[Tidender.] Norsk Kvindesags-forening


vart stifta 28de Juni iaar. Innmot 200 Menn og Kvende fraa alle Kantar av Landet bed no Folk skriva seg inn i Laget.

Dei minner um, at det er langt fram for Kvendi endaa. Dei menner Gjenteskularne, betre Løn for Arbeidet aat Kvendi og Framhjelping av henne til alle Stillingar, som hennar Evne og Kunnskapar krev det. Eigedomsretten aat Kjeringar maa sikrast, det maa verta lettvint aa faa Sereige. Og Tidi er det no vistnok aa reisa Spursmaalet, um det inkje er rett og gagnlegt, at Kvendi vert høyrde ved Avgjeringi av ymse Samfundsgreidur. Millom vaare Landsmenn paa Island og i Amerika likesom i Sverike, Finland og fleire Land hev Kvendi fenget Røysterett i Kommune-saker, og i England hev dei som Medlemer av Skule- og Fatiknemnder verkat til stort Gagn.

Dei er meinte, paa aa arbeida for Saki ved Fyredrag, Ordskifte, Utgjeving av Smaaskrifter, Stifting av Smaaforeiningar o.s.v.

Alle kan verta Medlemer av Foreiningi, naar dei betalar 2 Kr. i Aarspengar. Innmeldingar skal sendast til Kasseraren Anna Welle, Møllergata, Kristiania.