Brevsending.


Hr. Bladstyrar!

I Fedraheimen for 31te Mai No. 22 stend eit Stykkje, som eg vart retteleg harm yver. Det er ein S. Aa., som skriv nokre Motord til ein liten n og kjem berre med Grovskap og Styggedom. Sanneleg, dersom Folk vil skriva mot ein-annan fær dei vera so snilde som aa skriva høvelegt og halda seg til Saki.

Eg kjenner korkje S. Aa. elder liten n og det er inkje Meiningi mi aa skjifta rett millom deim, men det krev eg baade for Bladet si Skuld og for Maalsaki i det heile, at ikkje slikt fær Rom i Bladet. Dei, som ikkje vil skriva sømelegt, kann ganga til Høgrebladi.

K. H.
 

Hr. Utgjevar.

Kjære ber fram i Fedraheimen min ringe men hjartelege Takk aat A. M. St. Arctander for Peters fyrste Brev; for med di vart eg so klaaraugd og brevsynt, at Peters Brev er vorti for meg som ein berrik og blømande Haga, der eg kvar Dag kann smake, at Herren er hæv og livnære meg av den uforfalska Ordmjølka til daglig aa vakse upp aat Kristus.

Vi lengtar etter meir.

Nordanfyr Fjellet den 2 Juni 1884.

Ærbødigst

O. Bj.