Ein Raring.

 

(T_d.)

 

 

Karten var Plass onde Norskog; der budde ein Mann, heitte Per; han var ein gamal Sveinkall og gjekk for aa vera ein Raring. Folk sagde, han var korkje vitug elder galen, for han var so eigen og ulik andre Folk baade utvortes og innvortes! Sjølv meinte no Per, at han var likeso klok, som nokon annan og kannhende han var det og. _ Han var ikkje paa Moten, han Per: Sumar og Vetter gjekk han i ein Kjole, som var gjord av gamle Skinnfellar og rakk til Knes, paa Hovudet hadde han ein av desse gamle, blanke Syldaterhjelmarne, det var eit Minne fraa den Tidi, han hadde voret i Krig. Ja Per hadde voret i Krig, og den ”militære Aand” sat i han so lenge han livde. Han var ikkje som desse Gutarne no for Tidi, som slengjer fraa seg det militære med same, dei kjem heimatter fraa Eksisen; nei hjaa Per var det likesom gjenget inn i Kjøt og Blod. Du kunne sjeldan møta Per Karten, utan han bar ei gamal Flintebørse paa Aksli elder eit Slag Spjot, som var gjort av ein Langorvs-ljaa, som han hadde stunget i eit langt Skaft. So gjekk han strak og stiv og trødde Takten, og fyre kvart Steg let den turre, stive Skinnkjolen, som naar du slær paa ei sprengd Trumme. Baud du goddag til han, so gjekk han like strak, men med sama han trampad framum, hadde han jamnaste eit elder annat Fantordet aa slengja til deg; for Per var baade seint og tileg vranten og sur. Difyre gjekk Folk helst av Vegen for gamle Per Karten, og naar Borni var vellstyrne kunne ein skræma deim med, at no kom han Per med Spjotet sitt og tok deim. Han lika seg best aaleine og vilde aldri hava nokon hjaa seg paa Karten. Han gjorde sjølv baade Kars-og Kvennearbeidet, som fall til, so det var inkje til aa undras yver, om det inkje støtt var so skura og vaska paa Karten, som det kunne gjera godt.

 

Folk vilde hellest vita, at det var Gjenturne, som bar Skuldi for, at Per hadde vortet so sur og illynd; for Per var ’kje Sveinkall fordi at han vilde vera det, men fordi at han maatte vera det. Kvat kunne vel Per for, at han au ein Gong hadde voret ung og drøymt varme Draumar um Gjenturne, elder for, at han som so mange andre hadde freista paa aa gjera Draumarne sine til Verkelegheit ved aa festa seg ei Kjering, _ nei Gjenturne bar Skuldi; for dei var det, som ikkje vilde hava Per til Mann. _ Det var reint søndlege aa høyra um alle Per Kartens ulukkelege Friarferder, og eg kann godt tenkja meg at Hjartat heve sige nokre Tumar lengre ned, for kvar Gong desse harhjarta Gjenturne visa honom Vettrevegen. _ Det var, daa han kom heimatter fraa Krigen, at Per for Aalvor byrja ganga paa Friarstigen. Daa kann du tru, han var ingen Kastekjepp helder, og det viste han sjølv likeso godt, som nokon annan. Endaa han berre var Husmannsgut, baud han seg fram til dei likaste Gjenturne i Bygdi. Naar han skulde ut og fri maatte støtt Munderingkjolen med dei blanke Messingknapparne og Hjelmen paa, men gamle Folk vil minnast, at han daa sat vonom meire paa sned, enn det seinste, eg kann minnast. Naar han daa la’ i Veg var det snart aa sjaa paa heile Karen, at han trudde, han var noko umframs. Men endaa han hadde baade Munderingkjole og Hjelm, gjekk det han berre smaatt med Gjenturne. Det kunne han aldri verta klok paa; ja, naar Gjenturne ikkje saag ette slikt, so kunne inkje han skjyna det. Naar dei smelte Døri ilaas like for Nosi aat Per, daa stod han fyrst ei liti Ri og likesom undrad seg; men so tok Sinne han, og med eit gjore han heilt um og trampa avsta, so det song, medan han sputta til ymse Sidur og sagde:

