Fraa ei Fjellbygd.


(Brev.)
 
(Del 1 av 3.) 


I.

Vinstreprogrammet er det kje so mange som likar endaa. Jamvel gode Vinstremenn er misnøgde med det. Fyrst er det no dette, at Sparsommelighed i Statshusholdningen kjem slengjande i Enden liksom eit annat Rek. Det skulde avslut staa fyrst av alle, helst som Motto over heile Programmet. Er det nokot Folket hev lært i dei siste Tider, so er det, at det gjeld um aa vera nøgjen med Landsens Pengar. Det gjeng ikkje aa halda paa aa søkkja seg ned i Skuld, so Rentur og Rentur av Renturne tek ein god Part av Landets Innkomur. Det lyt helder gaa nokot seinare med Framgangen, naar det berre gjeng med upptente Pengar. Aa laana seg fram batar liksolitet Staten som den einskilde Mannen. Det er vondt, at gamle Jaabæk hev sviket Skillingspolitikken. Han kunde vel stundom vera altfor rædd for aa segja Ja, naar det var Tale um aa gjeva ut Pengar til ymse nyttuge Ting for Landet; men i det store hadde vist Folket stadet seg best, um Jaabæk oftare hadde fenget Fleirtalet med seg enn han gjorde. Og liksom no paa siste Ting, daa han var med og gav Kronprinsen 50,000 Kronur attaat dei 30,000 Kronurne han hadde før! Det var for mykjet av det gode, og mange av Jaabæks gamle og trugne Vener vil snaudt kunne tilgjeva honom dette. Men um Listermannen hev fallet ifraa, so er ikkje den sparsame Politikken uppraadd for det. Han hev snaudt havt so mange og so trugne Vener nokor Tid som no. Og slik er det stødt med ei god Sak: naar Vener fell fraa, kjem det andre til. Difor døyr ei slik Sak aldri. Og det er ogso det beste Merkje og Prov paa, at ho er god.

Det er kje for ingenting, at Høgre no hev teket til aa preika um aa passa paa Statspengarne. Det visar, at dei kann læra, trass i at Vinstre meinar nokot annat. Er det aalvorslegt meint av Høgre, so er det eit stort Framstig, som vil skaffa det mange nye Menn millom Smaafolket her i Landet. Og hadde Styret for Lands-Visntreforeiningen røynt det Aalmenningen røyner dags dagleg fraa Morgo til Kveld, so hadde nokk Sparsommelighed i Statshusholdningen fenget ein annan og betre Plads paa Programmet.

So er det Næringsveienes Udvikling som kjem so altfor langt uti Rekkja. Dei burde vel ogso hava ein av dei fyrste Pladsarne. Og dette ikkje minnst no, daa dei hev voret gløymde so lengi. Ei Regjering kann hugheilt krevja og bruka Pengar til Framhjelp av Landsens Matvegjer. For den Skuld tarv ho ikkje ræddast for aa faa nokor Mistillitsadresse langt mindre ein lavet Rigsretsdom. Gamle Stang hadde mange imot seg paa det siste og fekk mang ein hard Dom yver sine Avgjerder; men hans verste Motmenn gav honom Lovord for hans Stræv med aa hjelpa upp Matvegjerne. Og det vil aldri verta gløymt; Noregs Soga vil gjøyma Namnet hans for komande Ætter berre av den Grunnen. Det er Matsuti, som driv so mange til Amerika. Og fyrr det vert gjort nokot i dette Stykke er det kje Von um aa faa minka paa den store Utvandringi, som i dei siste Aar hev arma Landet so fælt. Og naar ein ser, kva Landet gjev ut um Aaret til Upphjelp av Matvegjerne, so er det syrgjelegt lite. Som t.d. til Jordbruk og Kreturstell, som er det vigtugaste. Jammerleg lite er det, og mindre ser det ut til det skal verta. Fesjaai, som Landet hev gjevet Pengar til, skal no hjelpa seg med det, dei einskilde Bygdarne kann gjeva ut til det. No kjem det an paa berre Fleirtalet i ei Bygd, um det skal verta Fesjaa elder inkje. Det kann gjerna verta til inkjes berre for ein Mann Skuld. Og det er syrgjelegt ille naar ein veit, at Fesjaai er godkjende av alle som serumslag nyttuge for Landet.

Og kva gjer Landet for aa hjelpa til, at jordi vert uppdyrka? Ingenting desverre. Det gjev regtignok nokre Pengar til ein Jordbrukskule og so løner nokre Amtsagronomer. Men Nytte av dette kjem liksom burt av seg sjølv; ingen ser att nokot av det Stellet med desse Skularne og desse Agronomarne. Og dette er kje det verste endaa. Men naar ein Mann med trottugt Stræv og stor Kostnad hev fenget dyrka upp Garden sin so han gjev av seg nokot meir enn før, so kjem nokre Menn i Embeds Medfør og gjeng og sviv utyver Garden og spør Mannen, kva han fær av Garden no, og kva han fekk før, og naar dei daa tek Avskil med honom, so fær han vita, at Garden hans skal faa so og so mange fleire Dalar i Skyld. Det er Hjelpi. Og ho er so liti, at Mannen ikkje eingong synest det er verdt aa takka for henne. Tru det skulde kje vera likeso godt og til større Bate for Landet i det heile, um Staten gav nokre Pengar i Aaret til Folk, som vilde bruka dei til aa dyrka upp Jordi med, gav dei rentefritt og med smaae Avdrag um Aaret? Det er mange som trur det.

Og so er det ein annan Ting, som er likeso ille til aa gjera Livemaaten dyr her i Landet. Og det er den fælskelege store Tolli paa alle Ting, liksovel dei naudturvelegaste som dei, som berre er til aa stasa seg upp med for fine Folk.


( Meir.)