Det er langt fram.

 

(Sjaa No. 36.)

 

(Del 3 av 3. Fyrste delen.)

 

 

(Skillingen, aa hava sitt Nøgje, Livslyst).

 

 

”Det er for smaatt, det nyttar inkje, det kjem inkje nokot utav det, det kann inkje verta til nokot større lel” _ det er Talemaatar, som me brukar ofte, med di vil me velta Skuldi for Armodsdomen og Tiltaksløysa ifraa oss sjølve burt paa Landsens Lagnad og Umhøve.

 

Kor vert det av Vetrakveldarne vaare, korleids er det med det heimlege Haandarbeidet vaart (Husfliden)? Her er daa sanneleg baate Raa-emne nok og fingernæme Folk. Me maa med Skjemsla sjaa paa vaare svenske Brør, jamvæl i Skogbygderne paa Austlandet maa Folk taka ymis Trebunad radt fraa Sverike.

 

Me finn ingen serskild Hugnad i det aa vera verksame, me arbeider inkje med Lyst (som det stend i ”Bondestudentar”); det me tek paa med, gjer me anten med Von um nokor ovstor Vinning, hell fordi me er nøydde til det, skal me berga Livet. Me traar berre etter Dalaren og inkje etter Skillingen, men det er fyrst naar me kann læra aa sanka ihop Smaaskillingarne, at me kann faa Dalaren full.

 

Aa faa sitt Nøgje, det er nokot som er mest umogelegt for oss; me er inkje smaanøytne, skal eg tru; i Kravi vaare er det meir av Draum enn det er rimelege Ynskje um aa hava det me treng for aa liva. Aa raaka nokon som er nøgd med det han hev og liver sæl og glad, det skal berre vera eit Hende. Anten du kjem inn i eit Armodshol hell paa ein Vælstandsgard, so høyrer du same Klaga. Prestarne hev endaa inkje kunnat lært Folk den fjorde Bøni (um det er fordi dei inkje sjølve kann ho vil inkje eg døma). _ Dette at ein inkje skal laast vera nøgd og sæl med di ein hev, heng hellest saman med ei gomol Ovtru, som hev voret i alle Land, det Hellenarne kallad Ftonos Teon, Ovund aat Gudarne; ein skulde aldri gilda seg formykjet, for daa kunde Gudar hell Troll argast og taka det ifraa ein att.

 

Men i eit kristet Land var det daa høvelegare, at Folk hadde lært aa takka Gud, og so njota det dei hadde med godt Samvit og gleda seg i Livet, mot som det no er, det meste einn kann faa ut av Folk er Ord som so: Aa ja ein skal no inkje klaga hell, naar ein hev det og det. Her er det endaa so, at Folk held det reint for Synd aa prisa seg sæl og njota Livet, held det for Synd _ aa takka Gud, _ og meiner at dei skal liva honom verduge ved aa klaga og bera seg ille. Kvifor hev inkje Prestarne upplyst um det rette her?

 

Um me difor sit i aldri so gode Kor, so torer me likevæl inkje gleda oss ved Livet, me hev litet Vit paa aa stella det vent og hyggjelegt aat oss etter vaare Umstende, men legg alt etter eit høgre Maal som me inkje hev Raad til og etter Former, som me inkje kann andøva oss i. Eg skal berre nemna alle desse store skranglutte Bygningar paa Austlandet med tome kalde Rom istadenfor dei gamel Stogurne, der Liv og Hugnad fylte heile Huset.

 

Me er eit underlegt Folk, me liver meir for andre, for at det skal ruva og skrøyva liteveta, enn me liver for oss sjølve, for aa hava det godt og koselegt.

 

Det som Folket vaart vantar, er den fulle sanne Livslyst; ja naar den kunde vakna!

 

Her er daa sanneleg nok, som kunde kveikja den, slik Friskleik i Lufti og slikt spilande Liv, som det er i Skog og Fjell rundt umkring oss; og Sprett og Spenn finst det nok av i Folket; men av slikt kjenner me endaa berre til den ville Leik i Maaneskinsljos; spila upp reint og klaart ved Dagsens Sol hev me inkje set det endaa.

 

Ja den som inkje hev nokon Ting _ der finn du Livslyst og Kraft, men hjaa dette stive høgtidelege Vælstandsfolket finn du korkje det eine hell det andre.

 

Frå Fedraheimen 20.09.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum