementet, so dei kann faa
litevetta Greide paa desse Byrselaasi, som vart sundtekne og
Krutføringi til Akershus og slikt, den Tid Riksrettsdomarne heldt
paa.
Odelstinget
hev vedteket ein Lov um
Hustugt,
som gjeng ut paa, at ein maa inkje slaa hell tukta paa Kroppen
Tenestgutarne sine, naar dei er yver 15 Aar, hell Tenestgjenturne,
naar dei er yver 12 Aar.
Sørensenvilde
at Loven skulde taka med fleire enn dei som var i Tenest berre, men
det gjekk inkje igjenom.
So hev dei haldet
paa med Framlegget hans Berner og Furulund og Roll um ein ny
Val-lovi 9 §, som vil sikra Folk, at det
inkje vert set kven dei røyster paa. Dei skal berre bruka kvitt
Papir til Setlar og leggja det inni Umslag, som hev offentleg
Stempling. Det var berre 8 Mann, som var mot den: Stang, Birkeland,
R. Rynning, C. Rynning, Lorck, Rolvsen, Smitt og K. Bugge.
Folkehøgskulen i
Telemarki.
Paa eit Møte paa Strengen
Maandag denne Vika vart det avgjort, at
Utgardeni Selgjord skulde kaupast til
Folkehøgskulen.
Det er ein ven Gaard i
flataste Bygdi, og so heve daa Høgskulen fenget sin eigen Heim. Det
kann vera godt og, at Folkehøgskulen flyt ikring, men so vert det
snaudt den rette Gjerdi paa honom. Han er inkje heime nokonstad, og
inkje kann det verta heimslegt hjaa honom sjølv helder, for
Sveinarne maa daa bu kringum i Gard og Grend, og dei vert ikkje som
ein Huslyd med Lærarne. Og Ullmann heve stundat etter ein Stad, der
han var heima, og no skal han fulla faa det.
Og Skulen kann faa taka
det meir praktisk no, Jordbruket vil han visst koma til aa taka seg
av millom annat.
Det er sagti
nokre Blad, at Sæhli paa Hamar og Christiansen i Larvik hev voret
spurde um aa gange inn i Regjeringi.
I lang Tid hev Regjeringi
sytt fyre aa setja Veto imot dei Framstigstankar, som Folket hev
havt.
No ser det ut til, at der
i By og Bygd vaknar Tankar um aa standse den gamle stygge Ovdrikking,
som hev gjort so myket vondt i Landet.
Sæhli er vel ein stor
Brennevinsbryggar og Christiansen ein stor Ølbryggar.
Det hadde voret
lagelegt for dei aa havt eit Veto mot dei Radikalere, som no
tenkjer paa aa gjeva Logir for aa tyngje paa Brennevinshandelen og
minke paa Drykken.
l.
Ein god Attest
hev den nye Statsministaren, Schweigaard, fenget av Morgenbl., den
Gong han vart nemnt ut til Statsraad.
Han vantad Livserfaring
og Sikkerhed i Omdømme, han hadde i mange Tilfælde havt
vanskelig forat komme til et bestemt og sikkert Standpunkt
ligeoverfor divergerende Synsmaader. Og han hadde aldri været
anseet som nogen ledende Mand i Formannskapet.
Jau det er lagom
Statsministar, me hev fenget; det er vist altfor sannt, at det er
inkje av dei ledende Mænd i Folket.
AmerikaReisande
gjeve Agt paa, at dei som reiser herifraa med Cunard Lina
um Boston.
um
Newyork.
den 18de April kann velja Pavonia 5000 Tons eller Servia 7500 Tons.
- 2dre Mai Cephalonia 5000
_ - Gallia 5000
_
- 9de
_ -
_ _ _ _
- Aurania 7500
_
- 16de
_ - Catalonia 5000
_ -
_ _ _
- 23de
_ - Pavonia 5000
_ - Servia 7500
_
Servia er det største
Skipet paa Atlanterhavet, Aurania godkjent for det snøggaste. Inkje
nokot av desse Skipi er meir enn 3 Aar. Med Servia hev Folk gjort
Turen fraa New York til Kristiania paa 11 Dagar. Fragti er nedsett.
Fyriaat-betaling, som sikrar Plads, sender De til
S. Andr. Watthen,
Trondhjem.
Joach. Engelsen,
Bergen
Sven Haabeth,
Stavanger.
E. F. C. Ullitz,
Kristianssand.
M. A. Lea,
Jernbanetorget 6,
Kristiania.
Missprenting.
I Bokmelding i fyrre Nr. stend: Pris Kr. 0.80 innbundi...
skal vera... ubundi.
Publisert