Um Ordlag og Stil i Peters-brevet.
(Del 2 av 2.
Fyrste delen.)
(Slutten.)
So vert sume Spraak
i Umsetjingi mi samanliknad med Høyems Umsetjing i Katekjes-utgaava
hans av 1874. Det høver no so undarleg til, at det var eg, som den
Gongen gav ut denne Katekjesen. Det gjekk daa Brev Høyem og meg
imillom um sume Spraak, som eg ynskte, han skulde brigde i Umsetjingi
si, og naar eg no leiter etter, ser eg, at fleire av dei i
Bokmeldingi nemnde Hermur høyrer til dei, eg ikkje fekk etter
Ynskje. Det namngjetne Spraaket um Daupen (3. 21) hadde eg den Gongen
umsett soleids: han er ikkje Kjøts Tvætting fraa Ureinska, men
godt Samvits Tilsvar til Samlag med Gud, grunnad paa Jesu Kristi
Uppattreising. Mit Skyn paa Tydingi av dette merkjelege Spraak er
no nettupp det same som den Gong; eg kunde lika vel raada Høyem til
aa taka det i si aalkjende gamle Form i ei sovoren Bok som ei
Katekjes. Men her er det ein annan Sak. Eg kann her ikkje ganga
næmare inn paa Tydingi; men den einaste
spraaklege
Rettleidingi som Grunnskrifti giv, ligg gjøymd i Samsvaringi av dei
einskilde Led: Kjøts
_
godt Samvits;
Fraaskilnad
_
Tilspurnad;
Ureinska
_
som gjeld Gud; og den Samsvaringi skulde ei god Umsetjing ikkje gjera
til inkjes. So lengje den ikkje er skynande, er det ingen Ende paa
alle dei Tankar, ein kann gjera seg um, kvat som ligg bakum desse
Ordi. Ordet Mannaskapnad som og er ankad yver, hev eg sett med
Vilje; det er nettupp lika tvitydigt som det greske. Goszners og
nokre Utgaavur av Luthers Umsetjing hava umsett: kvar og ein
menneskjeleg Skapning (jedes menschliches Kreatur). Det er ikkje
helder tankelaus Herming at eg umsett: Krist hev lidet
aatoss. Eg hev nyttad for alle
Stader, det gjekk an utan Misstyding t.d. 2, 24; men eg er viss paa,
at naar det vert leset um Krist, at han hev lidet
for
os, so vert det teket, som um det stod istaden for os; og
det stend inkje so.
Det stend; oss til Beste (elder Bate). Den Tanken ligg i aat,
og det er ikkje verre Norsk aa segja han hev lidet aat oss, enn
han hev gjort det aat oss. Det er berre det, som støyter, at
me er ikkje vane aa sjaa Ordetlida i det Samanheng; Spraaket
forbyd det inkje og Tanken fær ein venja seg med, um ein inkje er
van med han fyrr.
Etter alt dette
tykkjer eg, at Domen yver den unorske Stilen og Ordleidingi i
Umsetjingi mi er berre liksom ein Anke yver at ho er
Umsetjing.
For det er nokot, som kvar den veit, som hev arbeidd med aa umsetja,
_
og
iser fraa dei daude Spraaki
_
at det fylst jamt nokot framand med ei ordgrann Umsetjing, solengje
ho ikkje vert heiltupp fri
Umskrift.
Og det maatte det verta til, so framt Apostlarne, som Bokmeldaren vil
skulde tala norsk Maal i norske Former. Inkje berre Ord og
Setningar men sjølve
Tankebygnadenmaatte gjerast um paa. Dei same
Tankarne maatte klædast i norsk Ham. Men dette hev enno ingen vaagat
aa gjera med Apostelskrifti; Andsvaret for aa segja anten for myket
elder for litet, naar det skulde snuast allt ihop, vilde vortet for
stort. Det er knapt gjort med nokon annan klassisk Bok helder.
