"For frisindet Kristendom"


heiter det nye Bladet hans Kristofer Bruun. Alle som les Fedraheimen kjenner iminsto Navnet Kristofer Bruun, og flestalle har vist lese hans Folkelige Grundtanker, tenkjer eg, mange kannhenda ogso høyrt han tala. Tru inkje alle er samde um, at gjildare Kar til aa tala og skriva skal vandt finnast? Det er paa ein Prikk slik, som alle gjilde Nordmenn vil hava det: djervt og heilhuga, djuptenkt og klaart i Tanken og so endefram ihopsett, at den mest ulærde kann lesa og forstaa det.

Det aa skriva forstaaelegt er ingi liti Sak. Den er so stor, at skriv du so ingen skynar deg, er det som naar du skvetter Vatn paa Gaasi: det bit inkje paa. Men likevel er det so faae Bokskrivarar, som tenkjer paa det, iser naar dei skal bera fram Tankar, som ligg høgre enn det daglege Strev. Tak fyr deg t.d. Presten Heuchs Bok um Vantroens Vesen, og eg skal forsikra, at er du inkje dugeleg lærd, so stend du fint fast. _ Slik er det inkje med Kristofer Bruun. Han kann skriva um Kristenlivet og Menneskjelivet si høgste og djupaste Sanningar slik, at ein lytskyna det, bert ein vil. Tankarne, han ber fram, er inkje helder bert Smaasnakk, som ein kann pytta aat og gjera fraa seg med eit fornemt Drag um Munnen. _ Og Folk skynar han, dei skynar han godt. _ Og det tykkjer eg er noko av det største ved Bruun, og det gjev god Von um Framgong i Arbeidet hans. Eg vonar ogso, at det er fleire enn eg, som har Von um og ynskjer, at det maa faa god og gledeleg Framgong.

Eg ser nokk det, at der i Nordmanden er ein Stortingsbonde, som fortel oss, at Bruun skal vera so reint paa ville Vegjer i Politikken. Det er reint umogelegt aa lesa Bladet hans for Skuld det, meiner han. Eg for min Del er inkje so fult einig med Bruun i det, han har skrivet um Riksretten. Men det vilde daa vera ein meir enn bisneleg Ting, um ein inkje skulde hava godt av aa høyra ein annan Manns Tankar ogso um den Sak liksovel som i kvar onnor Sak. For paa den Maaten, at Tankar kjem til aa brjotast mot einannan, vert Tankarne reinska. Og me tarv inkje hava Otte for at det som er Sanning og Rettskulde koma til aa draga Stutt-straaet. Har Stortingsbonden Retten, so kann han vera viss paa, at det ogso vinn fram, um so Kristofer Bruun hadde all Verdi av Tungemaal i si Magt. Og er Kristofer Bruun sine Tankar dei rette, so vinn han, og daa er det best for oss alle, at han vinn. Men slik aa stengja seg ute fraa alt det som i fyrste Augnablinken inkje smakar ein rektig godt, det tykkjer eg er mest likt til Ræddskap. _ Det har me no ogso havt so mykje av her i Landet, at me no turvte prøva, um me inkje etter kvart kunde freista aa sjaa litt paa dei nye Tankar, som kjem upp, fyrr me kastar dei som umogelege.
 
So er det ein Ting til, som me maa hugsa paa. Kristofer Bruun hev til dessa skrive mest um dei kristelege og menneskjelege og inkje so mykje um dei store politiske Spursmaal. Og har han sagt noko um dei politiske Spursmaal i Samanheng med det kristelege og menneskjelege Fridomsarbeid i Landet, so skal han inkje hava Vondord for det, han har sagt. Tvertum. Naar han tek fat i Prestepolitikken, ja daa tykkjer vist ogso Stortingsbonden, at det er bra aa lesa, det han skriv. Men er han so ulukkeleg aa segja noko i eit einskilt reint politisk Spursmaal som Stortingsbonden og kannhenda mange med han inkje er eininge med Bruun i, nei daa heiter det paa Augneblinken: Hus forbi, no skal me inkje hava noko meir med Kristofer Bruun aa gjera! Detta vil med andre Ord segja, at naar t.d. ein Tiendedel av det Bruun skriv er noko, som me inkje kann lika, so skal me og so kasta burt dei 9 Tiendedelar, som me er einige med han i, og som me tykkjer er ovlega godt sagt. Naar er det ein ber seg slik aat ellest i Livet?

Nei lat oss helder takka Kristofer Bruun for det han skriv, alvist for det me er einige med han i (og det tenkjer eg vert største Delen baate av det han har sagt, og det han kjem til aa segja for det fyrste, so sannt me skynar Fridomsarbeidet vaart til Botnar), og so kann me gjerna segja han Takk for det, me inkje er heilt ut einige med han i ogso. Eg tenkjer, me har godt av aa faa det og.

Eg trur difor, at me alle, som vil vera med aa arbeida for Framgong i Landet baate kristeleg og folkeleg, ja politisk med, me maa nettupp hjelpa Bruun til aa halda lengje ut med Bladet, som han har byrja med. Istaden for aa gjera som Stortingsbonden sa, han vilde gjera, segja Bladet upp og raada andre til ogso aa segja det upp, trur eg meg gjer Fedralandet ei større Tenesta ved aa gjera det tvert motsette: sjølv lesa og bitala det og raada andre, so mange me bert kann, til aa gjera det same. Daa fremjar me den same store og gode Sak, som Kristofer Bruun hev ofra seg og sitt Livsarbeid for. Fedralandets Vokster og Framgong i kristelegt og menneskjelegt Aandsliv.
 
At Bladet i detta fyrste Halvaar har fengje umkr. 18 Hundrade bitalande Tingarar er Vitnemaal um, at det er mange, som har kjent Trongen etter aa faa eit slikt Blad. Men der er vist mange Gonger 18 Hundrader som er glade i Kristofer Bruuns Tankar og Uttal. Det gjeld bert um, at dei no kjem med allesaman.

Kom so med alle som ein daa, so vonar eg so vist, at det skal hjelpa til Kraft og Dugleik inkje berre i Bladet For frisindet Kristendom, men ogso i den frisinna Kristendom som Livsmagt hjaa mann og Kvinna rundt ikring i vaart Land. Ja kom!

R. _