[Tidender.] Juryloven.


I eit Møte i Jurykommissjonen den 4de Juli d.a. dryftade dei Spursmaalet um aa avtaka Yverretterne og innføra Jurydomstolar. Formannen, Advokat Qvam vart uppmodad til aa arbeida ut eit Lovframlegg um dette, og han hev no gjevet inn eit slikt til Kommissjonen. Etter Juryframlegget skal det verta skipat fire Landsretter for heile Riket og i kvar Landsrett skal det vera ein Landsdomar, tvo av dei aalmenne Underdomarar i Krinsen og tie Lagmenn elder Jurymenn.

Hr. Qvams Framlegg gjeng i sine Hovudstykkje ut paa dette:

Yverretterne vert burttekne.

Landsretterne skal utan Innkalling av Lagmenn treda i Staden for Yverretterne som Ankedomstol utan i desse Tilfelle:

Domar, som er avsagte av ein Underdomar saman med Meddomsmenn, skal ein innanka beint til Høgsterett.

Rettshandlingar, som er gjorte utan Stemning, og utførde elder styrde av andre Rettstenarar enn dei aalmenne Underdomarar skal ein innanka til den aalmenne Underrett.

Framleides treder Landsretterne i Staden for Yverretterne, naar det gjeld slike Sakjer som dei, Forordningen av 11te August 1797 § 19 handlar um, soframt dei enno høyrer inn under Yverretterne.