Og det som eg hev høyrt fraa andre Kantar um Norskdomen i Maalet,
gjer og, at eg kann taka med Ro det, som Bokmeldaren hev aa segja.
Men han skal lika vel hava Takk fordi eg hev fengjet høyrt Meiningi
fraa den Kanten av Landet ogso.
Eg gav ut Umsetjingi
mi med den Tanken, at so, som eg hadde fengjet henne til, skulde ho
vera skynande
_
med Umgripet attaat seg,
_
naar Folk las henne med nokon Ettertanke. Ho skulde daa so vidt
mogelegt kunna upplysa um, kvat som stend skrivet og kvat som Folk
kanskje hava tenkt seg, der stod, men som ikkje finnst. Men ho er
inkje
_
som Bokmeldaren tykkjest aa tru
_
etlad til aa vera ei folkeleg Uppbyggjelses- og Upplysningsbok i den
Meiningi, at naar berre Folk vilde setja seg til aa lesa, so skulde
alting vera so klaart og greidt som Fot i Hose. For Bibelen er sjølv
ikkje slik; hev aldri voret etlad til det Bruket, ikkje eingong hos
dei, som hadde Grunnskrifti til Morsmaal og skynte henne betre enn me
no gjera. Liksom det er Guds-lyden sine Fyrestandarar og Skriftkloke
som alle Dagar hev boret Vitnesmaal um, at den Skrifti, me no kjenna
og vyrda, er den rette Apostel-skrifti, soleids er det og dei, som
hava Umbod aa tyda henne etter sit best Skyn og samhøvelegt med den
Trui, som heile Guds-lyden eig og kannast med. Men at kvar ein, som
hev teket ved Trui, skulde vera fullboren til aa lesa og skyna paa
eigen Hand alt som skrivet stend, berre han kunde stava, det hava me
slet ingen Lovnad paa. Peter segjer tvertum: at hos hans elskede
Bror Paulus finst det sumt, som er svart aa skyna, og som dei
Ukunnuge og Ustøde snur liksom Skrifterne hellest til deira eiget
Forderv. Det gjeld den Dag idag, so me skulde ikkje utan vidare
tenkja so i vaare Dagar, at Bibelen forklarer sig selv, etterat
meir enn tusen Aar hev boret Vitnesmaal, at det gjer Boki inkje, men
ho vert tydd gjenom Guds-lyden sit Liv i Tru, Haap og Kjærleike og
gjenom hennar Skriftkloke sin Munn. Eg trur difor, at det er reint
galet aa lata Folk tru, at um dei aldri skyna annan Lesnad, so skyna
dei imindsto elder skal lest aa skyna alt, som stend skrivet i
Apostelskrifti. Er det so, so er det lika vrangt aa klaara henne
soleids av paa eiget Andsvar, at Folk liksom misser Teven av, at ho
famner Livs-tankar so høge og so djupe som Himmelen er yver Havsens
Botn. Det er helder paa Tide, at dei faa skyna, at det trengst baade
Trui sit Liv og strengt Tankearbeid attaat for aa trengja igjenom
litet grand av den Tanke-skatten, som Guds-lyden hev fengjet med paa
Vegen til den Heimen, der alt som er myrkt skal klaarast, og alt som
er gjøymd skal opendagast. Eg trur Folk har godt av aa verta sette
framfor ei Umsetjing, som giv dei litetvetta Syn paa, at det finst
sumt, som er so djupt og myrkt, at dei kann berre sjaa det som i ei
Dimma. Det giv Hug til aa arbeida seg vidare fram, og av sovoret
Arbeid vil deira aandelege Liv berre faa Vinning og Bate. Skodda skal
nokk kverva burt, naar Guds-lyden si Livssol stig høgre, Livs-varmen
og Lvis-ljoset vert sterkare.
A .
M
. St. Arctander
.
(
Svar.)
Publisert