Ein Takk aat
Bjørnstjerne
Bjørnson, Henrik Ibsen, Jonas Lie og Aleksander L. Kjelland!
Eg kann ikkje annat enn
faa frambera min hjartalegste Takk til desse gilde Maalsmennerne
vaare til aa hevda Sereige aat dei gifte Kvende. Takk Bjørnstjerne
Bjørnson, Henrik Ibsen, Jonas Lie og Aleksander Kjelland! Det er
visseleg eit godt Arbeide De der heve byrjatpaa, og nokot, som dei
norske Kvendi altid vil minnas dykk for med Hugnad og Takksamheit,
langt framigjenom Ætterne.
Kor mangt eit Kvende er
det inkje Lande rundt, som var utav dei rike, men no maasitja i
Armod og kanskje inkje eiga Klædi paa Kroppen, taadi ho ein Gong
heve giftad seg og faatt ein Mann, som heve tura burt alt saman
utan at ho hadde Lov og Rett til aa røra seg for aa redda unda det
minste for seg og Borni; men vist dette før hadde voret Lov, kunde
ho set seg istand til aa motarbeida slikt visseleg til Gagn baade for
seg sjølv, for Borni, for Mannen og for Samfundet. Det er mi, og
visseleg alle norske Kvende si Von, at det denne Gongen inkje maa
ganga ut ifraa Storthinget før det hev vortet Lov.
Eit
Hallingkvende
.
Publisert