[Tidender.] Aagrip på Mormonarar.


Hatet mot Mormonararne tek til fleire Stader i Amerika aa verta fælande stort. I Nashville i Tennessee hadde nokre Mormon-eldste drivet fælt paa med aa umvenda Folk og Hatet mot dei voks, di fleire Vener dei fekk. Her ein Sundag hadde tri Eldste av Mormonararne kallat ihop til eit Møte hjaa ein Mann som heitte Couder. Kona til denne Mannen og Son hans, som heitte Martin, og ein Mann, som heitte Hutson var tilstades ved Møtet. Braadt so kom det 25 Menn med Maskur paa i Syne frammanfyre Huset og vilde brjota seg inn i Samlingssalen; men Martin og Hutson stellte seg i Døri til aa hindra dei i aa koma inn. Ein av dei maskeklædde kløyvde med eit Kolveslag Panna paa Martin Couder, men Hutson skaut paa dei og drap ein. Daa dei tok Maska av, saag dei, at det var Gard- leigar i Grendi, som heitte David Vinsor. Dei maskeklædde skaut daa fleire Skot og Hutson datt daud ned; so trengde dei inn i Huset og skaut paa tri Mormonprester, dei tvo vart drepne med det same, den tredje fekk rømt til ein Skog i Nærleiken, men dei sette etter og drap honom og. Kona til Couder hadde fengjet fleire Ulivssaar under Kampen og andadest nokre Timar etter. Daa dei soleids hadde myrdat dei tri Mormonar, Couders Kona, Son og Hutson, for dei til ein Granne, som heitte Garret, tok ein Mormonprest og slæpte med seg til ein Skog i Nærleiken og myrdad honom. Desse Hendingar heve vekkt stor Rørsla bland Mormonarne i Amerika, og dei trur, at dei vil hemna desse Mordi. Det ser inkje ut til, at Styringi vil saka Brotsmennerne, men dei trur, at Mormonkyrkja vil senda Menn fraa Utah til Tennesee for aa faa Illgjerdsmennerne uppsøkte og refste.