[Tidender.] Røysterettsaki

 
var den fyrste Saki, som Regjering og Storting skulde møtast um til Samraading og Samarbeid.

Ordskfitet her hell hadde inkje so mykje paa seg, daa Utgangen paa Saki var gjevet fyreaat, og Stellingi aat Regjeringi greid og klaar.

Det var Stang og Bugge (fraa Trondheim), som talad Saki aat Høgre, men det var faae som lydde nokot større etter det. H. Bentsen tok mot Støyten.

Millom Vinstre var det nok ymse Meiningar um kor langt ein skulde løysa, men dei var so kloke at dei inkje delad seg, men stod samstelte paa Sverdrups Framlegg (Røysterett for alle som skattar av Kr. 500 Inntekt paa Landet og Kr. 800 i Byarne), endaa det vart sagt av fleire (soleids S. Nielsen og Quam), at dei paa ingen Maate var nøgde med so liti Utvidking, men framleides vilde arbeida paa aa faa ho større, dei vontest ogso aa faa Regjeringi med seg paa dette.

Statsministar Sverdrup talad tvo Gong, han talde for Framlegget sitt, som heile Ministeriet hadde godkjent, men han trudde nok, at ei snar Framtid vilde krevja at Bondi vart endaa lausare.

Statsministar Richter talad ogso, han meinteat slike Røysterettsreglar væl burde endrast jamleg, skulde dei inkje verta for gamle, men han meinte daa at dei burde hava ein Stødleik i seg ogso, som inkje vart umbrøytt kvart Aar; i England hadde det gjenget 17 Aar fyrr dei nyaste Brigde vart paaemnad. Han heldt det for at Maatehald var det, som maatte sermerkja den Regjeringi han no var med i.

Ved Avrøystingi Kl. 9 vart det fyrst teket dei Framlegg som gjekk vidast (Quam sine) men inkje nokot fekk nokot større Tal med seg, fyrr det kom til det som var innstelt.

Sverdrups Framlegg vart godteket med 81 R. (Vinstre og Didrichsen og Flor). 30 imot. (Burte var O. Sveinsson).

Dette var den fyrste Sigeren som Sverdrups Ministerium vann i Tinget.