Gjenteskulen i Sogndal.
(Brev.)
Eg hev lenge tenkt at
fortelja deg korleids eg likad meg paa Høgskulen i Sogndal i Sumar,
men det hev ikkje vorte nokot av; fyr strakst me kom heim av Skulen
byrjad dei aa slaa. Eg fekk det daa so travelt, at eg laut berre vera
glad, at eg med andre fekk Helsing fraa deg kvar Gong du kom
ruslande.
No fær Utarbeidet til at
minka, og her vert meir Tid at samla Tankarne.
Skulen sluttad den 16de
Juli med ei liti Fest med Talur og Song. Skulen hev varat i 3
Maanader (fraa 17de April). Der var 33 Gjentur paa Skulen.
Ja det var tri
hugnadlege Maanadar at sitja inne i den store Skulestova og sjaa
utyver den blanke Viki med Soli skjein og Gauken gol saa det glimade
borti Storhaugen og Læraren stod paa Talarstolen og fortalde um alle
Stormenn, som hev faret der; ja eg tykte plent det var som eg saag
dei gamle Nordmenn for Augo mine. Og saa naar Styraren hadde Fyredrag
um dei store Diktarne vaare
_
det var Mann, som kunde kveikja upp Ungdomen.
Ja det var hugnadlege
Timer darinne paa Helgheim alt ifraa fyrste Stundi eg kom der; der
var alt so rolegt, der kvilde en slik Fred, og den friske og lette
Lufti liksom strauk meire mildt um Panna mi enn paa nokon annar Stad,
alt derinne fyrekom meg so kjendt, som um eg hadde ruslat der i heile
mitt Liv; Lærararne tok mot os, og me var som gamle Kjenningar; og
Folket, som me hadde Husely hjaa, likaeins; alt gjorde det Inntrykk
paa meg, at soleides maa det vel verte fyrr me kann segja, at
Brorskapstanken hev vakset seg sterk i Folk att.
Ja eg maa segja at dei var
hugnadlege, alle Timarne i Soga, Song, Grammatikk, Hagestel og
Handgjerning, alt er fyr meg like ugløymande.
Ja reis paa Folkehøgskulen
alle som kann koma dit, eg trur, at fleire med meg vil sanna, at det
var godt at anda inn nokot av det friske Aandslivet, som vert utsaatt
paa Helgheim.
Saa skjøn en Drøm ei
findes
som den paa kjendte Strand
om Arven, som skal vindes
i Aandens Fedreland.
Ja ta Dykk fri den korta
Tidi alle norske Gjentur, so mange som paa nokon Maate kann, tenk paa
at det vert Dykk til mykje Gagn i Livet.
Ei Skulegjente
fraa Ytre-Holmedal
.
Publisert