Skitne Talerkenar.
Eg kom igaar til aa
gløsa nedi eit lite Hefte av Kristeligt Husbibliothek. Det
inneheldt ei Forteljing med Fyreor av Sokneprest Dr. E. F. B.
Horn. Eg tok til med Fyreoret. Han likad Boki
godt; god var Boki i seg sjølv, og godt var ho skrivi, og det var
det same som aa bera fram gode Retter paa fine Talerkenar. Det er
sant det, tenkte eg og las vidare: Jeg nevner dette, fordi man hos
os lever i den misforstaaelse, at naar der skal holdes bøn,
formaning o.l. saa kan man gjerne bruge et plat, hverdagsligt sprog
(t. eks. sige bedrøva istedetfor bedrøvet), hvilket ikke er
andet end at bære et smukt offer frem paa en skidden talerken.
_
Ja so stod der; eg las det uppatte og uppatte. Eg maa lesa galt,
tenkte eg; men det hjelpte inkje; Meiningi var so klaar, at eg inkje
kunne taka feil. No ja, der var ingi Raad med det. Det var Sokneprest
Dr. E. F. B. Horn, som sagde det, og daa var det vel sannt.
_
Det maatte vera leidt for Vaarherre daa, tenkte eg, alle dei Bøner
som Folket utyver Bygderne rundt heile Landet ber fram aat deg, det
er som Mat av skitne Talerkenar! Var det endaa kleine Retter, so
laut det endaa so vera; men no veit me alle, at
der er mykjet Folk utyver Landet, som i si Einfald bed av eit ærlegt
Hjarte; men kva hjelp det, naar desse Bønurne vert utskjemde paa
Vegen? Ja Sokneprest Dr. E. F. B. Horn segjer det.
Ille er det no for
Vaarherre aa høyra Bøner paa det raae Maalet aat den raabarka
norske Bonden; men kva skal han segja, naar Finnen og Lappen og
Eskimoen kjem snikjandes fram for Herrens Altar utan ein Gong aa bea
um Orsaking for, at dei river sund Vaarherres Øyra med sine
Kraakemaal, og skjemmer ut dei fine Retterne; der dei kjem stabbandes
med dei paa sine fæle Fat? Og Pisjeræarne daa, og desse
Sudhavsbuarne, som eet Folk og raa Fisk og berre hev som ei
Griselæte! Nei lat oss inkje snakka um det. Sokneprest Dr. E. F. B.
Horn kann snart falla i Uvit, stakkar. Han hev for fint Øyra til aa
tola slikt. Kor det so er med Tyskaren, Engelsmannen, Franskmannen og
alle desse hine veit eg inkje. Dei brukar no inkje
danskdei helder; men rimelegt so er det no
inkje so galet som med Norsken. Ja sæle er Danskarne, som hev slikt
eit vent Maal, at dei inkje treng um aa skjemmast for aa lata
Sokneprest Horn høyra dei bed til Vaarherre! Men du norske Bonde,
kvar skal det bera av med deg og dine skitne Talerkenar? Du hev vist
inkje mykjet aa venta av dine Bøner alvist medan Horn liver. Og
Sokneprest Dr. E. F. B. Horn, alt han hev kristen Kjærleik i seg, so
bør han fara ut i den vide Verdi og reinska Talerkenarne aat alle
dei, som inkje kann snakka med sin Gud paa
_
dansk! Han vilde daa gjera
Sælebotsgjerd.
Ja Horn han veit korleids
det skal vera han.
Eit Aalvaarsord attpaa.
Skal Prestestandet vaart
framleides halda paa aa gaa baklengjes som det hev gjort til dessa,
vil me inkje venta so lengje paa ei Umstøyting i Statskyrkja. Skal
Kristenlivet verta eit slikt Dogmeliv og eit slikt Formende som
Prestarne vil gjera det til, ja so reint SkaftiNatti, at ein inkje
eingong skal kunne bedaVaarherre paa sitt Morsmaal, ja daa vil det og
maa det snart verta Aalvor av dette Lausesnakket um Statskirkens
Opløsning, og daa vil det helder inkje vera mange, som feller
Taarer, naar Statskyrkjeliksalmen vert sungjen.
R.
Publisert