[Tidender.] Kolerasjuken

 
er komen til Frankrike no. Bladi hev lange Stykkje um det, og Telegrafen melder um det kvar Dag. Det er i Tulon, ei Hamn paa Sudsida av Landet, at han hev fenget Feste. Fyrstundes sagde den franske Styringi, at Sotti var av det Slaget, som vanlegt er i dei store Byarne i Sudlandi; men Folk vilde inkje tru paa det. No hev mange Lækjarar undersøkt Sjukdomen og flestalle av dei er no komne paa det reine med, at det er Kolera fraa Asia, som dei no hev aa gjera med. Det sama meinar og ein Dr. Straus, som hev granskat Kolerasjuken i Ægypten fyrr. Korleides Sotti er komi, er inkje Folk samde um. Sume segjer, at ho er komi med eit fransk Krigsskjip fraa Tonkin, og det er mest trulegt, daa den fyrste, som i Frankrike døydde av Sotti, var ein Marinesoldat. Styresmannen for Skjipet segjer, at Sotti inkje var med, og at der inkje hadde voret slik Sjukdom ombord paa tri Maanadar; men Lækjararne segjer, at Sotti kunna hava voret i Skuta, sjølv um ingen var sjuk, daa ho er so klengi, at ho held seg i Treverket. Sume ymtar um, at det inkje skal hava voret so fritt for Sluskestell helder. Kvar fransk Marinesoldat hev ein Sekk til aa hava Klædi sine i, og dersom han døyr av smitsam Sjuke, so skal Sekken hans brennast. Men daa Krigsskjipi kom att fraa Tonkin vart fleire Sekkjer, som Eigararne var fraadøydde, selde i Tulon, og det er meir enn rimelegt, at Sotti hev fylgt med dei. Av det kann ein og skyna, kvifor Sotti fyrst tok til bland Soldatarne. Paa Skjipi, som ligg paa Hamni hev og mange døyt, og Folk trur, at dei hev fenget Sjuken fraa dei Skjipi, som er innkomne. Styringi gjer alt ho kann for aa stadga Sotti; men det er inkje greidt i ein By som Tulon. All Sott og Sjukdom trivst best, der det er ureinslegt, og ureinslegt skal det no vera tilgagns der. Rennesteinen ligg mitt i Gata og er utan Avlaup, so der i Regntidi stend Søyleputtar alle Stadar; ut i Gata vert det kastat alt, som Folk inkje vil hava inne hjaa seg, og der ligg det og rotnar; Avtrædi vert det inkje stelt nokot med, so Lufti støtt er full av von Tev, og gjenom Byen renn ei liti Elv med Rotvatn i. Det skal i det heile vera so ille der, at Folk, som inkje hev set det, hev vondt ved aa tru det. Dei gjer no alt dei kann for aa stansa Farsotti. Dei hev gjort upp Eldar i Gaturne for aa reinska Lufti, alle Skular er stengde, og over 10000 Menneskje hev rymt Byen og bur no i Telt paa Høgderne kringum, so dei kann hava frisk Luft, Lækjarar er sende dit og Komunestyret hev latet Pengar til eit stort Sjukehus. Det er og paa Tale, at det ingen Nasjonalfest skal haldast iaar.

Det er inkje so svært mange, som døyr av Sotti. Sovidt ein kann sjaa i Telegrammi er det paa Lag 4 _8 um Dagen, og mindre kann ein inkje venta, naar fyrst galet skal vera.

I India, Persia og Kina skal og vera Kolerasjuke her og der.