”Tyvore! er dei so fine paa det, ska eg nokk passa meg for aa koma der tidare.” ”Men kannhenda dei inkje kjende meg”, kunne han daa leggja til likesom for aa trøysta seg. Stakkars Per, dei kjende’n nokk altfor væl. _ Kvat Per gjore, so fann Folk nokot aa lægja aat, og best lo dei aat Pers Friarferder. Ein Gong gjekk det so reint galet for Per, at det ikkje seinare spurdest, at han var ette Gjenturne. Det var ei rik Gjente, som het Birgit, som han strauk til ein Sundagskvell. Daa han kom fram i Tunet, raaka han paa Broder til Gjenta. Dette var ein stor Skøyarfant, og daa Per spurde, um han vilde faa ut ho Birgit, svara han ja medsama. Per gjekk daa bakum Loftet, og Guten rusla inn. Daa han kom inn, sagde han til Syster si: ”Du Birgit, no maa du nøyta deg upp aa faa innatter den store Bukken din; han hev brotet seg ut og stend og skrik ned i Loftsbokjen.” No trefte det seg soleides, at Gjenta kalla Bukken sin ”Per”. Birgit fekk daa paa seg Stakken, kann du vita, og daa ho kom ut paa Hella kalla ho:

 

”Kitsal Bukken min! Kitsal! Kitsal! Kom no Per Bukken min!”

 

Per stod og kallsveitta; men daa han høyrde: ”Per Bukken min!” gjore han heilt um, og den Gongi bar det avgare i Springmars. Mange slike Skjerseldar hadde Per maatt igjenom stakkar, og soleides gjekk det til, at han med Tidi vart so leid baade av seg sjølv og Verdi. Daa Verdi vende Ryggen mot honom, kunne sagte han au venda Ryggen mot henne, tenkte han. So slutta han baade med aa ganga etter Gjenturne og med aa vera saman med andre Folk _ og vart Sveinkall. _ Daa han vart meire til Aars, byrja han til aa lesa i Bibelen; men Trui tok han likesom alt annat paa sin eigen Maate. Det var just inkje mykjet av kristeleg Kjærlegheit hjaa honom. Der fannst inkje Folk i Bygdi, han var so heit paa som Lesarane, og dei fekk høyra meir enn ei drjug Sanning av Per. Han hadde au slik ein ubljug Maate aa koma med det paa, at det inkje vart mange, som var huga paa aa koma i Ordkast med honom. Det var likesom, han vilde hemna seg paa Verdi ved aa kallflira aat henne og gjera leit, naar han kunne. Naar han opna dei tunne Lipporne og lo paa sin Maate, var det, som du fraus heilt inn i Sjæli, so isande kall var Fliren hans. _ Gjekk du yver det steinutte Jordet hans, kleiv yver Skigaren, elder braut ei Grein av eit Kryngletre, der voks, kunne du vera stø for, at du vart meld før Kvelden. For regtig aa fylgja Folk i Saumarne kaupte han seg ei stor, gomol Lovbok, men daa mange av Lovarne var for gamle, kunne det henda han vart sjølv i Knipa. ”Tyvore dykk! ser De inkje, det stend paa Prent daa,” sagde han daa med kallaste Fliren sin; men det hjelpte no inkje stort, stakkar. _ Bibelen og Lovboki var dei einaste Bøker, han aatte, og dei laag Side um Side paa Hylla.

 

Soleids livde Per sine Dagar _ likeso sinna paa Verdi som Verdi paa honom, til han endeleg ein Dag maatte segja Farvæl baade til Skinnkjolen og Hjelmen, Bibelen og Lovboki. Spjotet og Flintebørsa stod likesom og heldt Vagt framafyre Sengi, der han sov den seinste Svevnen.

 

Frå Fedraheimen 03.05.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum