Nordanfjells


hadde eg inkje voret fyrr, endaa det er inkje meir enn ei Dagsreis fraa der eg er heime fyrr ein kjem so langt, at ein ser nordrennande Vatten. Men daa det hadde voret so kaldt og ruskutt med Veeret og det gjekk berre kleint med Vinna, fekk eg Hug til aa gjera meg ein Sleng nordetter for aa sjaa um det inkje var nokot likare der. Aa jau sosnart det bar nordom Røyrosen, so var Dagen blank og klaar.

Eg kann inkje annat segja, enn at eg vart fortustrad, daa eg saag at Glaama kunde verta so liti, at ho inkje vart mætare enn ein Fjellbekk som du hoppar yver paa Steinom. Det gjorde meg reint vondt aa sjaa, at ho ogso skulde vera som andre, ho som Stordomen og Vyrdnaden aat er slik, at du laut tru, at Upphavet var endelaust og faafengt aa granska. Det var daa endaa væl, at ho gjorde ein Tverrbøyg og stakk seg ifraa oss burtgjenom mot nokre Sjøar, so eg fekk sleppa aa sjaa henne tippa i Dropar utor Snjofonni.

Daa me kom nokot lenger innpaa Fjellet, var det ein Bekk, som smette seg ned i ein Skordal.

_ Skal det verta nokot av slikt og daa _ tenkte eg. Men best, som me for, tok Bekken seg ned gjenom ein Hall og Hjelp kom det sigande fraa Sidom og so vart det med ein Gong ein stor djup Dal og ei gild Bygd frammed Lidarne. Det var Gaula og Gauldalen som lagad seg iveg slik. Me for og suste og slengde oss frammed alle Aasar me, og Folk saag me langt nedunder oss, Kvinfolk og Kallar med raude Luvur og raudermad Skjurte, og alt so smaatt, at eg kunde trutt det berre var Tuften¹), som eg saag, hadde eg inkje vist at slikt Krek hev flutt ifraa Fjellbygdarne no og sett seg ned i dei ytre Havbygder, for dei likar inkje all denne Vinstrepolitikken og Riflesmellingi, hev eg høyrt sagt av kunnige Folk.

So lenge me for og krøkte og slengde, kom me daa ned paa Dalbotnen endeleg, og der var det lagat plent som ein Trollebotten med Lidar og Tverraasar med underlegt Skap, trongt og bratt paa baade Sidur.

Men rett for gilde Bygder det er lel ogso, naar det ber uti Gauldalen, det hadde eg aldri trutt.

Trondheim var ein snaal By. Frisk Sjøluft er det vist meir av der enn i Kristiania og god Fesk ogso. Det er so romsamt i Storgaturne, at det er som eit heilt Jorde imillom Husveggerne, og Byen er so uven og vid med dei tvihøge Trehusi, at du tykkjest sjaa burt igjenom honom.
Men det er so gamalvordslegt, at det er tvo Slag av alt i Trondheim, det er breide Gatur, vide og koselege med Treplantingar og nette reinslege Hus aat fint Folk, men so aat Stakkaren er det Veiter dei kallar, som er likesom pløgt upp imillom Storgaturne paa alle Kantar, og der det er so trongt, at naar du stend i Glaset, kann du sputta beint inn i Stoga aat han, som bur paa andre Sida av denne Gata, og der er det stygt og myrkt og ser ureinslegt ut. Folk ser ein inkje mykje av, og dei ein ser, er fælt stramme og høgtidelege. Det visast inkje for aa vera nokot stort Liv i Byen; det er og merkjelegt, naar ein gjeng og les Namni aat Handlarom, so ser ein lite av heimlege Namn fraa Bygderne, som tyder paa nye Tiltak og større Umsviv, slik som ein ser det i Kristiania. Nei i Trondheim vert ein meste var desse gamle utanlandske Namni, so det er nok dei gamle Ætter, som raader der endaa. Rart er det, at inkje fleire unge Folk sunnanfraa og fraa andre Stader freistar aa slaa seg ned der og tevlast med Gamalkarom. Det kunde trengjast ei Stor-rusking til Gagns i denne Byen, som no vist maa vera den stivaste og uledelegste av alle vaare Byar, men som vistnok hev Vilkor til aa verta gild ein Gong.

