Skatteloven.


Høgremenn ber seg skamlaust aat no som altid med aa skulda Vinstre for alt Vondt, som til er. No er det Likningsmenn utyver Landet, som hev liknat galet, so Skatten fell ujamt. Endaa um det er Høgre, som hev gjort det, so segjer dei det er Lovens Skuld, og daa Vinstre var i Fleirtal daa Loven vart gjort, so er det Vinstre, som er Skuld i dei galne Likningar.

Høgrepolitikken er bygd paa, at Folket er dumt. Difor tenkjer Høgre som so: no skal me segja med alle dei, som me hev lagt i for stor Skatt, at det er Lovens Skuld og Vinstres Skuld, so vert Folk so vonde paa Vinstre, at dei spring like i Fanget paa Høgre.

Paa den Maaten tenkjer Høgre aa kunna narra simple Folk; dei trur at Folket er dumt.

Fædrelandet og slike Blad, som gjev seg sjølve det Vitnemaal, at dei er meire gudelege enn Andre, dei hev no i lang Tid haldet paa aa fortelja Folk, at den nye Skatteloven tyngjer formyket paa Smaafolk og lettar paa dei Store og Rike. So hev Vinstre stelt det. Men Høgre og Regjeringi, dei var so greide og gode med Smaafolk; dei vilde inkje hava Loven, men Vinstre tvingad dei til. Og dette tenkjer dei aa faa Folk til aa tru.

Almuevennen som no gjeng paa Gravsens Bredd, han segjer i No. 20 for iaar, at Folk jamt yver er misnøgde med Loven, som Vinstre hev fenget tvinga fram, og so fortel han kor galet dei hev liknat i ei Bygd i Smaalenene. Der hev me det! Fyrst Likningsmenn liknar galet, so er det Lovens Skuld. Men der Folk hev liknat godt og rett, der hev dei vel brotet Loven!

Ja Fædrelandet og Almuevennen, dei er rokad hell yverfløymande med Rettferd.

Det kann henda at dei er so umvrengde, at dei trur sine eigne Ord, men dei fær inkje Andre til aa tru dei.

Alle vituge Menn, som kjenner nokot til Lovarbeidet, dei veit godt, at det, som heitaste Striden stod um, det var millom By og Land. Det var fyrr so, at um ein Mann hadde stor Inntekt av ein Fabrik paa Landet, men budde i Byen, so skulde Byen have Skatten. Denne Retten vilde Byarne halda paa, men Landsfolket vilde, at Størsteparten av Skatten skulde ganga til Landet der Fabrikken laag. Byarne skreik i haagan Sky, at Landsfolk tok Inntekti fraa dei.

Regjeringi heldt med Byarne. Landsfolket gav etter nokot av sitt Krav, og so vart det Forlik.

Paa Landet var det so, at alle Utlegg til Amts-Kassa laag paa Gardarne _ paa Matrikulen _ paa Bønderne. Det kunde henda at ein Mann sat paa ein Gard paa 3 Skylddaler. Han hadde mange Born og var i Gjeld, so det var med Naudi at han sleit og beit seg fram, men endaa laut han ut med 10 à 12 Kr. um Aaret, berre til aa hjelpa dei Sinnsjuke i Amtet. Ein Mann, som inkje hadde Gard, men var Eigar av 100000 Kr. og livde flust som ein Herremann, han skulde inkje betala nokot til Sinnssjukekassa i Amtet.

Dette totte Folk var Urett. So laut Regjeringi nemna ut nokre Menn til aa koma med Framlegg um Rettebot. Denne Kongelige Kommission er det, som hev gjort Framlegg til Skatteloven, men Regjeringi heldt med Byarne og Storkararne og vilde inkje hava Loven soleids.

Kommissionens Framlegg vart sent runnt til alle Heradsstyre, og Mengdi av dei likad Framlegget.

I Stortinget var Storkararne, sovorne som Sæhli og Motzfeldt, rædde for, at der skulde setjast so stort skattefritt Avdrag paa smaa Inntekter, at der kunde falla formyket paa dei Rike. Dei skreik og skraalad um, at Folk hadde liknat so galet, so no laut der strenge Reglar til. Dei fekk daa godtekjet eit Forslag av Løvenskjold um at der inkje maatte gangast so høgt med Avdraget, som Komiteen hadde sett fast. Og no er Motzfeldt med aa leggja fram det, som han i 1879 var med aa slaa ihel, men som Sverdrup daa heldt paa. Og so segjer Høgre: Vinstre hev Skuld for at der er for stor Skatt paa Smaafolk. Soleids fer Høgre med Rettferd.

Men i det heile er Loven god, naar Folk lærer seg til aa likna rett, men dette er inkje godt aa gjera fyrste Venda. Folk maa temjast upp i Likning som i mangt annat før dei vert fullgode.

Reglarne i Loven kann lagast og tøygjast ettersom Tilstandet er i ymse Bygder, so der inkje er Naud med aa faa laga Skatten rett og godt. Set Likningmennerne Innkomurne aat Folk i det rette Verd, so vert Likningi rett. Veit inkje Høgre det, so veit dei litet elder er dei vrange og vondlynte.

Det er eit og annat i Loven, som lyt rettast paa. Tabellen um Avdrag og um Klassarne lyt gjerast nokot finare, so han inkje hev so langt Sprang millom Klassarne. Naar det lid av eit Aar elder tvo, so ser Folk betre kvat som lyt rettast paa, og so vert Rettebøtar vistnokk gjorde.

Men Loven kann inkje til, at Folk liknar galet. Etter den gamle Lov liknad dei og galet sume Stader, men Ingen fann paa at det var Lovens Skuld.

Dette veit kver vitug Mann; dei som segjer nokot annat, dei segjer inkje sannt.