Lurmøte


Hallingluren hadde den 7de Juni stelt til Kapblaasing paa Lur og Prillarhorn for dei tvo Prestegjeld Hol og Aal i Hallingdal. Møte vart halde hjaa Lars Hendrik Sindshol i Hol.

Endaa det like fraa Morgonen var ruskjint Ver og det regna heile Dagen, var det møtt fram ei heil Mengde Folk og mange var reist lange Vegjer. 23 Blaasarar hadde meldt seg, 20 møtte fram. Premi fekk:

1ste Avdeling, Prillarhorn .
  1. Knut Hendrikson Noss.
  2. Gunhild Gunnarsdotter Tune.
  3. Ole Olson Tune.
  4. Asgrim Olson Dybedokken
2den Avdeling, Lur (under 13 Aar gl.)
  1. Haldis Sveinsdatter Solheim.
  2. Knut Steinson.
  3. Knut Olson Tune.
  4. Tommas Larson Tune.
3die Avdeling, Lur (yver 13 Aar gl.)
  1. Margit Olsdotter Strand.
  2. Gunhild G. Tune (2den Pr. for Prillh.)
  3. Ola Olson Strand.
  4. Ola Asleson Viken.
Det er 2 Aar no, sidan sist me hadde slik Kappblaasing her, og alle totte, det hadde besnat mykje sidan daa. Serleg skal det nemnast, at for 2 Aar sidan var det med berre ei Gjente, og no var det innmeldt 6. Av desse møtte for Skuld det ille Veret og den lange Vegen berre tri, men dei gjorde reint Skamm av Gutom. Tvo av dei tok kvar sin 1ste Premi og den trea 2den Premi baade for Lur og Prillarhorn. Det er, som det skal, Gjentur! Late Folk sjaa, at de nok kunne fylgje med, ja kannhende vinne framum Gutarne! Og takk skal de hava, som vore med aa brøyte paa Vegen her!

Etter at Blaasingi var slutt, Premiarne utdelte og alle hadde gjort seg tilgode med Kaffi og Smørrebraud, var me samla til langt paa Kveld. Det byttest med Song, Leik og Talar; og endaa Ruskeveret heldt paa mest heile Tidi, gjekk det rett kvikt og live til, og eg trur vist at alle hadde Hugnad av Møtet.

Hallingdal 16de Juni 1884.

_ n