Men aldri tenkte eg det kunde finnast nokot so gildt her i Landet som denne gamle Domkyrkja lel. Det er Megge, som det er Drust som munar i, det.

Med di, at eg var komen paa dei Leider, laut eg slengja meg lenger innetter Strenderne og kom tilslutt so langt som Fjorden rakk. Og det maa eg segja at det var Reisa verdt. Det bar uppaa Forbordskampen, som er ein av dei høgste der er umkring Trondheimsfjorden; og der var det ei vid Utsyn, alt ifraa Snjohetta og Storfjelli derumkring og so vide Sjøen beint ut og Fjordar og Bygder langt, langt inngjenom. Ein ser 18 Kyrkjur derifraa.

Aa so vent som det er der mange Stader, innmed Livanger og Innerøya er det reint makalaust, totte eg. Og fæle store Bygder, det tykkjest berre aa auka paa med Storleiken paa Gardom til lenger ein kjem nord. Bygningar so store og uppmaala, at eg inkje hev set det gruskare, det var 40 _60 Glas paa Laani mest paa kvar Gard, so det var no formykje av Glas for det meste, som naar det er 6 Glas paa ei Stoge, naar Ljoset kjem fraa 3 Kantar; um Stoga endaa er 12 _13 Alner paa kvar Kant, so vert det aldri fulltrivelegt. Og Bygningsmaaten er den same kor du kjem, lange smale tvihøge Glaskassur, men det er utrulegt høgt uppunder Taket. Daa er det annatslag til Hyggje i Stogurne i Østerdalen.

Det segjest, at Nordtrønderne skal vera so radikale, men det var berre Storbønder aa kalla, som hadde Magti i alle Bygder, og meir aristokratiskt og stolt Folkeslag er det vist vandt aa finna. Men slik er det, heile Vinstrepolitikken vaar hev berre voret ei Sjølvhevding av Aristokratiet i Landet, og det hev nok Trønderne skynat, dei vilde helst hava Vetoet sjølve og inkje sleppa slikt ifraa seg.

Det kann nok henda, at den som held seg byrg og sjølvgod kann koma til aa gløyma seg sjølv og Vyrdnaden sin ogso der det inkje nettupp gjeldst. Soleids hev dei endaa inkje alljamt naatt framum den gamle Æva og den gamle Skikken, som raadde i andre Bygder ogso for 20 _30 Aar sidan, at dei skal fara med og danska litevetta, den som liksom skal vera nokot meir lærd. Fælt stygt var det aa høyra, at Trønderar var snare til aa byrja svenska, naar dei vart nokot fulle.

Det er greidt, at Maalfuskingi her mykjet kjem seg fraa heile den Horgi med politiske Blad paa Dansk, som det er slik ein Flaum av her; berre innanfor Fylket vert det gjevet ut minst 7 slike. Inkje eit einaste av desse er paa Norsk. Og av Fedraheimen er det inkje mange ved kvart Posthus; hellest er det nokot Forskjel paa Bygderne ogso i so Maate.

Ein ser soleids at det ogso sit att myrke Flekker fraa Trældomstidi hjaa dette Folket, som vil vera det byrgaste og ærekjæraste i Landet. Men det kann væl no inkje vara so lenge, fyrr Trønderen ogso her vil vita aa reinska seg fraa denne nationale Skammi og hevda si gamle Ære med den Aalvor og Kraft, som høver aat so gjæve og rike Bygder.

Men hellest totte eg inkje, at Bygdamaalet i seg sjølv var so ulaglegt og stygt, som eg hev høyrt gjetet. Det er greidt, og so urimeleg lettvint, med di at dei brukar inkje meir av kvart Ordet enn det som trengst for aa skilja ut ei Meining, Endingar og slikt bryr dei seg inkje um. Det er nokot stutt og djervt ved det, og attaat so framifraa godslegt og barnslegt reint aa kalla.

I Landet vaart er det slik ein Armodsdom, at det gjer godt aa sjaa slike rike Bygder, og naar det er Storbygder med so grepalegt Folk, so er det Meistaren.


c. b. a.


¹) = Haugefolk, Tussar.