Tidender.

 
Kristiania, den 29de August.

Høgremøtet. 50 _60 Formenn fraa ymse Amsvetoforeiningar og Byvetoforeiningar hev havt Møte her i Hovudstaden. Dei kom saman ein Dag og dei kom saman tvo; men kvat dei rødde um, det er ingen som veit. Til Slutten fekk daa Folk vita, at dei hadde stiftat ei Landsvetoforeining og vedteket Lovar for henne. Og Lovarne var, som ein kunna venta det. Dei handlar um, at det skal veljast Formann og Styre og Varamenn, og at Formannen kann kalla saman til Møte og so burt etter. Til Formann valde dei Stortingsmann Stang, og til Styre saman med honom valde dei Løvenskjold (Statsministaren var), Høgsterettsadvokat Hersleb Vogt, Yngvar Nielsen og Pastor Heuch. 5 Varamenn vart og valde.

Dei brydde seg nok inkje um aa løyna Hestehoven denne Gongen.

Men det beste gjorde dei i det sama dei skildest. Dei valde ei Nemnd, som skulde taka under Overveielse, kvat som skal vera Høgres Program for komande Val.

Stakars Høgre! dei veit seg nok inkje korkje ut elder inn no, naar dei skal trengja inkje mindre enn 10 Mann til aa grunna paa, kvat dei skal gjera.


Kongen er komen til Stockholm att. Han var inkje vidare frisk, daa han reiste til Utlandet; men no skal han vera reint bra.

Dei segjer, at han gjorde Turen nærast for aa finna ei Kjæring aat ein av Sønerne sine; men det er ingen, som veit det vist.


Raaskap. Fjordenes Bladfortel, at 30te Juli fann dei millom Hundeid og Morkesæt ein Saudbukk, som var ille medfaren. Han var skoren med ein skarp Kniv tvert yver Ryggen og etterpaa hadde dei stokke ned i Saaret mest inn aat Lunga. Det saag ut for, at Sauden hadde gjenget fleire Dagar med Saaret, daa han vart funnen, og han var daa so sjuk, at det var med Naud, han var Kar for aa staa paa Beini.

At her no um Dagarne skal finnast Folk, som hev Hjartelag til aa gjera nokot so raat og styggt, det er vondt aa tenkja paa.


Ulukke. No um Tyrsdagen skulde 5 unge Gutar ro fraa Gvarv i Saude ut til Tjuvholmarne i Norsjø. Paa Vegen kantrad Baaten og tvo av dei, som i var, vart burte. Det skal nokk vera Fyll, som var Skuld i Ulukka. Ein Innsendar i Varden nyttar Tilhøvet til aa minna Formannskapet um aa leggja ved Ølhandelen ved Gvarv.


Kommunekasseraren, som rømde fraa Eidsberg, hev nok komet seg yver til Amerika. Jenta hans er reist sama Vegen.


Mange Svenskar skal vera reiste til Hestemarknaden paa Stav i Aar.


Biavlen er gamall her i Landet. Soleids fortel Professor WIlse i ei Reiseskildring, som han gav ut i 1790, at Oberst Heide i Berg i Smaaleni den Tidi dreiv med Biavl. Han brukad aa gjeva burt Bikuper til Bønderne, og mange av dei lagde seg etter Biavl.


Reliøst Vanvit. I Hunaröd, Gärds Herad, Sverike, budde tvo ugifte Systrar. Ein Dag tok dei og slog i Stykkje all Husbunaden sin og bar det og Klædi sine til Kjøkjet og sette Eld paa alt saman. Sjølve gjekk dei so inn paa Varmen, daa dei vilde ofra seg sjølva til Logen. Folk kom til og fekk dei ut; men den eine var alt so forbrend, at ho døyde strakst. Ho, som livde att, var glad for, at det hadde gjenget so med Systri og lovde, at ho snart skulde fylgja etter sjølv og. Ho vilde inn paa Varmen att; men Folk heldt henne.

Baade Systrarne skal hava voret svært snilde og godgjerande og havt stor Vyrdnad bland Folk.


Kolerasjuken. I Frankrike stend det til paa Lag no som fyrr. Men i Italia ser det stygt ut. Sotti er her og der i heile nordre og midtre Luten av Landet, og mange døyr av henne der. Ho skal og vera komi høgre upp i Alparne, enn ho nokon Sinn hev voret fyrr.


Frankrike. Nokor Semje med Kina er endaa inkje komet istand. Franskmennerne hev teket nokre Smaabyar i Kina og det er ingi Tvil um, at Kina snart laut gjeva seg, dersom Frankrike fekk fara fram, som det vilde. Men Saki er den, at dersom Franskmennerne tek ein av dei vigtugaste Hamnerne elder Byarne, so kom dei til aa verta Uvener med alle sjøfarande Magter i Europa, daa dei alle driv Handel der. Aa taka dei store Byarne fraa Landssida hev so mange Vanskar ved seg, at det snaudt kann verta Tale um det, difor trur dei Utgangen vert den, at Frankrike lyt lata seg nøgja med det, som det hev fenget. England lastar Framferdi aat Franskmennerne og held med Kina.

I Paris er det inkje vidare tryggt. Det treffer rett som det er, at Folk vert plundra. Politiet gjer alt dei kann for aa faa Tak i Illgjerdsmennerne; men det er so mange av dei, at det inkje er so greidt aa fakke alle.


Tyskland. Det ser ut for, at Tyskarne er tenkte paa aa taka eit stort Landstykkje i Vest-afrika.


Rusland. Det er like utryggt i Rusland. Rett som Politiet trur aa hava tynt Nihilistarne, kjem dei att værre enn fyrr. No i det siste hev dei røvat til seg mange Pengar.