Fraa ei Fjellbygd.
(Del 3 av 3.
Fyrste delen.)
(Slutten).
Med det same vil eg
umtala ei onnor Sak, som mange hadde venta aa finna paa Programmet.
Og det undrar meg, at ho ikkje er medteki. Ho er vistnokk ikkje voret
nokot større framme i Bladi elder i Ordskifti paa Folkemøte. Men ho
er likevæl dryfta slik Mann imillom, at snaudt nokon onnor Sak med
Undantak av den Absolutvetogreida hev voret so mykje umrødt utover
Landet. Og det er nokk Vetopolitikken si Skuld, at ho ikkje hev vorte
haldi meir framme i det offentlege Ordskifte. For Aalmenningen ligg
det liksom i Lufti, han kjenner det paa seg, at det er formange
Embætte her i Landet. Og her er Saki: Ei Minking av Embætte. Etter
Folketal og Livemidlar er det nokk ikkje nokot Land paa Jordi, som
hev so mange Embættesmenn som Norig. Og so mange som lite og
ingenting gjerer for den store Løni. Naar eg segjer formange
Embætte, so er det Meiningi, at det finnst Embætte, som ikkje er
naudturvelege; av andre, til Dømes Lækjarembætti, er det vist
altfor faae. Her ein Dagen trefte eg ein Mann, som Folk kallad for
Veiinspektør. Ingen viste, kva godt han gjorde, men alle hadde
Greide paa, at han hadde god Dagløn for aa kjøyra seg sjølv
kringum Bygdarne. Tru dette er kje ein, som det kunde vera det same
um? Iminsto segjer Folk her, at Arbeidet hans er lite og inkje. Og i
vissa kunne kvar ein aalmenn upplyst Bonde greida den Tingen
liksogodt som han. Kvifor ikkje lata Lensmannen kjøyra Storkar? Han
gjorde for Fjordeparten av Dagløni? Elder kvifor ikkje lata
Rotemeistaren gjera det? Han vilde greida det likeso godt for Kosten.
Nei var det likt seg, segjer dei. Rotemeistaren og Lensmannen maa
kontrollerast. Og det skal daa Veginnspektøren gjera. Godt og væl.
Men kven skal so kontrollera honom att? Der maa avslut ein til det
og; for det er vittarlegt, at Veginnspektøren ikkje kjøyrer berre
paa dei største og finaste Vegjerne. Paa dei som det skjek litt i
Kjerra kjem han mest aldri. I Bøkarne sine kjøyrer han vel Bakkar
upp og Bakkar ned; men dette er so lite aa betala for, tykkjer
Folket.
At det endeleg skal
vera ein Storkar, som hev aa sjaa etter Smaating, som kvar
annan Mannen kunna gjera likso godt, kjem vel av den gamle Mistru til
Bøndernes Dygtighed. Me veit, at Landsfaderen ned i
Kjøpenhavn sende mange Futar og kva det no var, her upp til Landet
for aa hava Tilsyn med, at Folket var snille Born. Og mange slike
dregs me med enno. Men daa me ingen Landsfader hev lenger, so
kunde det kanskje vera paa Tidi, at me slapp nokre av desse
Tilsynsmennerne og.
_
Men det er Kontrolleringi som maa til. Me hev t.d. ikkje so lenge
sidan fenget Skoledirecteurer. Dei hev ei bra Løn. Og Arbeidet
deires er aa sjaa etter, um Lærararne gjer si Plikt. Some meinar, at
Læraren hev mange nokk til aa sjaa etter seg, um ikkje desse
Skoledirecteurerne var. Han hev Skulekommissjon, Prest, Prost,
Bisp, Stiftsdireksjon og Kyrkjedepartement. Tru dette ikkje kunna
vera nokk. Er Læraren slik ein Hardgjeire, at han ikkje let seg
bøygja av alle desse, so munar det vist ikkje for ein Skuledirektør
heller. Dei synes kje aa vera so fusne paa Karstak med Læraren
heller desse Kararne; for det er sjeldan, at dei vaagar seg inn i ei
Skulestoga. Og gjer dei det av og til, so hev dei Presten med seg;
aaleine vaagar dei seg ikkje til. Hell tru det skulde koma av, at dei
hev Løn for aa halda Prestarne med Selskap? Det er mange, mange, som
trur det og.
Eg skal ikkje denne Gongi
nemna fleire Embættsmenn, som synest aa hava so lite aa gjera. Men
det er nokk av dei; altformange, so ein vist ikkje maatte hava vonde
Stunder, um ein skulde hava fatt i alle. Og det er vist, at Folket no
snart vil faa ei Greida paa dette Utal av Embættsmenn. Saki hadde
godt kunna voret medteki paa Programmet. Og ho vil kannhenda koma der
enno.
3 Oktober 1884.
Publisert