[Tidender.]


Statsraad, hev voret, Munthe var tilsagd aa møta for Stortinget Onsdagen, men han lagde fram Attest fraa Lækjaren, at han var sjuk, so han kunde inkje. Han lagde fram Svar skriftleg. Han upplyste, at Tiltaket med Byrsurne inkje hadde voret umhandlat i Statsraad. _ Det var berre lause Ord og Meldingar fraa private Menn, som hadde gjort dei rædde. _ Boltarne til Byrsurne aat Telemarks-Bataljonen var øydelagde ved Branden i Larvik (hjaa Obertsløytnanten).

Um Saki i det heile hev voret dryft i Statsraad vart inkje upplyst.

Det er nok inkje greidt med dette.


Ein blodraud Fanemed Øks paa den eine Sida og Sverd paa den andre _ retteleg ein Statskupsfane _ vart synt fram i 17de Maistemna. Det er sagt, at det vart tilbodet Prof. Monrad aa bera den. Det var Kutorvgutar hellest som gjekk under eit slikt Merkje.


Justitsministaren hev sent Brev til Stiftamtmannen i Kristiania og bed honom at han skal faa Politimeistaren til aa stengja Statens Horehus er i Byen. Det var daa endeleg bra, so kann det verta Slutt paa den Ufysedomen.


Utanriksstellet vaart hev det voret mykje Tale um i det siste for Skuld desse Ordi som hev gjenget um Spurningar til andre Land vedkomande Politikken vaar.

I Sverige hev ogso dette Stellet voret framme; Tingmannen Hedin gjorde eit Framlegg um aa brigda Loven soleids at diplomatiske Saker vart lagde under Statsraadet for aa umhandlast unionelt. Det fyrste Kammeret vrakad det forutan ordskifte, men det andre vedtok det (84 mot 62).

Det var sagt av Innanriksministaren, at det var umogelegt aa tenkja seg, at Forhandlingar med andre Magter kunde førast paa andre Maatar enn den offisielle.

Men det meinte Hedin nok hadde hendt, i 1854 og 1863 hadde Kongen sjølv tingat med Utlandet gjenom Millomlauparar, som inkje hadde offisiell Stelling.

Dei som var imot Framlegget sagde, at det gjekk inkje an for Sverike aa gjeva fraa seg den einaste Fyremunen dei hadde framum Norig. Men paa det vart det svarat, at det var ingen Grunn til aa lata vera aa gjera seg sjølv noko godt fordi um ein dermed kom til aa visa Rettferd mot andre.

Norig hev mange Vener i Sverike, det vart ropat Live Broderlandet i Riksdagen, det hev dei aldri gjort før.


Vaadeskot. Det var uppe i Saltdalen, dei hadde voret til Kyrkje ein Sundag. So var det ein Gut, som hadde Byrse med seg; paa Heimvegen fekk han sjaa ei Rjupa frammed Vegen. Han ladde og for etter Rjupa, men han kom inkje nær nok, so han fekk skjota. Naar dei var komne eit Stykkje, han og ein annan som var med, vart dei huga til aa sjaa inn paa ein Gard der var. Men so undrast dei paa um Folk var uppe endaa, det var seint. Dei hadde seg daa burtaat Glaset, hjaa Mannen sat der. _ No skal eg skræma deg _ tenkte Guten og heldt Byrsa mot Mannen, og dermedso hugsad han inkje etter, at ho var ladd; og idi han drog av, gjekk Skotet og raamad Mannen. Han datt ikoll og dei som utanfor var høyrde, at han ropad Herre Jesu! der skaut dei meg. _ Gud trøyste meg, der skaut eg Mannen ihel, skreik Guten. Kjeringi til Mannen der gjekk mest fraa Sans og Samling, daa ho saag Mannen rullad, og likso ille kann ein vita det vart med Mor aat Guten. _ Blodet flaut fraa Andlitet paa Mannen og det var inkje Livsteikn aa sjaa. Men daa dei hadde stelt med honom eit Kvarters Tid, kunde han sovidt tala. Lukka var at Lækjaren nettupp var der i Nærleiken, han kom og skar ut Kula som hadde gjenget inn gjenom Kjaken og sat fast i Nakken. Men det er inkje vist um han kjem seg endaa. For nokre Aar sidan vart Bestemor aat denne Mannen ihelskoten i den same Stoga. Det var Vaadeskot daa ogso.


