17de Mai 1884.

 

 

Heilag er Dagen som yver oss lyser,

Noreg til Fridomen vigdest av deg.

Sumar og Sol du i Straalarne hyser,

Vyrdnad i Hugen kvar kjenner med seg,

Tanken til Federne takksam me senda,

Deim ser me standa med Hand uti Hand,

So skal me byggja og byggja ei Venda,

Løysa og løysa paa Band etter Band.

 

Framstig aa gjera i fredsæle Dagar,

Aandi aa øva, so Handi vert sterk,

Tenkja upp Tankar, som Herskaran’ agar,

Det er eit haagt og eit høvelegt Verk;

Kjem so ein Uven, som framdreg si Verja,

Og som vil gjeva oss Hogg etter Hogg,

Ganga me fram, og som Normenn oss bergja;

Federne aldri um Livet sitt togg.

 

Lovgjeven Fridom i Noreg skal finna

Altar for seg inn paa Tingvollen bygt,

Normannahugen i Styrke skal vinna,

Bonden skal byggja i Dalom so trygt;

Bøner vil Himlen oss naadugen høyra,

Jordi og Sjøen vil gjeva sitt Gull, _

Legg so til Noreg ditt lydande Øyra,

So fær du høyra, at Ljoden er full.

 

 

Olaf Flaaten.

 

Frå Fedraheimen 17.05.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum