Fritenkjarskapen


et truleg um seg, og endaa skjotare vil det væl ganga heretter. Mest merkjer ein det paa Ungdomen, som kjem til Kristiania paa Lære. Ein skulde meina at Kristentrui var nokso godt rotfest i slike, men det er inkje lenge fyrr ho ligg der, dei kastar Trui mest likeso fort som den heimegjorde Trøya. Dei evnerike vert snart full av Tvilar um alle Ting, berre dei fær ei Teft av den nye Lærdomen og vert naturleg fælt radikale i det daa med det same, og preikar fælt imot Kristendomen. Dei som hev mindre Evne vil inkje standa til bakars, som Voni er, og dei fylgjer med.

Paa Bygderne er det endaa inkje so mange, som er openberre Fritenkjarar, som vilde vera leidt for Skuld Umdømet av Mugen, men det er daa ein stor Del, som hev det Draget i seg; men det vil væl koma snart fram. Allvist Folk av Høgreflokken løyner det væl, og finn at det løne seg aa vera til Vens med Prestarne, som dei daa igjen kann faa bruka til politiske Fyremaal. Men skulde det koma større Liv og Rørsla i Kristendomen, soleids at Tyngdi vart liggjande hjaa Folket, og Prestarne inkje kom so høgt upp, daa skulde De sjaa ei merkjeleg Svinging soleids at Vinstre vilde dylja meir og Høgre setja Fritenkjarskapen klaart upp paa Programet sitt, daa ein sterk livande folkeleg Kristendom vilde vera deira verste Fiende. Det er væl ingen Tvil um annat enn at Fritenkjarskapen ogso trivst best millom dei store og rike, for slik som han no er, er han mykje aristokratisk, um det er hjaa Vinstre ogso.

Det er vist faafengt Arbeid aa freista vilja stansa denne Straumen, for det er Spreng i honom som ein Naturlov. Og ingen kann negta at det er denne Straumen, som no ber Kulturtankarne, so det vilde likna Sjølvtyni aa stagga og øydeleggja Bøker av dette Slaget hell meinka Ungdomen i aa lesa dei. Til fortare det gjeng, til fyrr fær det gjort ifraa seg. For det er klaart, at den neste Vindflaga att kjem til aa verta overlag kristeleg, slik skiftest Straumdragi i Tidi. Eg fæler meir for at Kristendomen vilde verta for streng daa enn for mild. Rimelegvis vil dei hardaste Fritenkjarar no verta dei strengaste Pietistar hell Metodistar, soframt dei liver so lenge.

Det stend no til alle vituge Kristne i Landet aa verka til, at dei Tider kann ovra seg fyrr og aa jamna Yvergangen, so dei inkje kjem braastøytande paa oss til Skade baade for Mann og Samfund.

Dei skal paa ingen Maate halda seg sjølv burte fraa dei nyare Skrifter hell lesa dei berre med den Meining aa motstrida alt som stend der, men lesa for aa læra, so dei kann koma i Jamnhøgd med Kulturen i den Tid som no er, daa fyrst vert dei føre til aa taka Taumarne paa dei Tider som kjem.


j.