Tidender.


Kristiania, den 27de Juni.


Den siste Vika er merkjeleg og minnerik i Soga vaar.

Fyrre Gongen meldte me, at Ministeriet Broch var aa kalla visst, so at berre Utnemning vantad. Men um Laurdagen ved Høgstdagsleite kom det dei uventa Tidender, at Broch hadde gjenget ifraa det heile, fordi at det kunde inkje verta Semje um, kven som skulde vera Kyrkjeministar. Daa saag det myrkt ut, ingen lenger viste nokon høveleg Mann til aa greida det; skulde daa Endskapen paa alle desse Forhandlingar verta den, at me ingi ny Regjering kunde faa? spurde Folk kvarandre um. Richter hell kunde inkje taka paa seg det som glapp for Broch. Skulde daa Høgre med alle sine prestelege og politiske Raader øydeleggja det for oss denne Gongen ogso?

Men Ære vere Kongen, han heldt sitt Ord, han haahdde Aalvors Meining um aa faa Fred og Soning i sitt Folk. Maandangen sende han Statsministar Løvenskjold og Statsraad Bang til Johan Sverdrup med Bøn og Paalegg um aa freista aa faa eit Ministerium ihopsett. No var Sverdrup den einaste Utvegen. Vilde daa han kunna finna viljuge Menn, som Kongen kunde godkjenna? Vilde inkje List, Hat og Vondskap kunna øydeleggja dette ogso? Spenningi var stor i Byen, Folk sveiv imillom Von og Otte. Um no dette glapp, kvat so? Men daa viste det seg rett, at Sverdrup var den einaste, som kunde greida Stellingi, ingen Vandske stod seg for honom. Onsdagen kom Ordet ut i Byen, um at Kongen hadde godkjent hans Program og hans Menn. Programet var det same, som det Broch lagde fram, Mennerne vart nokot annleids. _ Daa vart Fagnaden stor i Byen, kor ein kom i Gaturne var det Ynskjing til Lukke og Handtak; men Høgre turkar sine Augo.


Den gamle Regjeringi fekk Avskil i Naade. Siste Gjerningi ho gjorde var aa faa negtat Sanktion paa Loven um større Bruk av Kyrkjurne, ho vilde daa reisa seg eit Minne. Denne Regjeringi var stutt, og ho hev inkje gjort mange Gjerningar, men eit Storverk hev ho daa gjort, ho hev tenkt stilt og grundat yver sitt eiget Tilvære, og ho hev lært seg sjølv aa kjenna ; sanneleg det er meir enn dei fleste kann; ho hev lært si eigi Dugløysa aa kjenna, og ho hev lært si Tid aa kjenna, at ho høvde inkje for den. Ho kunde ingen Ting gjera, for ho viste, at ho fekk det inkje fram. Ho kunde berre ganga av.

 
Det maatte ganga som det gjekk. Det som me no tykkjer kom so braaleg paa, det vil Ettertidi finna inkje annleids kunde vera. For vaar heile politiske Utvikling maatte eingong faa eit sodant Utslag. Og fullgjengi var ho no, mogi var ho til aa krevja sin Rett.

Folkeviljen sterkare og sterkare for kvart Aar, 9de Juni, og so Riksrettens Stadfesting; den Støytesteinen kunde ingi Magt koma fraa. 
Det maatte anten verta Sprengjing av heile Riksskikken vaar (Statskup) hell so maatte rette Bergingsmannen dragast fram, og til det vart det. Det tok mot lenge, og var ymse Tankar paa ferde, men Riksretten vart for sterk, han drog nok etter seg likevæl paa Lengdi han.


Dei nye Menn er alle kjende Karar. Det er inkje lenger ukjende Namn, som me hev voret vande med fyrr, naar nye Statsraadar hev vortet utnemnde. Slike som sat i eit Kontor i By hell Bygd, og so med ein Gong vart sette upp i Høgdi. Og dei i Regjeringi livde for Ting, som ingen brydde seg um, og var ukunnige um dei Hugmaal, som nørde seg i Folket. Dei var so framande for oss; det var som dei inkje var av same Folkeslaget, og det gjorde at me saag paa dei meir som Fiendar enn som Vener og Talsmenn. Men no hev det vortet annleids, no hev me fenget Vener og Talsmenn i Kongens Raad, vaare Hugmaaln er deires Hugmaal, vaart Liv er deires Liv; for dei kjenner det so væl, der er Menn av vaart eiget Stand, der er Menn som me hev livt saman med i vaart politiske Liv fraa langt attende; det er vaare Kjenningar og Kjære. Det er slike der, som hev ofrat sitt Livs Arbeid for oss fraa sin Ungdoms Dag. Det er dei som me hev sett vaar Lit til i Stortinget og all Stad; det er dei som hev fenget sitt Namn innskrevet i Soga vaar, med sitt Arbeid og sin Dugleik _ vaare fremste Menn. Og no hev me dei i Kongens Raad. Og det er inkje no lenger som fyrr, at den som kom dit, han vart som løynt for Allmannsaugo, det var berre sovidt me viste at dei livde, nei no fær me ferdast med dei i Samarbeid, me fær sjaa dei igjen i Tinget med Magt og Myndugskap, me hev inkje mist dei, me eig dei meire enn fyrr. I faae Land skal ei Regjering kunna rosa seg av større Kjærleik fraa sitt Folk, enn den me no hev skal faa gjera det.


Foreningen for norske Dialekter og Traditioner vart tilskipat her i Kristiania um Vaaren 1881. Det er Meiningi med det Samlaget, at det skal verka til aa samla inn og granska dei gamle Fraasegner og Folkevisur, som enno finnst ute i Folket, og so aa stydja Arbeidet for det norske Folkemaalet ved aa taka det upp til vitenskapleg Gransking.


Men til dessa hev kje Samlaget komet vidare iveg. Det er so mykje, som hev stengt, og Emnet hev kje voret rett so ordnat og utgreidt at dei, som stend for det, enno hev vunnet aa leggja fram nokot for Aalmugen. Men no tek det til.


No siste Laurdagen heldt det Aarsmøtet sitt. 
Daa vart der leset upp ei Aarsmelding, som gjekk ut paa, at no var dei komne so vitt med Indsamlingi av Emne og Til-Emningi av det, at dei hadde funnet, at dei hadde nok til aa halda i Gang det Tidsskriftet, som det var Tankjen aa utgjeva. Fyrste Heftet av detta (Norvegia) var alt ferdugt og laag frame til Syning i Møtet. Det inneheld det meste av eit Uppsett av Prof Joh. Storm: Norsk Lydskrift, og so eit Fyreord, som au er av honom. Tidsskriftet skal koma ut tvo Gonger i Aaret og verta paa ein 15 _20 Ark. Baade Hefte kjem iaar i eit, naar det lid lenger paa Sumaren.


Prost Fritzner og Kand. filos. Moltke Moe , som haahdde tent ut i Styre,t, vart uppatt-valde med Haandklapp (Akklamasjon). Og soleids au dei fyrre Revisorar: Bibliotekar Drolsumog kgl. Fuldmægtig J. C. Krogh.

Og so vart det vedtekjet, at Liste skulde sendast ut til Teikning av nye Lagsmenn. Aarspengar for Lagsmennerne (umlag 700) skulde uppkrevjast for iaar. Dei er 3 Kr., derattaat Postpengar.


H. G.