Paa Guteskulen hans Ullmann i Vetter var det i alt 27 Gutar. Fraa 1ste Mai er det Gjenteskule i 3 Maanadar*). Ellest heve det 4 Gongjer desse siste Aari voret Fællesundervisning (Menn og Kvinnur saman). Det var Bønderne, som kravde det. Guttar og Gjentur var so tidt saman, sagde dei, og her skulde det daa vera um nokot godt. Og skulde ikkje det ganga fint og godt, so visste ikkje dei. Det var reint raadlaust aa segja nokot vitugt imot slik gild Tale. So vart det gjort ein Freistnad. Fyrste Gongen var det teket nokot strengt, altfor strengt. Det var mest som tvo Skular. Dei var berre ender og daa i Hop, og ikkje maatte dei vera saman utanfyre Skuletidi. Det vart tidt Ugreida, for Paabod, som det er litet Vit i, er ikkje greide aa fylgja. Ugreidurne hadde ikkje stort paa seg, men det var daa likevel leidt. Næste Gong var det ein Skule aa kalla, berre det, at dei var skilde i slikt, som dei ikkje trong til i same Maat og paa same Vis. Og daa gjekk det so framifraa godt. Kanhenda Framtidi skal syna, at det er soleidsdet skal vera!


Professorposten til Dr. A. Bang. Fleirtalet i den Nemndi vil at han inkje skal faa det. Dei meiner at det er inkje nokot større verkeleg Krav ved Universitetet etter meir Lærarhjelp i dette Emne, men Fyremaalet synest mest aa vera det aa gjeva ein Vitenskapsmann makelegt Livebraud. Det gjeng heller inkje an aa gjeva Regjeringi til nokon ny Professorpost no, tykkjer sume, daa det endaa stend ein Lærarpost i det norske Landsmaalet og ventar.


Professor i Filosofi Lyng døydde braatt og uventa her ein Dagen. Det var ein dugleg og ærleg Granskar, frisinna og tolsam og ein fagna Kar.


Seljords Skyttarlag byd inn til ein større Skyttarfest i Seljord den 8de og 9de Juni. Talar kjem vonleg til aa haldast av V. Ullmann og P. Rinde.


Nyt Tidsskrift , utgjevet av Professorarne Sars og Skavlan. Tridje Heftet inneheld: Af Fortællingen Det flager i Byen og paa Havnen (Bjørnson). _ Nogle Ord om Kvindesagen (Gina Krog). _ Den ældste græske Historie (P. O. Schjøtt). _ Sport (Camilla Collet). _ Dagbog (I. E. Sars).

Detta Tidsskriftet prentast no i umlag 4000 Avtryk, so det visar seg, det maa vera godt. Det byd oftast paa framifraa Ting _ av Bjørn- son, Lie, Kielland, Sars og ein heil Horg andre namngjetne Menn og Kvinnur.

Det kostar 8 Kr. i Aaret og kjem ut 8 Gonger med eit Hefte paa ein 8 til 110 Sidur kvar Gong.

Alle, som hev Raad, skulde halda Nyt Tidsskrift; _ det skaffar den beste Lesnad ein kann faa.

Gjurd.


Thyseliusden svenske Ministaren hev gjenget. Det var han som hadde skrivet Brevet um, at dei svenske Statsraadarne godkjende Selmerpolitikken. Ettermannen hans heiter Themtander.


Krigennedi Tonkin hev enda no. Det hev jamnat seg so, at Kina laut fira og Frankrike fekk sitt Velde godkjent.


Med Krigennedi Sudan driv dei endaa. Det ser inkje godt ut for Engelskmennerne. Gene- ral Gordon sit i ein By Kartum og slepp inkje ut. Det hev reist seg sterkare Krav i England um aa senda honom meir Hjelp, men det er vaalundt det ogso. Dei freistad aa nytta denne Raaløysa til aa faa driva ein Bløyg inni Regjeringi, men dei fekk inkje mange nokk med seg paa eit slikt Lastord likevæl.

Hellest er det Meiningi aa faa saman Maalsmenn fraa alle Stormagter til aa greida upp i Stellet med Ægypten.