Klokka.



(Etter Iwan Turgeniew. )
 
(Del 10 av 13. Fyrste delen.

(Framhald.)


XIX.

Baaten kom til Lands, og David vart boren ut, men han rørte seg inkje. Hender og Føter var utstrekte, Andltiet kvitt og Augo attletne.

Mannen som hadde dregjet honom upp, fortalde skjelvande av Kalde, korleids det hadde gjenget til.

_ Eg skynad at nokot var paa Ferde; og nett so ser eg eit ungt Menneskje kastar seg utyver Brui. Eg spring det fortaste eg kann langs med Elvi, og der ser eg nokot svart; det maa vera Hovudet aat Guten, tenkte eg, og skaut meg aat, og korleids det sidan hev gjenget, det hev De sjølve set.

Og no var det Spursmaalet, korleids me skulde stella med David for aa faa Liv i honom; sume sagde me skulde hengja honom upp etter Føterne, so Vatnet fekk renna utor Munnen, og sume sagde at me skulde leggja honom tvert yver ei Tunne. Me viste inkje plent, anten han var død hell livande, men endeleg fekk me sjaa Livsteikn. Og so fekk me fat i ei Matte og bar honom heim. Han vart avklædd straks og lagd i Sengi. Og han tok til og røra paa seg, leda Armarne og gjeva Ljod, og det varde inkje lenge fyrr han sansad seg. Men daa det var augsynt, at all Faare var yverstaden, og den Otten gjekk burt, daa braut det ogso laust. Alle skjemde honom som den argaste Brotsmann.

_ Gud straffe denne raudhærde Knikten _ ropad Farsyst, so det skrall yver heile Huset. _ Take Dykk iagt for honom, hellest dreg han Dykk i Ulukka. Hev nokon høyrt Maken til Gut! Fyrst stel han Klokka, og sidan kastar han henne i Vatnet, paa di at ingen annan skal faa Tak i henne hell. _ Og slik heldt dei paa alle saman.

_ David _ spurde eg, daa me vart tvo-eine _ kvifor var det, at du gjorde dette?
_ So du og trur daa _ sagde han med veikt Mæle, han saag fælt bleik ut og Lippurne var blaae _ kvat er det daa eg hev gjort, som er so ille?
_ Ille? Inkje det nettupp; men seg meg, kvifor var det daa, at du kastad Klokka i Vatnet?

_ Eg kastad Klokka i Vatnet? Eg miste Jamnvigti og kunde inkje standa paa Rekverket, det er alt. Du trur daa væl inkje du ogso, at eg hoppad i Vatnet med Vilje? Men hellest er eg glad yver ein Ting, at me no daa endeleg er kvitt Klokka.

Sagte og med høgtideleg Mine kom Far inn i Romet.

Fyrst vendte han seg aat meg: _ Ja deg skal eg no tugta, so du skal minnast det, det segjer eg deg.

Og dermed snudde han seg aat Sengi til David.

_ I Sibiria _ tok han aat _ i Sibiria, langt uppe i Bergverki, der liver og døyr det mange Menneskje, som hadde mindre fortent ei slik Straff enn du. Segj meg, kvat eg skal halda deg for, anten Tjov hell Røvar?

_ Eg er korkje Tjov hell Røvar _ svarad David _ men det som er Sanning, skal vera Sanning. Dei sender hellest Folk til Sibiria, som er mykje likare, hev gjort mykje meir godt enn baade du og eg. Kven veit det betre enn du?

Det var berre med Naud at Far heldt seg, men det syntest paa honom, at han vart fælande vond; han steig attende og vart standande og einstira paa David. Endeleg gjekk han ut or Romet.

_ Ja det trudde eg, at slikt Spraak likad han inkje _ sagde David, daa Døri var att.

Han freistad aa reisa seg upp i Sengi, men var inki god til det. Han drog ein Sukk, og seig nedpaa igjen.

_ Eg maa væl hava gjort meg eitkvart Mein _ sagde han. _ Ja eg minnest ogso at Straumen førde meg mot ein Stein.

Um ei Stund vende han seg aat meg. _ Hev du set nokot til Raissa?

_ Nei eg hev inkje set henne _ jau bi litt, var det inkje ho daa tru, som stod tett framved Elvi i ein svart Kjole og med eit gult Turklæde paa Hovudet.

_ Hev du inkje set henne sidan?

_ Sidan? Eg hugsad inkje paa nokot annat enn deg. Daa du sprang i Vatnet _ David braut meg av: _ Kjære deg, spring stad og treff henne, fortel, at det stend væl til, og det gjorde inkje meg det Grand. Imorgo vil eg vitja henne. Kjære gjer meg den Tenesta og gakk til henne.

David rette Henderne ut og bad meg so inderleg, at det var umogeleg aa standa imot.
Eg tok Hatten min og gjekk ut; men eg torde inkje møta Far, difor stelte eg meg slik, at han inkje fekk sjaa det.


( Meir.)