Demokratiet¹).


Det gjeldst aa vita kvat dette Namnet verkeleg tyder; for endaa det er so gjævt og kjært, so kann det likevæl vera faarlegt, naar det vert tolkat vrangt, det kann føra burt i mange Avleider.

Ein fær inkje tenkja, at Meiningi er den, at Folket beintfram skal hava Magti og raada gjenom Fleirtalet, men med Demokrati er det meint i beste Meining ein folkeleg Riks-skikk, som slepper kvar Mann til etter hans Evne, som inkje gjev Folk Rettar berre, men ogso Pligter, som krev det av alle, at dei skal dana seg til sanne Borgarar med Kjennskap um Samfundskravi. Styresformi kvitter eit og det same for Demokratiet. Eit Kongedøme kann vera likso demokratisk som ein Fristat. Men det er Klokskap, Skynog Vitsemddet kjem an paa hjaa kvar Mann; og ein tek imist, um ein trur at alt var vunnet, berre um visse politiske Folkeynskje t. D. aalmenn Røysterett var gjenomførde. Det er visst, at endaa er det mange, som inkje hadde Vit til aa nytta Røysteretten, og det er visst, at mangt kunde gjerast for den folkelege Saki forutan den, ved at ein fekk fram ei verkeleg Folkemeining, ved Umvølingar i Næringsvegen, soleids som Arbeidarringen hev byrjat m. m. Mistrui er stor hjaa Motstrævaranne; gjeve difor Demokratarne maatte leggja Vinn paa ei større og større Utvikling; so at det inkje vart mogeleg slik som ein lentug Skalle gjorde i den store Umstøyt-tidi, kalla Demokratarne for Demokrabatar.

Det segjest nok det, at Demokratarne vil støyta ned alt som no er . Er dette sant? Ja det er sant, dei vil verkeleg støyta ned det som no er, men det gjer baate Storting og Regjering til kvart Aar, med di at dei vøler og brigder paa Lovarne. Men dei gode Demokratarne likevæl, dei vil inkje støyta um den Skipnaden, som no er, det er berre Vanskipnaden dei vil faa gjort Ende paa. Dei vil avlysa gamal Urettvise i Politikk og Næringsvegjer, syrgja for at kvar og ein maatte faa njota aalmenn Rettferd og aalmenn Upplysning. Det er nok so, at dei seinare Aarhundrad inkje hev gjevet den folkelege Saki slike Framsteg som ein kunde ynskja det. Mykje hev stad-, som var paa ein god Veg til aa fullkomast. Um det er sume, som hev forstadet aa gjera Folks Sveite um til Sjampanjevin, so gjeldst det no faa freista aa gjera um Folks Svett til Folks Vett. Men dette tenkjer me oss inkje til aa gjera ved nokon Slags Umstøyt men ved ei verkeleg Umskaping. Jau, ein Slags Umstøyt skal me vera med paa, den som er einskild Manns Sak, den som gjer Drikkaren udrukken og Letingen til eit duglegt Menneskje. Me skulde ynskja at Umskapingarne kom innanfraa, daa det vert Moralen fyrst og fremst, som alt Samfundsarbeidet maa grunnast paa. Sant er det, som ein Tenkjar hev sagt, at einaste Bergingi fraa aa verta styrder aa styra seg sjølv. Det gjeld soleids um aa granska kvar ein Krok i Hjartat, sjaa til um alt er der som det skal vera, det gjeldst um aa gjera reint Hus hjaa Folkepartiet sjølv, og inkje berre koma som Umskapar av Samfundet. Ein fær inkje gjera berre dei væl, som ein unner godt, inkje Venskap og gamal Sed fær det ganga etter ved Utpeikingi av høvelege Menn til Samfundsarbeidet. Berre Dugleik og Heider fær raada. Den som inkje det hev, lyt støytast burt.
 
¹) Etter den svenske Arbeidarvenen A. Nystrøm i Brennande Frågor Pris 0.50.