Johan Sverdrup.


No fortel Folk, at Høgremennerne hev prenta eit stygt og fælt Upprop, som kallast Johan Sverdrup og Arbeidarne.

Der fislar dei fyre Arbeidaren og slikkar og sleikjer so det er ulkelegt aa lesa det. Og so lyg dei evlaust paa Sverdrup og skuldar han fyre, at han inkje hev det mindste Hjartelag fyre Arbeidsfolk.

Kven det er, som hev skrivet dette, er det ingen, som veit.

Inkje er der Navn under og inkje hev Bokprentaren Navnet sitt elder Boktrykkjarstaden. Det stend i Loven, at den Boktrykkjarne, som trykkjer nokot og inkje set paa kor det er trykt, han skal bøta.

No fær me sjaa um Regjeringi gjer nokot for aa faa vita kven som hev trykt dette og brotet Loven. Det er trulegt at Regjeringi let dette ganga stilt av og aldri ansar nokon Ting.

No sit dei, som hev studera ihop dette stygge Skriftet og den Bokprentaren, som hev prentat det i Løynd og gjort Lovbrot _ no sit dei og tenkjer paa at simple Folk skal tru paa denne store Lygni deires. Men dei veit litet dei Folk. Det er vist av den fornemme Pøbel. Ingjen Mann er so stuven, at han trur paa den Lygjesvæa at Sverdrup er imot Arbeidsmannen. Nei Folk veit godt, at dei, som hev skrive dette stygge Brevet og sendt det ut, det er sovorne Folk, som vil halda Arbeidsfolk under seg og suge Saft av dei. Difyre er dei vonde paa Sverdrup daa, dei ser han vil vekkje Liv i Landet, so kver Mann kann faa sin Rett og so at dei Store inkje kann faa eta upp dei Smaa.